Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Saker i plenum

3.1 Generaldebatten

USAs president Barack Obama innfridde mange forventingar då han gjorde det klart i den første talen sin til FNs generalforsamling at USA står klar til å starte eit nytt kapittel i internasjonalt samarbeid.

Frankrikes president Nicolas Sarkozy hadde hovudfokus på finanskrisa og klimaendringar. Han understreka òg at legitimiteten til FN er avhengig av reform. Dette gjaldt også for FNs tryggingsråd, og han peikte på at det var sannsynleg at viktige avgjerder ville bli tekne utanfor FN dersom reform ikkje fann stad.

Storbritannias statsminister Gordon Brown tok for seg dei krisene verdssamfunnet står overfor, og peikte på fem hovudutfordringar: klimaendringar, terrorisme, atomspreiing, kamp mot fattigdom og global inntektsfordeling. Han la òg vekt på at FNs tusenårsmål på langt nær ville bli nådde i 2015 dersom det ikkje vart sett fart i dette arbeidet.

Kinas president Hu Jintao hadde fokus på behovet for samarbeid, felles interesser og multilateralisme, i tråd med prinsippa i FN-pakta. Under feiringa av 60-årsjubileet for folkerepublikken såg dei fram mot fortsett utvikling, eit meir ope Kina og sterkare samarbeid med resten av verda.

Russlands president Dmitrij Medvedev la i den første talen sin til Generalforsamlinga vekt på at dei aktuelle globale krisene innebar eit aukande behov for FN som eit verktøy som spegla dei ulike interessene til medlemslanda. Når det gjaldt nedrusting, ville Russland følgje vegen mot verifiserbar og irreversibel reduksjon i atomvåpen som ein del av ein ny start i forholdet til USA.

Det norske hovudinnlegget vart halde av utanriksminister Jonas Gahr Støre. Det vart fokusert på behovet for styrkt internasjonalt samarbeid, utfordringane ved klimaendringane, finanskrisa, tusenårsmåla, kampen mot seksuelle overgrep, situasjonen i Afghanistan, nedrusting og reform av FN ved mellom anna oppretting av ei likestillingseining.

3.2 Høgnivåmøte

Klima

Generalforsamlinga vart i år innleidd av General­sekretærens klimamøte 22. september. Brei deltaking på høgaste nivå, medrekna president Obama, viste at denne saka har hatt svært høg merksemd blant verdsleiarane. Sjølv om enkeltland, mellom andre Noreg, nytta høvet til å markere nye målsetjingar, gav mangelen på ambisjonar blant dei største utsleppslanda signal om kor vanskelege forhandlingane under klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen ville verte i København i desember. Den påfølgjande generalforsamlingsresolusjonen om klima gav, trass i brei semje om alvoret og verdien av å verte samde, heller ikkje noko sterkt politisk, positivt signal til København, slik Noreg og andre likesinna land arbeidde for. Noreg sette likevel preg på arbeidet med klimaspørsmål gjennom arrangementet om reduksjon av utslepp frå avskoging og skogøydelegging (REDD+), der Noreg tok ei leiarrolle.

Midtausten

Under opningsveka leidde utanriksminister Jonas Gahr Støre eit arbeidsmøte i den internasjonale givarlandsgruppa for Det palestinske området (AHLC). Givargruppa oppfordra partane i konflikten til å vidareføre fredsforhandlingane med forankring i vegkartet for fred. Gruppa roste innsatsen til den palestinske statsministeren Salam Fayyad og den toårige planen hans for ei palestinsk statsdanning, og understreka at denne planen må utgjere plattforma for givarkoordinering med palestinske styresmakter.

I høve markeringa av 60-årsjubileet for opprettinga av FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) arrangerte UNRWA ei minnemarkering i samband med opninga av generalforsamlinga. Markeringa hadde to substansielle hovuddelar: ein del med to paneldebattar og eit høgnivåsegment med innlegg på ministernivå. Denne siste delen vart leidd av utanriksminister Støre.

