Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Generelt

I juni 2009 vart FN-konferansen om finanskrisa og utvikling halden. Konferansen vart ikkje det gjennombrotet for FNs rolle som premissleverandør for reformer av IMF og Verdsbanken som mange utviklingsland hadde argumentert for. Land som Cuba, Nicaragua og Venezuela var svært kritiske til at sluttdokumentet ikkje gav FN auka innverknad på dei internasjonale finansinstitusjonane. Det konfronterande forhandlingsklimaet som prega finanskrisa, sette òg sitt preg på arbeidet i 2. komité. Landa i sør, representerte av Sudan (G77), hadde steile haldningar på spørsmål knytte til gjeld, handel og finans. Landa på venstresida i Latin-Amerika heldt fram med aukande styrke med å fremje ein aktivistisk profil med brodd mot nord. Kina markerer seg òg stadig på same banehalvdel, saman med fleire afrikanske land som med veksande styrke krev mindre grad av innblanding i forholda sine. På den andre sida søkjer eit aukande tal utviklingsland ein meir konstruktiv dialog. Dette fører til stadig tydelegare spenningar og interessekonfliktar internt i G77. Snart er det fleire saker som splittar enn som samlar utviklingslanda. Motvekta til G77-landa sine posisjonar har tradisjonelt vore USA. USA har no gått over til meir fleksible haldningar i ei lang rekkje saker, og EU har overteke denne rolla.

Komiteen behandla 42 resolusjonar i tråd med mønsteret frå tidlegare år. Trass i det tøffe forhandlingsklimaet kunne Noreg glede seg over framgang på fleire viktige område:

5.2 Fattiges tilgang til lov og rett

For første gong vedtok Generalforsamlinga ein substansiell resolusjon om fattiges tilgang til lov og rett, som slo fast korleis og kvifor tilgang til lov og rett kan vere ein veg ut av fattigdom. Noreg har fungert som ein pådrivar i saka i fleire år. Alliansen med sentrale utviklingsland vart vidareførd i forhandlingane i haust. Resolusjonen er ein vegvisar for utviklingsland i arbeidet med å utvide tilgangen til lov og rett og gir eit grunnlag for auka bistand på området.

5.3 Kvinner og utvikling

Noreg blei lagd merke til i drøftinga i Generalforsamlinga om kvinner og likestilling og i drøftinga om økonomisk og sosial utvikling i 2. komité. Her arbeidde vi aktivt for å auke forståinga av den samfunnsøkonomiske gevinsten som følgjer av likestilling mellom kvinner og menn. Dei norske erfaringane, posisjonane og argumenta fekk i stor grad gjennomslag i FNs eigne bidrag til dette arbeidet. Årets FN-rapport om kvinner si rolle i økonomisk utvikling er eit godt eksempel på dette og ein svært nyttig referanse i det vidare arbeidet.

5.4 Berekraftig utvikling

Det blei vedteke å arrangere ein ny FN-konferanse om berekraftig utvikling i Brasil i 2012. Frå norsk ståstad er det positivt at konferansen får eit framtidsretta fokus på «grøn økonomi» og det institusjonelle rammeverket for berekraftig utvikling, og at fokuset ikkje vert sett på finansiering slik det lenge låg an til. For å få til dette vart det inngått eit kompromiss med utviklingslanda som sikra at konferansen også får eit tilbakeskodande blikk. Det vart òg vedteke å halde to nye høgnivåmøte i samband med neste sesjons generaldebatt, eit om små øystatar og eit anna i samband med året for biologisk mangfald (2010).

5.5 Korrupsjon

Korrupsjonsdebatten i 2. komité behandlar temaet frå eit utviklingsperspektiv. Resolusjonen byggjer opp under konvensjonen mot korrupsjon. På årets generalforsamling viste det seg, på same måte som i fjor, at land frå sør er spesielt opptekne av tilbakeføring av midlar og prøvde å dreie resolusjonen i ei retning der det vart lagt større vekt på dette enn på andre tema. Frå norsk side vart det arbeidd for at resolusjonsteksten skal byggje opp om heile konvensjonen på ein balansert måte. Dette vart gjort i samarbeid med likesinna land. Under statspartsmøtet for korrupsjonskonvensjonen i november fekk Noreg gjennomslag for ein gjennomføringsmekanisme for konvensjonen. Denne utviklinga vart reflektert i resolusjonsteksten i år, noko det vart lagt vekt på frå norsk side i forhandlingane. Trass i steile frontar under forhandlingane i år fekk Noreg gjennomslag for dei fleste tekstforslaga som vart fremja frå vår side.

Til forsida