Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Generelt

I 6. komité blir resolusjonane vanlegvis vedtekne ved konsensus. Viktige saker på dagsordenen under den 64. generalforsamlinga var mellom anna forhandlingar om ein resolusjon om terrorisme, spørsmål knytte til straffansvar for FN-tilsette og behandlinga av rapporten frå Folkerettskommi­sjonen. Eit nytt og delvis omstridt tema i år var spørsmålet om universaljurisdiksjon. Det blei fatta vedtak på område som reform av FNs interne rettssystem, rettsstatsprinsipp, rapporten frå FN-kommisjonen for internasjonal handelsrett, rapporten frå Spesialkomiteen for FN-pakta og rapporten frå komiteen om samkvemmet med vertslandet. I tråd med tidlegare praksis blei det halde felles nordiske innlegg på mange av dagsordenpunkta.

9.2 Terrorisme

Ein viktig del av FN-arbeidet mot terrorisme skjer i regi av Tryggingsrådet med underkomitear, mellom dei antiterrorkomiteen (CTC), oppretta i samsvar med resolusjon 1373 (2001) som blei vedteken like etter angrepet på World Trade Center i New York. Tryggingsrådet ser på internasjonal terrorisme som ein trussel mot fred og tryggleik, og Rådet har på det grunnlaget eit hovudansvar for å fastsetje tiltak som varetek tryggleiken. Særleg gjeld dette tiltak retta mot personar eller grupper som står bak eller støttar terrorhandlingar. CTC spelar ei praktisk viktig rolle i kampen mot terrorisme og har som formål å styrkje overvakinga av utviklinga på området og å gi assistanse til medlemsland for å styrkje gjennomføringa av resolusjon 1373. Tryggingsrådet arbeider også gjennom 1267-komiteen (Taliban / Al Qaida) og 1540-komiteen (nukleær terrorisme).

Arbeidet mot terrorisme har òg ein viktig plass i Generalforsamlinga, som har som rolle å forhandle fram bindande regelverk (i form av avtalar) og tilrådingar (i form av resolusjonar). Her deltek alle FNs medlemsland i dialogen om terrorisme og utviklar skrittvis felles normer for dette arbeidet. Generalforsamlinga arbeider med eit stort spekter av saksfelt for å nedkjempe terrorisme på brei front, slik som kampen mot fattigdom, styrking av den internasjonale rettsordenen, fred og forsoning, dialog mellom religionar og samfunn og arbeid mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Som ei oppfølging av FN-toppmøtet ved åpninga av den 60. generalforsamlinga i 2005 lanserte Generalforsamlinga i 2006 ein global strategi for arbeidet mot terrorisme. Strategien har ei brei tilnærming og omhandlar tiltak retta mot årsakene til terrorisme, tiltak for å nedkjempe terrorisme, tiltak for å styrkje kapasitetane i medlemslanda i kampen mot terrorisme og respekt for menneskerettane og rettsstatsprinsippa i antiterrorarbeidet. Eit viktig organ som koordinerer FN-innsatsen for kamp mot terrorisme, fekk i år tryggare finansielle og administrative rammer ved at verksemda til organet heretter skal finansierast over det regulære FN-budsjettet. Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon om terrorisme, som er ei rein oppdatering av tidlegare versjonar. Resolusjonen fordømmer alle former for terrorisme og understrekar verdien av arbeidet regionale organisasjonar og ulike FN-organ gjer i kampen mot terrorisme.

Semje om ein generell FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme og avgrensinga av bruksområdet til ein slik konvensjon kunne ha medverka til å effektivisere samarbeidet i kampen mot terrorisme, mellom anna gjennom straffeforfølging av dei som utfører terrorhandlingar. Ein konvensjon ville òg ha sendt eit eintydig signal om at verdssamfunnet står samla i kampen mot terror. Heller ikkje i år var det nokon framgang i arbeidet, og drøftingane blir igjen vidareførte i ein ad hoc-komité. Usemja mellom særleg dei arabiske landa og vestlege land er knytt til at den førstnemnde gruppa ønskjer å halde handlingar som er utførte i kamp mot ei okkupasjonsmakt, utanfor ein definisjon av terrorisme. Enkelte arabiske land ønskjer òg å ramme såkalla statsterrorisme, dvs. valdshandlingar som er utførte av ein stat. Diskusjonen om terrorismedefinisjonen er dermed nært knytt til konflikten i Midtausten.