3.3 FN-reform

Reform av bistandsverksemda i FN

Høgnivåpanelet om FN-reform, under leiing av mellom andre statsminister Jens Stoltenberg, la fram rapporten sin til FNs generalforsamling i november 2006. I dei tre åra som har gått, er det sett i verk gjennomgripande omstillingar i FN. Resultata er tydelegast på landnivå. Her har åtte utviklingsland samla dei ulike FN-organisasjonane til eitt kontor med éin leiar, eitt program og eitt budsjett. Over 30 andre land har teke tilsvarande initiativ. Fleire vil følgje. Omstillingane er krevjande, men gevinstane let ikkje vente på seg. I reformlanda er det tydelege teikn på at FN arbeider meir samla, med auka effektivitet, meir målretta innsats, mindre byråkrati, auka innsparingar og betre evne til å levere på tusenårsmåla. Utviklingslanda sjølve understrekar at dei opplever ein større eigarskap til FN. Nøkkelen til suksess ser difor ut til å vere å sikre reformer «nedanfrå og opp», med utviklingslanda sjølve i førarsetet.

FN vert likevel framleis hemma av å vere fragmentert, med tungrodde byråkrati som bremseklossar ved nødvendige omstillingar. Noko av ansvaret for dette ligg hos medlemslanda sjølve, som over tid har etablert stadig nye organisasjonar utan å sanere dei som har «gått ut på dato». FN har likevel eit eige ansvar for å drive effektivt innanfor dei rammene medlemslanda gir. Dette vert det no gjort noko med. Som følgje av tilrådingane frå høgnivåpanelet er det etablert eit tett samarbeid mellom FNs fond, program og særorganisasjonar om harmonisering av administrative ordningar, økonomiregelverk og modernisering av personalforvaltninga. Fruktene av desse reformene bør ein kunne hauste dei aller næraste åra.

Eit av de viktigaste reformvedtaka i 2009 var at Generalforsamlinga gav si tilslutning til Høgnivåpanelets forslag til styrking av FN-arbeidet med å fremje likestilling og kvinnerettar. Det vil bli etablert ei ny likestillingseining. Samtidig vert fire organisasjonar sanerte (m.a. UNIFEM). Dette vil bidra til å gi FN ei sterk og samlande røyst med større tyngde. Organisasjonen får eit tydeleg mandat til styrkt innsats for kvinnerettar internasjonalt og til auka kvinneretta bistand til utviklingslanda. Noreg har saman med dei nordiske landa vore ei drivkraft for dette arbeidet.

Reform av Tryggingsrådet

Polarisering og stillstand pregar framleis forhandlingane om reform av Tryggingsrådet, men det er no brei semje om at dei mellomstatlege forhandlingane ikkje kan førast vidare utan ein forhandlingstekst. Forhandlingsleiaren er beden om å utarbeide ein slik tekst, men metoden for arbeidet er enno ikkje avklart. Det er likevel for tidleg å konkludere om ein forhandlingstekst vil påverke den politiske viljen i medlemslanda til å inngå nye kompromiss. Dei reformspørsmåla det er størst semje om, gjeld arbeidsmetodane i Rådet og forholdet til Generalforsamlinga, i tillegg til utviding av talet på medlemer frå 15 til rundt 25. Det er framleis knytt størst usemje til spørsmål om medlemskategoriar, regional representasjon og bruken av veto. Noreg er av den oppfatninga at ei utviding av Tryggingsrådet vil sikre breiare representasjon og styrkje legitimiteten, men det må ikkje gå ut over effektiviteten. Noreg støttar ei utviding med både faste og valde plassar og er òg open for ein tredje kompromisskategori i ein overgangsperiode. Nye faste medlemer må ikkje få vetorett.

3.4 Globale helsespørsmål

Under høgnivåveka stadfesta Noreg posisjonen sin som ein av dei leiande aktørane på helse. Statsminister Stoltenberg, Storbritannias statsminister Gordon Brown, presidenten i Verdsbanken og Generalsekretæren leidde møtet om finansiering av arbeidet for å nå dei helserelaterte tusenårsmåla med fokus på måla om barnedødstal og mødrehelse.

