Prop. 113 L (2009-2010)

Endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og 1107/70)

Til innhaldsliste

3 Nærare om kollektivtransportforordninga

3.1 Formål

Forordninga fastset i tråd med dette korleis kompetente styresmakter, innanfor rammene av EØS-retten, kan gripa inn i kollektivtransporten for å sikra levering av tenester av allmenn interesse, som har høgre frekvens, er tryggare, betre og rimelegare, enn det ein kan oppnå gjennom marknadskreftene åleine. Forordninga slår fast på kva måte kompetente styresmakter kan tildela offentleg støtte (tilskot) og/eller einerettar til operatørar innan buss- og banesektoren i tilknyting til oppfylling av plikt til offentleg teneste, jf. artikkel 1.

Kollektivtransportforordninga tek sikte på å regulera konkurransen slik at kontraktar om offentleg teneste i kollektivtransport vert inngåtte og gjennomført på ein gjennomsynleg måte.

3.2 Samandrag av innhaldet i forordninga

Artikkel 5 i forordninga gjev reglar om når konkurranseutsetjing krevjast. I artikkel 4 vert det sett opp minimumsreglar for kva kontraktar om plikt til offentleg teneste skal innehalda. Artikkel 7 har reglar om offentleggjering. I artikkel 8 er det gjeve overgangsreglar i høve til når forordninga skal gjelda fullt ut for alle kontraktar innan sektoren.

Forordninga fastset òg reglar for kontraktar som ikkje må setjast ut for konkurranse.

Forordninga legg til grunn at kompetente styresmakter fastset transportstandard. Forordninga gjev ikkje detaljerte reglar om prosessen for tildeling av kontraktar.

Tildeling av støtte eller einerett skal etter forordninga skje ved inngåing av kontrakt om offentleg teneste. Vilkår om maksimaltakstar kan likevel verta fastsette i allmenne reglar (til dømes i vedtak med heimel i lov). EØS-statane kan sjå bort i frå reglane i forordninga når det gjeld allmenne reglar om maksimumstakstar. Dette må eventuelt notifiserast, jf. artikkel 3.

Hovudregelen etter forordninga er at kontrakt om offentleg tenesteyting skal tildelast etter konkurranseutsetjing, jf. artikkel 5 (3).

Unntak frå dette gjeld:

  1. dersom oppdragsgjevar sjølv eller ein intern operatør driv transporttenesta på den aktuelle strekninga, jf. artikkel 5 (2),

  2. dersom den årlege verdien av kontrakten er på under 1 million euro, eller under 2 millionar euro for små og middels store bedrifter, jf. artikkel 5 (4),

  3. der operatøren utfører mindre enn 300 000 kilometer transporttenester årleg, eller under 600 000 kilometer for små og middels store bedrifter, jf. artikkel 5 (4),

  4. i naudsituasjonar, jf. artikkel 5 (5), og

  5. for jernbane, jf. artikkel 5 (6).

I nemnde tilfelle kan kompetente styresmakter velja å tildela kontrakt direkte utan konkurranse på førehand. Det er verd å merka seg at ved utrekning av verdien av kontrakten, skal òg verdien av billettinntektene reknast med.

Når det gjeld tilskot som vert tildelt utan konkurranse, skal tildelinga, utover å oppfylla dei generelle krava i forordninga, vera i samsvar med reglane i vedlegget til forordninga, jf. artikkel 6 (1). Vedlegget gjev reglar som skal sikra transparens og at tildeling av tilskot ikkje skal føra til overkompensasjon.

Med unntak av artikkel 5 om korleis kontrakten skal inngåast og artikkel 8 om overgangsreglar, gjeld forordninga òg for kontraktar som fell inn under regelverket om offentlege innkjøp. Alle dei andre reglane i forordninga, til dømes reglane i artikkel 4 om obligatorisk innhald i kontraktane og reglane i artikkel 7 om offentleggjering, gjeld òg for kontraktar som fell inn under regelverket om offentlege innkjøp.

Minimumsreglar for kva kontrakten skal innehalda følgjer av artikkel 4 (1) – 4 (4). Det skal definerast klart kva som er innhaldet i plikt til offentleg teneste, og oppdragsgjevar skal på førehand fastsetja kva parameter tilskot skal vurderast i høve til, og omfanget av ein einerett. Parametrane må fastsetjast slik at tilskotet ikkje fører til overkompensasjon. Vidare skal det fastleggjast korleis kostnadene til utføring av forplikting til offentleg teneste skal fordelast, og korleis inntektsfordelinga mellom oppdragsgjevar og operatør skal vera.