Noreg vil styrkje kampen mot terrorisme alle stader, same kven som utfører handlingane og kva som er motivet, og søkjer i forhandlingane å unngå løysingar som kan medverke til å legitimere handlingar ut frå at dei har ein særskild motivasjon (til dømes kamp mot ulovleg okkupasjon). På norsk side er vi òg av den oppfatninga at behandlinga av statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten.

Noreg støttar òg den breie tilnærminga i den globale antiterrorstrategien. På norsk side er vi overtydde om at dei nye finansielle og administrative rammene for organet som koordinerer FN-innsatsen i kampen mot terrorisme, vil ha positiv innverknad på arbeidet med å gjennomføre den globale strategien.

9.3 Folkerettskommisjonen

Viktige spørsmål i rapporten frå Folkerettskommisjonen var mellom anna internasjonale organisasjonars ansvar, delte naturressursar, utvising av utlendingar, kva verknader væpna konfliktar har på traktatar, plikta til å utlevere eller straffeforfølgje, reservasjonar mot traktatar, vern av individ ved katastrofar og tolking av traktatar over tid. Det vart halde fleire fellesnordiske innlegg under dagsordenspunktet om Folkerettskommisjonens rapport.

9.4 Andre spørsmål

Etter at det i 2004 blei avdekt at FN-tilsette hadde gjort seg skuldige i seksuelle overgrep, har FN arbeidd med spørsmålet om straffeansvar for FN-tilsette. Særleg spørsmål om immunitet, FNs kompetanse og rettsleg samarbeid på tvers av landegrensene har gjort seg gjeldande. Det herskar framleis stor usemje om korleis FN best kan gå fram i denne saka. Somme, deriblant EU, vil at det raskt skal vedtakast ein konvensjon som kneset viktige samarbeidsplikter. Også Noreg tok til orde for å utarbeide ein konvensjon, men det må dessverre erkjennast at utsiktene for dette er dystre. Det skuldast i hovudsak frykt hos ein del statar for ei utvikling der ein annan stat skal kunne straffeforfølgje deira militære personell.

Universaljurisdiksjon var eit nytt og til dels kontroversielt tema under den 64. generalforsamlinga. Universaljurisdiksjon er eit strafferettsleg konsept som omhandlar om ein stat skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som er utførte i utlandet. Dagsordenspunktet vart føreslått av den afrikanske gruppa i kjølvatnet av initiativ frå europeiske statar om arrestasjon og etterforsking av representantar for styresmaktene i enkelte afrikanske land under mistanke om deltaking i alvorlege straffbare handlingar. Den afrikanske gruppa godtek fullt ut at universaljurisdiksjon kan brukast for visse internasjonale brotsverk, men hevdar at jurisdiksjonsgrunnlaget vert misbrukt av politiske grunnar av andre statar og som eit ulovleg inngrep i ein annan stats interne forhold. Det var særleg viktig for Noreg å påpeike at universaljurisdiksjon er eit viktig verkemiddel i kampen mot straffridom, til dømes der meir nærståande statar ikkje vil eller kan straffeforfølgje personar som er skuldige i alvorleg kriminalitet, sjølv om prinsippet sjølvsagt ikkje må misbrukast til politiske formål eller som sjikane. Etter inngåande forhandlingar vedtok Generalforsamlinga ein rein prosedyreresolusjon der Generalsekretæren vert beden om å utarbeide ein rapport etter innspel frå medlemsland.

Generalforsamlingas 6. komité behandlar også tilgang til FNs generalforsamling for observatørar. Vilkåra for å få observatørstatus ved generalforsamlinga har vore enkle, nemleg at det er snakk om ein internasjonal organisasjon som utfører eit arbeid som er av interesse for generalforsamlinga. Likevel meiner somme land frå G77 at desse kriteria har blitt brukt for fleksibelt i den seinare tida, og varslar full gjennomgang av vilkåra og praksisen under den komande generalforsamlinga.

Til forsida