Prop. 113 L (2009-2010)

Endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og 1107/70)

Til innhaldsliste

8 Vurdering

8.1 Generelt

Forordninga fastset dei ytre rammene for bruk av konkurranse ved inngåing av kontraktar om offentleg tenesteyting, men gjev ikkje direkte føringar for kva for prosedyrar som må nyttast, så lenge føresetnadene i forordninga er oppfylte. Forordninga opnar i visse tilfelle opp for at den einskilde medlemsstat har alternativ i høve til verkeområdet for, og rekkevidda av, forordninga. Vidare vert det i høyringsvara peika på problemstillingar som kan reisa spørsmål om tolkinga av nokre punkt i forordninga. I dei følgjande punkta vil dei viktigaste problemstillingane på dei nemnde områda verta kommenterte.

Departementet vil implementera forordninga som ei felles forskrift med heimel i yrkestransportlova og jernbaneloven. Ut frå departementet si vurdering kan det synast føremålstenleg å leggja forordninga som vedlegg til dei forskriftene ho blir inkorporert gjennom, framfor å berre vise til forordninga i forskriftsteksten. Dette for å lette tilgangen til regelverket.

8.2 Rekkevidda av prinsippet om konkurranse

Det vil kunna tenkjast ei strengare praktisering enn det forordninga legg opp til for å kunna bruka direktetildeling av kontrakt, ved å krevja at tildeling av alle kontraktar skal lysast ut for konkurranse. Det er fullt mogeleg for nasjonale styresmakter å krevja at dei kontraktane som kan verta unntekne frå kravet om konkurranseutsetjing etter reglane i artikkel 5 òg skal konkurranseutsetjast.

Departementet legg i størst mogeleg grad opp til at det ikkje vert gjeve nasjonale pålegg om bruk av konkurranse ut over det som følgjer av forordninga. Dette for å styrkja det lokale sjølvstyret og sikra størst mogeleg handlefridom. Departementet understrekar likevel at dette ikkje er til hinder for at dei lokale styresmaktene kan velja å nytta konkurranse ved tildeling av kontraktar og løyve for transport på område der dette ikkje følgjer av forordninga.

Når endringane har verka noko i tid, vil regieringa, basert på dei erfaringane ein har fått, vurdera om det skal innførast lågare terskelverdiar, evt. andre endringar i unntaksreglane.

8.3 Prosedyrar for gjennomføring av konkurranse

Kollektivtransportforordninga slår i artikkel 5 (3) fast hovudregelen om at tildeling av kontrakt om plikt til offentleg tenesteyting skal skje etter open og rettvis konkurranse, men seier ikkje noko om bruk av særskilte prosedyrereglar. Departementet kan med heimel i yrkestransportlova og jernbaneloven gje forskrifter om konkurranse. Det er i dag fastsett eigne forskrifter om bruk av anbod som frivillig alternativ ved tildeling av løyve etter yrkestransportlova, jf. forskrift om anbud i lokal rutetransport. Departementet tek sikte på å forenkla desse forskriftene, som i lys av utviklinga sidan dei vart gjevne i 1994 har vorte mindre eigna til formålet. Lov og forskrift om offentlege innkjøp har i stor grad vorte nytta til utfylling av og tolking av denne forskrifta. Departementet har ikkje fastsett forskrifter med særskilte prosedyrereglar med heimel i jernbaneloven.

Departementet ønskjer ikkje i utgangspunktet å gje særlege føringar på kva prosedyrereglar som skal nyttast ved konkurranse etter kollektivtransportforordninga. Det bør vera opp til rette styresmakt å velja kva prosedyrar ein ønskjer å nytta i det konkrete tilfellet, innanfor dei rammene som kollektivtransportforordninga og anna regelverk set. For å sikra at ein konkurranse oppfyller krava om openheit o.a., vil det vera eit godt alternativ om kompetente styresmakter nyttar dei framgangsmåtane som følgjer av lov om offentlige anskaffelser med tilhøyrande forskrifter.

Dersom det i praksis viser seg å vera behov for særlege, kan henda forenkla, prosedyrereglar på området, vil det vera mogeleg å ta dette opp til vurdering på eit seinare tidspunkt.

8.4 Jernbanetransport

Etter artikkel 5 (6) kan ein nytta direktetildeling av kontrakt om offentleg teneste med jernbane (på det nasjonale jernbanenettet), med mindre det er forbod mot det i nasjonal lovgjeving. Departementet ser det ikkje som aktuelt å skulla fremja noko lovforslag i ei slik retning. Det er ønskjeleg å sikra størst mogeleg handlefridom for kompetente styresmakter. Departementet ser atterhaldet i artikkel 5 (6) som ei formulering som tek omsyn til og regulerer forholdet mellom nasjonal rett og forordninga i land der krav om konkurranse på jernbane er lovfesta.

Unntaket gjeld ikkje for annan sporbunden transport.

8.5 Terskelverdiar og produksjonsgrense

Artikkel 5 (4) gjev høve til å nytta direkte tildeling av kontrakt om offentleg tenesteyting dersom verdien av kontraktane ligg under visse terskelverdiar eller omfattar transport under ei viss årleg kilometergrense, med mindre nasjonal lovgjeving inneheld forbod mot det. Departementet viser til det som står i punktet over, og har ikkje lagt opp til endringar som vil innskrenka fridomen for offentlege styresmakter til å kunna nytta direkte tildeling av kontrakt under nemnde føresetnader, dersom dette synest føremålstenleg i ein gjeven situasjon.

