Prop. 113 L (2009-2010)

Endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og 1107/70)

Til innhaldsliste

6 Framlegget til regelendringar

6.1 Generelt

Departementet har vurdert om forordninga bør gjennomførast i form av lov eller forskrift.

Yrkestransportlova har til no ikkje gått lenger enn til å slå fast at bruk av konkurranse skal vera frivillig. I dei tilfella der det allereie gjeld plikt til konkurranse, går dette i dag fram av anna regelverk, jf. lov om offentlige anskaffelser med tilhøyrande forskrifter og lov om sjøtransporttjenester. Reglar om prosess når konkurranse vert brukt på frivillig basis, er gjennomførte i form av forskrift.

Jernbaneloven regulerer ikkje spørsmålet om korleis kontraktar om offentleg teneste med jernbane skal tildelast.

Departementet finn at det passar best med strukturen i regelverket å gjennomføra kollektivtransportforordninga i form av forskrift. Dette gjev òg den fordelen at departementet kan gje felles reglar for veg- og banesektoren i ei fellesforskrift.

6.2 Yrkestransportlova

Framlegget er i hovudsak avgrensa til naudsynte endringar som følgje av at kollektivtransportforordninga vil verte inkorporert i norsk rett.

Der yrkestransportlova etter gjeldande rett i § 8 første ledd gjev tilvising på at fylkeskommunen kan velja mellom å konkurranseutsettja eller tildela kontrakt direkte, vil hovudregelen etter iverksetjing av kollektivtransportforordninga bli konkurranseutsetjing. Direkte tildeling vil framleis kunna nyttast innanfor dei rammene som går fram av kollektivtransportforordninga.

Yrkestransportlova § 8 sjuande ledd gjev departementet heimel til å gje nærare forskrift om konkurranse, medan § 35 gjev heimel for å gje nærare forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova. Departementet finn at desse reglane gjev heimel for å gjennomføra forordninga som forskrift på vegtransportområdet. Gjeldande forskrift om anbod i lokal rutetransport er gjeve med heimel i §§ 8 og 35.

I utkastet har departementet vald å fremja forslag om å oppheva yrkestransportlova § 22 sjette ledd, som fastset ei minste kontraktstid ved bruk av anbod (konkurranse) på 5 år med unntak for mellombelse ruter. Bakgrunnen for regelen er m.a. omsynet til tilsette og til tryggleik for investeringar, jf. Ot.prp. nr. 64 (1989-90) og Innst.O. nr. 82 (1990-91). Departementet viser til tidlegare framlegg om endringar i yrkestransportlova, som har som føresetnad at reglane i arbeidsmiljølova §§ 16-2 til 16-7 skal gjelda tilsvarande ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve. Denne lovendringa er vedteken og sett i verk frå 1. september 2009. Dette fører til at det er teke omsyn til tryggleiken for tilsette på ein alternativ måte. Departementet meiner at ei fast nedre grense for anbodskontraktar i ein del tilfelle kan synast som lite føremålstenleg og at det vil kunna motverka effektiv konkurranse ved at ein ikkje alltid vil kunna velja den kontraktsperioden som til ei kvar tid vil vera optimal. Etter departementet si vurdering vil marknaden sjølv avgrensa lengda på kontraktperiodar, m.a. gjennom høgre prissetjing av anbod som t.d. ikkje tek omsyn til investeringar. For den som skal kjøpa tenester, vil det likeins måtte gjerast vurderingar i høve til same problemstilling, samstundes som det òg må takast omsyn til meirbruk av eigne ressursar ved kortare intervall mellom kvar konkurranseutlysing.

Dei andre endringane i yrkestransportlova er i all hovudsak tilpassingar til endringa i § 8 første ledd, sjå meir under kapittel 10.

6.3 Jernbaneloven

Framlegget er avgrensa til å gjelde naudsynte endringar for å gjennomføra kollektivtransportforordninga i norsk rett. Fleire av reglane i forordninga er ikkje tydeleg forankra i jernbaneloven. Mellom anna stiller forordninga krav til korleis offentlege styresmakter skal gå fram for å påleggje plikt om offentleg tenesteyting, krav til innhald i kontraktar om offentleg teneste o.a. Departementet gjer difor framlegg om endring i jernbaneloven.

Jernbaneloven § 16 inneheld ein generell regel som gjev Kongen mynde til å gje forskrift om utfylling og gjennomføring av EØS-avtalen på jernbaneområdet. Av Ot.prp. 45 (1994-1995) s. 3 første spalte går det fram at føresegna mellom anna har som føremål å gje heimel for å fastsetja tidsfristar for sakshandsaminga som ikkje følgjer av forvaltningsloven. Denne heimelen gjeld såleis først og fremst for fastsetjing av administrative og prosessuelle reglar i EØS-lovgivinga, og ikkje for gjennomføring av materielle reglar.

Jernbaneloven §§ 8a og 8b gjev departementet heimel til å gje forskrifter om tilrettelegging for og gjennomføring av konkurranse om kontrakt om utføring av persontransport med jernbane og stiller eit generelt krav til at konkurransar skal gjennomførast på like vilkår og på ein ikkje-diskriminerande måte. Desse reglane i jernbaneloven opnar berre opp for konkurranse dersom styresmaktene sjølve ønskjer å nytta seg av denne tildelingsforma. Føresegnene seier ikkje noko om når konkurranse må nyttast, og seier heller ikkje noko om kva for innehald ein kontrakt om offentleg tenesteyting skal ha. Reglane gjeld dessutan berre i høve til situasjonen der departementet (staten) er kjøpar av tenestene og gjennomfører konkurranse om persontransport på det nasjonale jernbanenettet.

Det er derfor naudsynt med ein klar heimel i jernbaneloven for at forordninga skal kunna takast inn i norsk rett gjennom forskrift. Departementet meiner det er mest tenleg å ta inn ein slik forskriftsheimel i ny § 7d i kapittel II som gjev departementet mynde til å gjennomføra og utfylla forordninga med seinare endringar. Dette vil gje god samanheng med den tilsvarande gjennomføringsføresegna i § 7c om forordninga om rettar til jernbanepassasjar.

6.4 Regelverk som vil verta oppheva eller endra

Prosedyrereglane i forskrifta om anbod i lokal rutetransport gjevne med heimel i yrkestransportlova vert oppheva. Forskrifta vil føra vidare dei gjeldande reglane som ikkje gjeld prosedyre, og som ikkje på annan måte vert påverka av kollektivtransportforordninga.

I samsvar med kollektivtransportforordninga artikkel 10 må forordning (EØF) nr. 1107/70 opphevast. Tilsvarande gjeld forordning (EØF) nr. 1191/69, likevel slik at reglane i forordninga vil gjelda for godstransport i eit tidsrom på tre år etter iverksetjing av kollektivtransportforordninga. Forskrift av 8. november 1995 nr. 716 om gjennomføring av fellesregler om innenlands transport i EØS-avtalen må endrast i samsvar med dette. Forskrifta har heimel i lov av 26. mai 1995 nr. 25 om gjennomføring av fellesregler om innanlands transport i EØS-avtalen.