Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Innlegg av Jens Stoltenberg, statsminister i Noreg, under eit arrangement i regi av FN om REDD+

New York, 24. september 2009

Generalsekretær, eksellensar,

Om ti veker skal vi møtast i København.

Vi skal møtast for å stake ut ein ny kurs.

Ein kurs som fører til at dei globale utsleppa av klimagassar vert reduserte.

Ein kurs mot ei framtid med låge karbonutslepp.

***

Avskoging står åleine for nesten 20 % av dei totale utsleppa av klimagassar i verda.

Dersom vi skal lukkast i kampen mot klimaendringane, må vi difor lukkast i å redde skogen.

Dette kan vi klare med ein samla innsats frå alle dei som er samla her i dag.

Innanfor ei rimeleg tidsramme.

Til ein rimeleg pris.

Her vil eg få rose det viktige arbeidet som er gjort av den uformelle arbeidsgruppa for midlertidig finansiering.

***

Dersom vi skal lukkast, treng vi godt samordna global handling.

For det første treng vi internasjonale standardar og støttemekanismar for å måle, rapportere om og verifisere utslepp frå avskoging.

Vi er allereie godt i gang med dette arbeidet.

UN REDD-programmet er eit av dei viktigaste verktøya vi har.

For nøyaktig eitt år sidan i dag var eg så heldig å få lansere dette programmet her i New York saman med generalsekretær Ban.

For det andre må vi skape opne og resultatbaserte økonomiske incentiv.

Det brasilianske Amazonas-fondet er eit glimrande eksempel på korleis dette kan gjerast.

(Eg vil nytte høvet til å rose president Lula for leiarskapen han har synt.)  

For det tredje må dei rike landa tilby romslege og pålitelege økonomiske rammar.

Med tida må vi òg leggje til rette for at det private næringslivet kan bidra.

Desse tre elementa må liggje til grunn for ein ny mekanisme som skal brukast til å redusere avskoginga i verda.

Med utgangspunkt i desse elementa har Noreg fremja eit forslag for dei FN-leidde klimaforhandlingane om oppbygginga av ein slik mekanisme.  

Vi må sikre at det vert teke med ein avskogingsmekanisme i den nye klimaavtalen som skal forhandlast fram i København.

***

Mine damer og herrar,

Dei største, raskaste og mest kostnadseffektive reduksjonane i globale utslepp av klimagassar som kan gjennomførast per i dag, får vi ved å redusere avskoginga.

Vi har alle ansvar for å gjere vår del.

Noreg vil gje USD 500 millionar kvart år som skal gå til å redusere avskoginga.

Lat oss samarbeide om å redde den tropiske regnskogen i verda og dermed bidra til å avgrense klimaendringane.

Takk.

Til forsida