Oppfølginga av initiativet frå utanriksministeren om global helse og utanrikspolitikk, som vart diskutert for første gong ved den førre sesjonen, vart ytterlegare styrkt gjennom ein resolusjon med konkrete tilrådingar om mellom anna influensa og helsepersonell. Sør-Afrika leidde forhandlingane, med assistanse frå Noreg. Oslo-erklæringa om helse og utanrikspolitikk har dermed slått rot i FN og samtidig engasjert land som USA, Kina og Japan, som frå før ikkje er ein del av initiativet. Trass i at saka tok opp svært kontroversielle tema, som produksjon og tilgang til vaksiner, viser denne suksessen at brei forankring på tvers av tradisjonelle grupperingar verkar samlande i spørsmål der det finst svært forskjellige interesser.

3.5 FNs tusenårsmål

I september 2000 vedtok FNs generalforsamling Tusenårserklæringa. Den inneheld åtte mål for arbeidet med global fattigdomsreduksjon. Måla er blitt eit vegkart og eit rammeverk for multilateralt og bilateralt utviklingsarbeid i dei fattige landa mot 2015. Generalforsamlinga vedtok i desember å halde eit nytt toppmøte i forkant av opninga av generaldebatten under den 65. generalforsamlinga i september 2010. Formålet med toppmøtet vil vere å sikre ein global handlingsplan for å nå tusenårsmåla innan 2015.

3.6 Fredsbyggingskommisjonen

Fredsbyggingskommisjonen (PBC) er eit rådgjevande organ under Tryggingsrådet og Generalforsamlinga. Kommisjonen starta arbeidet sitt i juni 2006 og skal samle alle relevante aktørar for å mobilisere ressursar og støtte utviklinga av integrerte strategiar. Vidare skal dei gi råd og informasjon for å betre koordinering og gjenreising i land etter konflikt. Saman med eit fredsbyggingskontor og eit fredsbyggingsfond under generalsekretæren utgjer kommisjonen den nye fredsbyggingsarkitekturen i FN. Fredsbyggingskontoret skal mellom anna støtte kommisjonen, utføre strategisk arbeid og administrere fredsbyggingsfondet. Noreg har skote inn 200 millionar kroner i fondet.

Hausten var prega av at ein såg fram mot ein større gjennomgang av Fredsbyggingskommisjonen i 2010. Då skal den samla evna i FN til å bidra til fredsbygging vurderast. Frå norsk side har vi hatt eit godt samarbeid med dei nordiske landa når det gjeld prioriteringar for denne gjennomgangen, noko som m.a. kom til uttrykk gjennom fellesnordiske innlegg om fredsbygging både i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet i haust. Noreg gjekk føre i arbeidet med å utforme innlegga, som m.a. fokuserte på verdien av strategisk tenking, behovet for å styrkje rolla til Fredsbyggingskommisjonen overfor Tryggingsrådet, styrking av FN-leiinga i felt, betring av samarbeidet mellom FN og Verdsbanken, i tillegg til ivaretaking av kjønnsperspektivet og verdien av lokal eigarskap.

3.7 Humanitære spørsmål

Det humanitære arbeidet i 2009 vart i New York sterkt prega av tre væpna konfliktar første halvår: Gaza, Sri Lanka og den militære operasjonen i det nordvestlege Pakistan. Dessutan førte tiltalen som Den internasjonale straffedomstolen (ICC) tok ut mot Sudans president Omar al-Bashir, og den etterfølgjande utkastinga frå Sudan av ei rekkje humanitære organisasjonar, til ytterlegare utfordringar. I tillegg til dei operasjonelle problema som oppstod i desse fire sakene, påverka dei alle det humanitærpolitiske klimaet og kompliserte arbeidet med universalisering av dei humanitære prinsippa og respekt for humanitærretten. I samsvar med Stortingsmelding 40 (2008-2009; Norsk humanitær politikk) la delegasjonen vekt på å søkje dialog med ikkje-vestlege land i det humanitære arbeidet, slik at vi på denne måten kan bidra til auka ikkje-vestleg engasjement og eigarskap til internasjonalt humanitært samarbeid og humanitære prinsipp. Vi var ikkje åleine om denne tilnærminga, og særleg Sverige – i haust òg som EU-formannskap – var ein viktig alliert og støttespelar her. Likevel kan vi slå fast at sentrale vestlege aktørar framleis heng etter i tenkinga si og i for stor grad ser på seg sjølve som eigarar av og premissleverandørar for internasjonalt humanitært samarbeid.

