Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Tale av Jonas Gahr Støre, utanriksminister i Noreg, til generalforsamlinga i FN, 64. sesjon

New York, 29. september 2009

President, vørde utsendingar,

Dei siste vekene har vi sett at denne forsamlinga har fått fornya autoritet, og at medlemene på nytt trur på og arbeider for at multilateralt samarbeid kan og må fungere.

Den nye tonen vi har høyrt frå USA her i New York, syner at landet no vel å bruke ordets makt, i staden for å setje militærmakt bak orda, og strekkjer ut ei hand til dei som er villige til å opne knyttneven.

No må vi alle gripe denne sjansen. Alle land – sjølv dei minste og svakaste blant oss – kan gjere ein forskjell. Når vi skal byggje bruer, må vi byrje her og no, med det utgangspunktet vi har, alt medan vi saman strevar med finans-, mat-, energi-, klima- og helsekrisene.

Det må gjerast ein ny innsats for å løyse fastlåste situasjonar. Til dømes må det handlast resolutt for å skape fred i Midtausten og kome fram til ein fredsavtale som kan danne grunnlaget for ein palestinsk stat som lever fredeleg side om side med Israel. 

President,

Førre månaden besøkte FNs generalsekretær norsk Arktis for å sjå på konsekvensane av global oppvarming.

Når møtet i København no nærmar seg, må vi få fart på forhandlingane. Det må setjast opp nasjonale utsleppsmål for alle i-land. Store og meir avanserte u-land bør forplikte seg til målbare, rapporterbare og verifiserbare tiltak. Utsleppskutt som kjem som følgje av at regn­skogen blir bevart, må institusjonaliserast, slik REDD-prosjektet fastset, og dei må finansierast og takast med i ein ny avtale.

Spørsmålet om finansiering er avgjerande for om vi skal lukkast i København. Bidraga og forslaga frå Noreg kan generere omfattande ny og ekstra finansiering til tiltak i u-land, basert på offentlege midlar og øyremerkte inntekter frå den globale karbonmarknaden.

President,

Finanskrisa har sendt millionar av menneske tilbake til fattigdomen og hindra oss i arbeidet med å nå tusenårsmåla.

Reduserte inntekter set den offentlege politikken i fare og kan på sikt undergrave tenester som betyr mest for dei fattigaste og svakaste blant oss, som helse og utdanning.

Noreg støttar alle tusenårsmåla. For andre år på rad er løyvingane til offisiell bistand på over 1 prosent av BNI. Vi har auka den offisielle utviklingsbistanden i absolutte tal etter at vi vart råka av finanskrisa, for å vise solidaritet med dei som ikkje er så privilegerte som oss.

Vi engasjerer oss med eit særskilt fokus på område der Noreg kan gjere ein forskjell. Vi vil òg i framtida forplikte oss spesielt med omsyn til dei helserelaterte tusenårsmåla. 

Vi har tredobla bidraga til helse sidan år 2000. Millionar av liv har blitt redda takka vere arbeidet til ein brei allianse av både private og offentlege partnarar.

Vi vil fortsetje å ha ei leiande rolle til vi har nådd desse tusenårsmåla.

Vi har sett altfor liten framgang i arbeidet for å forbetre mødrehelsa, og dette er eit skammeleg dårleg resultat i arbeidet med tusenårsmåla. Vi kan sjølvsagt vaksinere born og dele ut myggnett til mødrene på eit gitt tidspunkt, men det kvinner verkeleg treng, er tilgang til helsetenester døgnet rundt på klinikkar for at det skal vere trygt å føde, og for at dei skal kunne bli overførte til sjukehus dersom det skulle oppstå komplikasjonar.

Dersom vi skal redusere dødstala blant mødrer og barn, er det avgjerande at vi styrkjer helsetenestene. Dette er òg ein viktig faktor for å realisere rettane til kvinner og barn. Det skal no mobiliserast til ny og målretta innsats for å kjempe mot mødredødsfall.

Den skremmande auken i talet på valdtekter og andre former for seksuell vald syner at det dessverre framleis finst menn omkring i verda som ser på kvinner og barn som annanrangs borgarar. Kjære meddelegatar, vi må ikkje kvile så lenge kvinner vert nekta dei tenestene og rettane vi menn tek for gitte. Det er sjølve retten til å kalle oss ein sivilisasjon som står på spel.

I dag drøfter Tryggingsrådet situasjonen i Afghanistan etter valet og behovet for at den nye afghanske regjeringa blir sterkare knytt til folket, kjempar mot korrupsjon og narkotika, styrkjer statsinstitusjonane og vernar om menneskerettane, særleg kvinnene sine rettar, slik at det – snart – kjem ein dag då afghanarane tek seg av tryggleiken i Afghanistan og afghanske kvinner og menn kan styre eit demokratisk Afghanistan. 

Vi må halde fram med å støtte UNAMA, som har mandat til å koordinere den internasjonale støtta saman med den afghanske regjeringa. UNAMA treng fleire ressursar og sterk støtte frå alle medlemsstatane i FN til samordninga av innsatsen under afghansk leiing.

President,

Vi står framfor ein ny æra innanfor kjernefysisk nedrusting. På tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen neste år må det setjast opp ein klar og detaljert plan for å få fjerna dei eksisterande atomvåpenarsenala og for å sikre at atomteknologien berre vert brukt til fredelege føremål, til beste for menneskeslekta.

Det har kome ny informasjon som sår tvil om det iranske atomprogrammet. Iran har sjølv høve til og ansvar for å fjerne denne tvilen, og det er svært viktig at landet no gjer dette.

Atomvåpen utgjer ein trussel om masseøydelegging, men det skjer òg øydeleggingar av massivt omfang kvart år med handvåpen, klaseammunisjon og landminer. Noreg er sterkt engasjert i humanitær nedrusting, for å få slutt på den uakseptable skaden desse våpna gjer på sivile. Vi oppmodar alle statar om å slutte seg til konvensjonen om klaseammunisjon og om å ta del i den auka satsinga for å få kontroll med handvåpen og våpenhandel.

President,

Det er ei ære for Noreg å verte vald som medlem av Menneskerettsrådet, og vi vil arbeide saman med andre for å gjere dette viktige organet meir truverdig, effektivt og synleg. I førre veke la Noreg fram den første rapporten for rådet om menneskerettssituasjonen i Noreg, der vi gjekk kritisk gjennom våre eigne resultat og inviterte til konstruktiv kritikk. Vi oppmodar alle statar om å leggje fram tilsvarande konstruktiv kritikk av det dei har oppnådd, slik at tilsynsprosessen får substans og meining.

Her i New York ser vi positivt på avgjerda om å opprette eit nytt og sterkt likestillingsorgan og håpar at det vil kome i drift snarast råd. Vi vil halde fram å arbeide med FN-reformene for å skape betre samordning og heilskap i systemet.

FN bør vere stolt over å vere føremål for meir offentleg gransking. Det må arbeidast kontinuerleg med reformene. Berre på denne måten kan vi fortsetje å gi FN den støtta organisasjonen fortener.

Til forsida