Prop. 113 L (2009-2010)

Endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og 1107/70)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for endringsforslaget

Kollektivtransportforordninga vart sett i verk i EU 3. desember 2009. Ved avgjerd i EØS-komitéen nr. 85/2008 av 4. juli 2008 vart EØS-avtalen sitt vedlegg XIII, Transport, endra ved innlemming av Europaparlaments- og Rådsforordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei, og om oppheving av rådsforordning (EF) nr. 1191/69 og (EF) nr. 1107/70.

Forordninga skal sikra effektive offentlege transporttenester gjennom regulert konkurranse. Det vil seia at det vert innført ei plikt til konkurranse om marknaden. Når slik konkurranse er gjennomført, ligg det ikkje føre ytterlegare plikt til konkurranse i marknaden.

Ettersom gjennomføringa av avgjerda har til føresetnad at forordninga vert innlemma i EØS-avtalen, er det naudsynt at Stortinget samtykkjer, jf. Grunnloven § 26 andre ledd. Ein proposisjon om Stortinget sitt samtykke til lovendring er fremja av Utanriksdepartementet, jf. St.prp. nr. 82 (2007-2008). Stortinget har gjeve slikt samtykke, jf. Innst.S. nr. 32 (2008-2009).