Denne problemstillinga kom ikkje berre til syne ved at ho svekte FN si evne til å tale med éi røyst i enkeltsaker med openbare brot på menneskerettane og humanitærretten, men ho sto òg i vegen for vesentlege framsteg i normutviklinga. I diskusjonane vert ofte behovet for tilgang til dei nødlidande sett opp mot suvereniteten til landa. Ikkje desto mindre har det normative FN-rammeverket for humanitært arbeid gjort framsteg dei seinare åra. Dette er ikkje minst viktig innanfor humanitær nedrusting, der Noreg dei siste åra har gått i front og sikra avgjerande gjennombrot med konvensjonen om klaseammunisjon og kontinuerleg innsats mot landminer. På desse områda har den operasjonelle verksemda til FN, ved m.a. UNDP og UNICEF, stått sentralt. Noreg, som komande president for Minekonvensjonen, og Colombia, som vertsland for den andre tilsynskonferansen for Minekonvensjonen, var vertskap for eit arrangement om Minekonvensjonen under høgnivåveka.

Noreg fremja synspunkta sine både gjennom eigne arrangement og i relevante resolusjonsforhandlingar. Blant desse inngår omnibusresolusjonen om humanitær bistand, resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og FN-personell, og resolusjonen om humanitær bistand i naturkatastrofar, medrekna overgangen mellom nødhjelp og meir langsiktig bistand. Alle desse vert behandla i plenum i Generalforsamlinga. Resolusjonen om støtte til arbeidet i UNHCR er ein felles nordisk resolusjon, som vert fremja i 3. komité.

3.8 Regionale konfliktar

Midtausten

Dagsordenpunkta om Midtausten og situasjonen for palestinarane følgde same mønster som tid­legare år. Som vanleg var forhandlingane prega av polarisering der spesielt arabiske land nytta høvet til einsidig å kritisere Israel.

Temperaturen i Generalforsamlinga steig etter at behandlinga av den såkalla Goldstone-rapporten vart oversend frå Menneskerettsrådet i november. Rapporten har fått namn etter den sørafrikanske dommaren Richard Goldstone som leidde den uavhengige undersøkingskommisjonen frå FNs menneskerettsråd som granska påstandar om brot på menneskerettane og humanitærretten i samband med Gaza-krigen.

Dei arabiske landa la opp til full støtte til heile innhaldet i Goldstone-rapporten. Sjølv om rapporten er god og grundig, har den òg svake punkt. Noreg fremja difor eit konkret forslag som ville gjort det mogeleg for mange vestlege land å røyste for. Palestinarane var positive til dette, men blei i siste minutt nedstemde i den arabiske gruppa. Den arabiske gruppa stilte deretter Generalforsamlinga overfor eit ultimatum som Noreg, og mange andre vestlege land, ikkje kunne bøye seg for. Noreg avstod i siste instans, men resolusjonen om full støtte til rapporten vart likevel vedteken. Generalsekretæren la i februar 2010 fram ein rapport for Generalforsamlinga om kva tiltak israelsk og palestinsk side hadde sett i verk for å etterforske og felle dom over mogelege overgrep under Gaza-krigen. Palestinarane la fram eit forslag til resolusjon der Generalsektretæren vart beden om å fortsetje å overvake etterforskinga til partane og rapportere innan juli 2010. Utkastet var moderat og på linje med tidlegare forslag frå norsk side, og Noreg og fleire vestlege land røysta for.