8.6 Sjøtransport

Forordninga opnar i artikkel 1 (2) for å la forordninga gjelda for tildeling av kontrakt om offentleg tenesteyting på innanlands vassvegar og i nasjonale farvatn, med atterhald for bruk av den maritime kabotasjeforordninga.

Departementet viser til at den maritime kabotasjeforordninga og generelle reglar i EU-traktaten regulerer dette området i dag. Statsstøtte som ikkje fell inn under kollektivtransportforordninga skal vera i samsvar med EF-traktaten artikkel 73, 86, 87 og 88, jf. EØS-avtalen artikkel 49, 59, 61 og ODA-avtalen protokoll 3 artikkel 1.

Departementet viser til at prinsippa som ligg til grunn ved tildeling av kontrakt/løyve for sjøruter har vore innarbeidde over fleire år ved handsaming og tildeling av løyve og tilskot til sjøruter.

Departementet viser òg til risikoen for konfliktar eller gråsoner som vil kunna oppstå mellom kollektivtransportforordninga og den maritime kabotasjeforordninga, jf. at det i kollektivtransportforordninga artikkel 1 (2), vert teke atterhald for bruk av den maritime kabotasjeforordninga om ein vel å bruka kollektivtransportforordninga i sjøtransport. Departementet ønskjer derfor ikkje å gje noko pålegg om bruk av konkurranse ut over det som følgjer av gjeldande praksis etter den maritime kabotasjeforordninga. Regelverket i kollektivtransportforordninga vert difor ikkje gjort gjeldande for sjøtransport. Det kan vera aktuelt å koma tilbake til dette spørsmålet gjeve at erfaringane med bruk av kollektivtransportforordninga er positive og samla sett kan gje ei betre ordning. Det vert òg vist til at det i høve til gjeldande regelverk ikkje er noko i vegen for å nytta open konkurranse ut over det som er naudsynt i høve til prinsippa i den maritime kabotasjeforordninga ved tildeling av løyve/kontrakt om offentleg tenesteyting på sjøruter for å unngå tvil om ulovleg statsstøtte.

8.7 Intern ytar

Departementet har merka seg innspel i høyringa som gjeld tolkingar av kva som fell inn under omgrepet «intern yter», jf. artikkel 5 (2) og artikkel 2 bokstav j i forordninga.

Vurderinga vil måtta knyta seg til om vedkommande styresmakt har ein slik kontrollerande posisjon i høve til leverandøren av tenesta som følgjer av reglane i forordninga. Departementet finn ikkje her å kunna gå inn på ei tolking av dei konkrete tilfella.

8.8 Kontraktslengde

Kontraktslengda for busstransport er høgst 10 år, jf. artikkel 4 (3). I artikkel 4 (4) vert det opna for at kontraktslengda i visse tilhøve kan verta utvida med opptil 5 år.

Departementet finn det ikkje naudsynt å nytta høvet til å ta dette inn i regelverket for veg- og sjøtransport. Maksimal løyveperiode for ruteløyve er 10 år etter gjeldande rett. Ved bruk av konkurranse vert kontraktslengda ofte sett kortare enn 10 år. Gjeldande ordning vert vurdert til å fungera tilfredsstillande. Det kan svekka effektiv konkurranse å opna for lengre kontraktsperiodar.

8.9 Allmenne reglar for godtgjersle for maksimaltakstar for visse grupper

Etter artikkel 3 (3) kan nasjonale styresmakter utelukka allmenne reglar om godtgjersle for maksimaltakstar for visse grupper frå verkeområdet til forordninga.

I Noreg vert maksimaltakstar fastsette gjennom avtalar som er ein del av grunnlaget for kontraktar om generell godtgjersle, og ikkje gjennom generelle reglar. Departementet vurderer det per i dag ikkje som aktuelt å nytta den moglegheita for unntak som artikkel 3 (3) gjev. Om det er ønskjeleg med regulering seinare, kan dette gjerast i form av forskrift.

8.10 Overgangsreglar

Reglane om konkurranseutsetjing (artikkel 5 i forordninga) skal gradvis verta gjennomførte i overgangsperioden på 10 år frå forordninga tredde i kraft, dvs. innan 3. desember 2019. Departementet meiner det er dei lokale styresmaktene som er nærast til å vurdera når dei skal gjennomføre reglane om konkurranseutsetjing innanfor den overgangsperioden som er gjeve. Det er viktig at dei lokale styresmaktene i denne vurderinga tek omsyn til kravet om ei gradvis gjennomføring av forordninga. Det vil vera lite heldig om lokale styresmakter utsett innføringa av konkurranse for alle kontraktar innan sitt område til slutten av overgangsperioden. Ei opphoping av konkurransar på slutten av perioden vil kunne føra til at det ikkje vert reell konkurranse fordi operatørane som regel ikkje har moglegheit til å binda seg til fleire tilbod samstundes.

Vanleg kontraktslengd innan vegtransport er 10 år. Departementet vil peika på at om ein let reglane i artikkel 5 gjelda for alle kontraktar som vert slutta etter at denne lovendringa trer i kraft, vil ein langt på veg sikra ei gradvis innføring av prinsippet om konkurranseutsetjing innan overgangsperioden er ute. På den måten kan ein unngå opphoping av konkurransar mot slutten av perioden.