Meld. St. 16 (2009–2010)

Noregs deltaking i den 64. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 63. general­forsamlinga i FN

Til innhaldsliste

6 Menneskeretts- og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Generelt

Som følgje av regjeringsskiftet i Washington stod USA på ny nærare Europa i sentrale verdispørsmål som vart behandla i 3. komité. Samtidig gjorde nyorienteringa i Washington dei tradisjonelle skiljelinjene i komiteen mellom land i nord og sør om mogeleg endå klarare. Nord-sør-delinga var tydeleg mellom anna i resolusjonane om retten til utvikling, rasisme og ærekrenking av religionar, i tillegg til omtalen av rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar både i resolusjonen om terrorisme og i resolusjonen om traktatane om sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Etter forslag frå den arabiske gruppa vart dei to paragrafane som omtalte ikkje-diskriminering av lesbiske og homofile i den sistnemnde resolusjonen, strokne, og resolusjonen med denne justeringa vart vedteken i plenum med røystetala 185-0-0.

Noregs hovudinnlegg i 3. komité omhandla i hovudsak kvinnerettar, mellom anna kampen mot seksualisert vald. Vidare vart det lagt vekt på ytringsfridom, i tillegg til omtalen av dei to resolusjonane frå Noreg om menneskerettsforkjemparar og internt fordrivne. Den høge profilen til Noreg i komiteen vart sikra gjennom at vi leidde desse to resolusjonsforhandlingane.

6.2 Menneskerettssituasjonen i enkeltland

Landresolusjonane om Iran, Nord-Korea og Burma vart, i motsetning til tidlegare år, ikkje forsøkt avviste ved fremjing av ikkjebehandlingsforslag. Dette kan vitne om større aksept for at ein bør kunne behandle landsituasjonar i komiteen, men det kan òg ha hatt utspring i brei misnøye med måten dei iranske styresmaktene handterte presidentvalet i sommar på. Noreg var medforslagsstillar til dei tre resolusjonane, som er blant dei mest kontroversielle på Generalforsamlinga. Resolusjonane vart vedtekne.

6.3 Rasisme

Dagsordenspunktet om kamp mot rasisme var kanskje den største skuffelsen i komiteen. Alle landa i denne gruppa – Vestgruppa – valde anten å røyste imot eller å avstå i omnibusresolusjonen om oppfølging av Durban-konferansen, hovudsakleg på grunn av sørafrikansk uvilje til å kome synspunkta til moderate vestlege land i møte. Noreg avstod. Samtidig stod Noreg som medforslagsstillar til resolusjonen som vedtok sluttdokumentet og oppfølging av tilsynskonferansen i vår («Durban II»), der Noreg spelte ei framtredande rolle.

6.4 Ærekrenking av religion

Resolusjonen frå Organisasjonen av islamske statar (OIC) om ærekrenking av religion vart på nytt vedteken, om enn med noko svekt oppslutning. OICs manglande vilje til å ta inn sjølv konstruktive forslag som ikkje gjekk imot formålet i resolusjonen, vitnar om både forhandlingsslitasje og tilstivna frontar. Noreg røysta, saman med andre vestlege og eit aukande tal latinamerikanske land, imot resolusjonen på grunn av den implisitte innsnevringa av ytringsfridomen.

6.5 Menneskehandel

Generalforsamlinga tok eit nytt skritt i retning av ein global handlingsplan mot menneskehandel ved å vedta ein resolusjon som noterte seg vedtaket frå Generalforsamlingspresidenten om å oppnemne tilretteleggjarar for utarbeidinga av ein slik plan. EU er splitta i synet på handlingsplanen, medan Noreg, på same måte som eit fleirtal i EU, tok kraftig til orde for å styrkje gjennomføringa av Palermo-protokollen om menneskehandel.

6.6 Barns rettar

Etter at Noreg, Sveits og New Zealand trekte seg som medforslagsstillarar til barneresolusjonen under generalforsamlinga i fjor i protest mot ein uoversiktleg prosess, utvikla årets resolusjon under svensk leiing seg i positiv retning. Resolusjonen var i år vigd barns medverking, eit tema Noreg i lang tid har ivra for å få høgare opp på dagsordenen til Generalforsamlinga. Årets resolusjonstekst var langt kortare og meir poengtert, slik at det vart større merksemd rundt årets tema. USA, som ikkje er part i barnekonvensjonen, valde for første gong på åtte år å slutte seg til konsensus, trass i mange og sterke referansar til konvensjonen i resolusjonsteksten.

6.7 Kamp mot vald mot kvinner

Kamp mot seksuell vald i væpna konflikt var ei anna høgt prioritert sak for den norske delegasjonen under haustens generalforsamling. Denne problemstillinga står rett nok formelt på Tryggingsrådets dagsorden, gjennom tryggingsrådsresolusjonane 1325, 1820, 1888 og 1889, men ho er òg relevant for arbeidet i Generalforsamlinga. Noreg følgde aktivt opp dette sakskomplekset for å sikre konsistens mellom vedtaket i Tryggingsrådet og vedtak i Generalforsamlinga, mellom anna i resolusjonen om kamp mot vald mot kvinner, som blei behandla i 3. komité.

6.8 Vern for menneskeretts­forkjemparar

I Generalforsamlinga er legitimiteten til og behovet for vern for menneskerettsforkjemparar nokre av dei mest kontroversielle tema. Noreg leidde vanskelege forhandlingar om resolusjonen fram til konsensusvedtak. Sentralt i forhandlingane stod sikring av retten til ytrings- og forsamlingsfridom for menneskerettsforkjemparar.

6.9 Internflyktningar

Under norsk leiing vedtok Generalforsamlinga ein ny resolusjon om internflyktningar (internt fordrivne) som gir auka merksemd til samanhengen mellom klimaendringar og menneske på flukt i eige land.

Til forsida