Afghanistan

Etter lange forhandlingar vart den årlege resolusjonen om situasjonen i Afghanistan godkjend med konsensus i november. 108 land stilte som medforslagsstillarar, medrekna Noreg. Den årlege FN-resolusjonen om situasjonen i Afghanistan er det fremste tilfellet der FN tek eit heilskapsgrep om Afghanistan utanom Tryggingsrådet. Resolusjonsforhandlingane stadfesta likevel kjende interessemotsetningar mellom Russland, Kina, Libya og Iran på den eine sida og vestlege land på den andre. Utanom drap på sivile vart kvinnerettane eit spesielt sensitivt tema denne gongen. Noreg bidrog aktivt i forhandlingane og fokuserte spesielt på menneskerettar, mellom anna ytringsfridom, der språket vart skjerpa. Den vedtekne resolusjonsteksten er lang og omfattande, men understrekar den breie semja i det internasjonale samfunnet om situasjonen i Afghanistan. Resolusjonsutkastet er i tråd med Noregs syn på situasjonen i Afghanistan.

Plenumsdebatten var prega av terrorangrepet mot FN i Kabul 28. oktober og godkjenninga av Karzai som den nye presidenten i landet. Noreg peikte m.a. på at den nye afghanske regjeringa må oppnå betre resultat på område som godt styresett, kamp mot korrupsjon og menneskerettar.

Som venta avsluttar Kai Eide den toårige perioden sin som spesialrepresentant for generalsekretæren i Afghanistan i mars 2010. Eide har brei støtte og haustar mange lovord frå FN og Tryggingsrådet for innsatsen. Dette gjeld særleg arbeidet med å styrkje koordineringa av den sivile støtta, i tillegg til innsatsen med å byggje opp ein politisk strategi for å styrkje afghansk kapasitet og eigarskap.

3.9 Havretts- og fiskerispørsmål

Havretts- og fiskerispørsmål

Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det norske innlegget tok for seg utfordringar knytte til klimaspørsmål og Arktis, botnfiske, ulovleg, uregulert og urapportert fiske, piratverksemd og avgrensing av yttergrensa for kontinentalsokkelen.

Forhandlingane om fiskeriresolusjonen hadde i år eit fokus på vern av biologisk mangfald ved botnfiske på ope hav. Generalforsamlinga gjekk gjennom oppfølginga i dei ulike statane av enkelte tilrådingar om botnfiske frå 2006. Det var brei semje om at desse tilrådingane framleis måtte gjelde, men at statane, i alle fall i ein del havområde, måtte styrkje den faktiske gjennomføringa og respekten for desse tilrådingane. Tilrådingane legg opp til at det må gjennomførast konsekvensanalysar for å avdekkje om botnfisket kan skade sårbare område, før fisket tar til. Frå norsk side var det viktig at det framleis vart skilt mellom behovet for konsekvensanalysar i område der det tidlegare har vore fiska, og i nye fiskeriområde.

Forhandlingane om havrettsresolusjonen var òg i år delvis prega av polarisering mellom G77 og vestlege land. G77 kunne til dømes ikkje engasjere seg i forhandlingar om mandatet til ein viktig, årleg konferanse om havrettslege spørsmål før heilt i sluttspurten av forhandlingane. Haldninga i G77 til multilaterale forhandlingar om hav- og fiskerispørsmål ser ut til å vere prega av sterk skepsis og av ei oppfatning om at vestlege land set dagsordenen for å trekkje med seg utviklingsland i eit samarbeid der dei ikkje har oversyn over konsekvensane.

Eit viktig innsatsområde for Noreg er avgrensing av kontinentalsokkelen for statar der denne strekkjer seg utover 200 nautiske mil. Ei avklaring av yttergrensa av sokkelen er viktig for å få ein klar folkerett, men kan òg ha store positive følgjer for utviklinga til ein stat. For mange utviklingsland er det ei stor utfordring å dokumentere eigen sokkel, og støtte til utviklingsland er difor heilt nødvendig. Noreg er den viktigaste bidragsytaren til eit FN-fond som yter slik støtte.

