Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 Det regulære FN-budsjettet for 2010–2011

FN-budsjettet blir vedteke for ein periode på to år. Budsjettet for perioden 2010–2011 vart vedteke under den 64. generalforsamlinga i 2009. Etter langvarige forhandlingar mellom EU, USA, Japan og G77 kunne Generalforsamlinga 24.12. endeleg vedta eit nytt budsjett ved konsensus. Finanskrisa gav lite rom for omfattande auke i budsjettet og leidde til at fleire viktige land, som Mexico og Storbritannia, hadde ei meir budsjettkonservativ haldning enn normalt. USA var på si side tydelege i å vise at haldninga deira til kjerneverksemda i FN er endra under ny administrasjon og medverka svært positivt i forhandlingane.

Dei ordinære forhandlingane køyrde seg mot slutten fast som følgje av stor avstand mellom partane. Noreg fekk dermed, som tilretteleggjar for forhandlingane, innverknad på budsjettprofilen då det til slutt måtte leggjast fram eit kompromissforslag som vart vedteke ved konsensus. Budsjettet for 2010–2011 er på USD 5 156 029 100. Det er ein auke på omlag 6 % frå budsjettet for den føregåande toårsperioden og inkluderer ca. USD 200–300 millionar i innsparingar samanlikna med forslaget frå FNs generalsekretær.

Blant dei norske prioriteringane i budsjettet fekk vi mellom anna gjennomslag for opprettinga av ei avdeling for politikk, partnarskap og mekling i Sekretariatet, 14 nye stillingar til UNRWA, opprettinga av ei stilling som assisterande generalsekretær for OHCHR i New York og vidareføring av IKT-reforma med innføring av det nye SAP-baserte Enterprise Resource Planning-systemet som vil bidra til betre kontroll og transparens når det gjeld internrevisjon.

8.2 Bidragsskalaen

Bidragsskalaen for den inneverande treårsperioden (2010–2012) blei vedteken med små justeringar frå førre perioden. Finanskrisa sette òg sitt preg på forhandlingane om skalaen for bidrag til det regulære FN-budsjettet under den 64. generalforsamlinga. EU, som står for omlag 30 % av verdsøkonomien og bidreg med omlag 40 % av det regulære FN-budsjettet, ville ha ei endring i betalingsordninga og argumenterte med at raskt veksande økonomiar må ta ein større del av byrden i finansieringa av FN. G77 argumenterte på si side med at vestlege land har ansvaret for finanskrisa, og at ho derfor ikkje kan brukast som argument for at utviklingsland skal ta ein større finansieringsbyrde for FN. Det er samtidig aukande forventingar til Russland og Kina, som medlemer av Tryggingsrådet, om at dei skal bidra med ein større del til FN-budsjettet. Russland var denne gongen ikkje villig til frivillig å bidra med høgare innbetaling slik som førre perioden, då dei til saman betalte 2 %, noko som var 0,4 % meir enn skalaen kravde. USA var nøgde med at «taket» på 22 % vart ståande. På grunn av nedgangen i japansk økonomi gjekk òg Japans bidrag ned til 12,5 %. Noregs bidrag til det regulære FN-budsjettet auka frå 0,782 % til 0,871 %. Sidan G77 og USA har samanfallande interesser i å oppretthalde status quo, vil det bli vanskeleg å endre dramatisk på bidragsskalaen.

8.3 FNs finansielle situasjon

På grunn av sein eller manglande innbetaling frå medlemslanda har FN framleis sesongprega likviditetsproblem. Medlemslanda hadde i 2009 ei samla gjeld til FN på rundt USD 3,1 milliardar. Trass i finanskrisa er medlemslanda si gjeld lågare enn ved utgangen av 2008, då ho var på USD 3,8 milliardar. Gjelda til FN var sett saman av USD 830 millionar til det regulære budsjettet, USD 2,121 milliardar til FNs fredsbevarande operasjonar, USD 63 millionar til krigsforbrytardomstolane og USD 86 millionar til oppgradering av FN-bygningen. USA hadde ved utgangen av 2008 ei totalgjeld på USD 860 millionar til FN, men har teke grep for å nedbetale denne gjelda.