Piratverksemd har fått auka merksemd i FN etter kvart som fleire skip har blitt angripne utanfor Somalia. Havrettsresolusjonen erkjenner problemet og oppfordrar til tett samarbeid på alle nivå for å slå ned piratverksemd. Likevel er det FNs tryggingsråd som gjennom året har vore leiande på dette området, særleg gjennom vedtaking av resolusjonar som opnar for bruk av makt mot piratar i somalisk farvatn og basane deira på land. Slik maktbruk krev mellom anna eit generelt samtykke frå somaliske styresmakter. Det vert òg gjort eit viktig arbeid for å styrkje og koordinere innsatsen mot piratverksemd i kontaktgruppa for piratverksemd utanfor Somalia, som vart oppretta i tryggingsrådsresolusjon 1851.

Som før stod Noreg som medforslagsstillar til begge resolusjonane: Fiskeriresolusjonen blei vedteken ved konsensus, havrettsresolusjonen med overveldande fleirtal.

3.10 Terrorisme

Eit viktig tiltak for å styrkje FN-innsatsen mot terrorisme vart gjort då den koordinerande eininga for kamp mot terrorisme i FN fekk trygge finansielle og administrative rammer for verksemda si. Det har ikkje vore framdrift i forhandlingane om ein generell terrorismekonvensjon og definisjonen av terrorisme.

3.11 Dei internasjonale domstolane

Den internasjonale domstolen i Haag

Den internasjonale domstolen i Haag er eit av hovudorgana i FN og gir ein årleg rapport til Generalforsamlinga om verksemda si. Presidenten for domstolen, Hisashi Owada frå Japan, understreka det høge aktivitetsnivået i domstolen, noko som stadfestar at domstolen er relevant og viktig for fredeleg løysing av tvistar mellom statar. Det er likevel eit potensial for ytterlegare styrking av denne rolla, sidan fleire land på generelt grunnlag bør akseptere at domstolen har kompetanse til å avgjere dei folkerettslege tvistane deira. Det knyter seg elles stor interesse til den rådgjevande fråsegna frå domstolen om kosovoalbanarane si sjølvstendeerklæring frå 2008 er lovleg. Fråsegna, som ikkje er rettsleg bindande, er venta å kome våren 2010.

Den internasjonale straffedomstolen

Domstolen er fullt ut operativ, og vedtektene har no 110 partar. Den nye presidenten for domstolen, sørkoreanaren Sang-Hyun Song, la fram rapporten frå domstolen, og nemnde kort status i dei fire situasjonane som er til behandling i domstolen, nemleg Uganda, Darfur, Den demokratiske republikken Kongo og Den sentralafrikanske republikken. Han påpeikte òg det viktige i at statar samarbeider effektivt med domstolen, då ein elles ikkje kan pågripe eller straffeforfølgje dei tiltalte. Noreg uttrykte full støtte til arbeidet i domstolen og oppfordra særleg Sudan, som avviser at domstolen har kompetanse over situasjonen i Darfur, til å gjennomføre dei folkerettslege forpliktingane sine fullt ut.

Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Rwanda (ICTR)

Presidentane for dei to tribunala tok føre seg strategiane for å avslutte arbeidet ved domstolane. Ei vellukka sluttføring av mandata er avhengig av tilstrekkeleg samarbeid frå statane og av at alle tiltalte blir arresterte og overleverte til domstolane. Sentrale tema for domstolane og medlemslanda i FN er kva mekanismar som må behaldast for å sikre at dei som ber det største ansvaret for dei alvorlege overgrepa i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda, ikkje får gå ustraffa. Det må òg etablerast ordningar som gjer at arkiva til domstolane er tilgjengelege for ettertida. Noreg rosa domstolane for arbeidet og gav dei på ny si fulle støtte.

Til forsida