8.4 Finansiering av FNs krigsforbrytardomstolar

Generalforsamlinga vedtok eit nytt toårig budsjett for krigsforbrytardomstolane for 2010–2011 på høvesvis USD 245,3 millionar for Rwanda (ein reduksjon på USD 60,1 millionar) og USD 290,3 millionar for det tidlegare Jugoslavia (ein reduksjon på USD 85,9 millionar).

8.5 Finansiering av FNs freds­bevarande operasjonar

Finansiering av FNs fredsbevarande operasjonar skjer i utgangspunktet for ein periode på eitt år, frå 1. juli til 30. juni. Generalforsamlinga vedtek som regel budsjetta for dei fredsbevarande operasjonane i juni kvart år. Det vil likevel òg vere behov for å behandle budsjettforslag etter kvart som Tryggingsrådet fornyar mandatet til eksisterande operasjonar eller opprettar nye opera­sjonar.

Under haustsesjonen drøfta Generalforsamlinga ein framdriftsrapport for Den afrikanske unionens operasjon i Somalia (AMISOM) og vedtok eit budsjett for perioden 1. juli 2009 til 30. juni 2010 på USD 213,6 millionar. I tillegg vedtok Generalforsamlinga budsjettet for FNs observasjonsstyrke i Georgia (UNOMIG) for same periode på USD 10,9 millionar. Med desse vedtaka har FN aktive fredsbevarande operasjonar som kostar omlag USD 8 milliardar for 2009–2010. Desse budsjetta, med unntak av UNTSO i Midtausten og UNMOGIP i Kashmir, blir finansierte gjennom pliktige bidrag frå medlemslanda etter ein bidragsskala der dei fem permanente medlemene av Tryggingsrådet yter ein større del enn til det regulære budsjettet. Noreg står for 0,871 %.

8.6 FNs politiske misjonar

I tillegg til FNs fredsbevarande operasjonar behandlar Generalforsamlinga kvar haust dei eittårige budsjetta til FNs 26 særlege politiske misjonar. Generalforsamlinga godkjende eit samla budsjett på USD 569,53 millionar, noko som utgjer ein reduksjon på USD 30 millionar samanlikna med forslaget frå Generalsekretæren. Reduksjonen vert gjennomførd utan at det vert nemnt spesifikke misjonar. FNs politiske misjonar aukar stadig. Debatten som går på om dei politiske misjonane skal takast ut av det regulære budsjettet og finansierast over ein eigen konto, blussa opp att i haust, og det er venta at Generalsekretæren vil kome med ein eigen rapport for finansieringa av politiske misjonar i løpet av 2010 som skal leggje grunnlaget for drøftingane vidare i 5. komité. FNs politiske misjonar er venta å utgjere omlag ein femdel av det totale budsjettet for 2010–2011. Den sivile FN-operasjonen i Afghanistan (UNAMA) er den største enkeltposten og fekk støtte til den planlagde utvidinga med 138 nye internasjonale stillingar, som inneber ein auke i budsjettet frå USD 155 millionar for 2009 til USD 226,9 millionar for 2010.

8.7 Tilsyn og kontroll

Finansiering og mandat for FNs tilsyns- og kontrollorgan, OIOS (Office of Internal Oversight Services), var oppe til behandling i den 64. generalforsamlinga. Sett frå norsk side er det viktig at kontoret ikkje blir svekt, og at det har sterk operasjonell fridom og god finansiering over det regulære budsjettet. Det vart likevel vanskeleg å bli samde om nye formuleringar om mandatet og sjølvstendet til OIOS, i tillegg til retningslinjer for offentleggjering av rapportane frå organet. Mandatet frå førre perioden vart dermed forlenga utan endringar, og det er venta at det vil bli gjort eit nytt forsøk på å bli samde om ein resolusjon om OIOS’ mandat under den 65. generalforsamlinga. Då vil OIOS òg ha på plass ein ny leiar.

8.8 Revisjonsstandardar

Arbeidet med å innføre internasjonalt godtekne revisjonsstandardar (International Public Sector Accounting Standards – IPSAS) i FN-systemet held fram. Etter planen skulle desse standardane vore i bruk i heile FN-systemet i 2010. Arbeidet er blitt forsinka, og standardane vil truleg ikkje bli tekne i bruk før i 2012.

Til forsida