Kontraktstida skal etter artikkel 4 (3) vera maksimalt 10 år for buss, og 15 år for jernbane. For jernbane gjeld likevel regelen om kontraktstid på 15 år berre ved konkurranseutsetjing. Utan konkurranseutsetjing er maksimal kontraktslengd 10 år. Perioden kan forlengjast med opp til 50 prosent av tida i tilfelle der operatøren stiller til rådvelde ein vesentleg del av aktiva knytt til utføring av transporten, eller om det er eit rettkomme krav ut frå kostnadene som følgje av særleg perifer geografisk plassering. I tilfelle der ei ytterlegare forlenging av kontrakten kan grunngjevast i nedbetaling av gjeld (amortisering) knytt til infrastruktur eller køyrande/rullande materiell, er dette mogeleg dersom det vert gjort ved ein open konkurranseprosess og ESA (Kommisjonen for medlemslanda i EU) vert varsla om tildelinga, jf. artikkel 4 (4).

Oppdragsgjevar kan leggja inn i kontrakten at operatørar som vert tildelt kontrakt må ta over tilsette frå tidlegare operatør, på same måte som ved overdraging av verksemd, jf. artikkel 4 (5). Forordninga viser òg til reguleringar i nasjonal rett når det gjeld dette spørsmålet.

Vidare skal alle kompetente styresmakter kvart år offentleggjera ei detaljert oversikt over alle plikter til offentleg transportteneste som styresmaktene er ansvarlege for, jf. artikkel 7 (1). Dei vert òg pålagt å offentleggjera informasjon om intensjonen om tildeling av kontrakt til offentleg teneste eitt år før konkurranseprosedyren vert innleia eller direktetildelinga av kontrakt vert gjennomført, jf. artikkel 7 (2). Oppdragsgjevar kan velja ikkje å offentleggjera slike opplysningar når det gjeld kontraktar som omfattar mindre enn 50 000 vognkilometer årleg, eller kontraktar som vert tildelt i naudsituasjonar.

I artikkel 8 er det teke inn overgangsreglar. Reglane vil få full verknad i dei sektorane som er omfatta innan 10 år, dvs. innan 3. desember 2019. Det er nasjonalstatane sitt ansvar å syta for at reglane om konkurranseutsetjing (artikkel 5 i forordninga) gradvis vert gjennomførte i denne perioden. Fram til denne datoen kan kompetente styresmakter inngå kontraktar utan å nytta anbod etter reglane i artikkel 5. Kontraktar som i denne perioden vert inngåtte utan bruk av konkurranse må opphøyra å gjelda innan utløpet av overgangsperioden. For kontraktar som er etablerte innan forordninga trer i kraft, er overgangsordningane enno lengre. Som regel kan kontraktane halda fram å gjelda til dei går ut.

Tilskot gitt i samsvar med forordninga må ikkje notifiserast til ESA, sjå artikkel 9 (1), jf. artikkel 1 (3) i protokoll 3 til Avtale mellom EFTA-statene om opprettelse av et Overvåkingsorgan og en Domstol (ODA-avtalen).

3.3 Krav om konkurranse

Kollektivtransportforordninga regulerer korleis offentlege styresmakter kan tildela tilskot og einerett innan kollektivtransport, og fastset nærare reglar om inngåing av og innhaldet i kontraktar om offentleg tenesteyting.

I utgangspunktet gjeld kollektivtransportforordninga for alle kontraktar om offentleg tenesteyting innan kollektivtransport, både tenestekontraktar og tenestekonsesjonskontraktar.

For tenestekonsesjonskontraktar gjeld ikkje regelverket om offentlege innkjøp. For slike kontraktar er reglar om konkurranseutsetjing fastsette i artikkel 5 i kollektivtransportforordninga. Forordninga fastset i artikkel 5 (3) hovudprinsippet om at tildeling av kontraktar om offentleg tenesteyting skal skje på grunnlag av ein konkurranseprosedyre. Konkurranseprosedyren skal vera slik at konkurransen er open for alle føretak, at den er rettvis og at den tek i vare prinsippa om openheit og likehandsaming. Etter innsending av tilbod og eventuelt førehandsval, kan prosedyren omfatta forhandlingar i samsvar med nemnde prinsipp for å fastsetja korleis særskilte eller samansette krav skal oppfyllast på best mogeleg måte.

Dersom kollektivtransport vert utført på kommersielt grunnlag og ikkje på grunnlag av kontrakt om offentleg teneste, gjeld ikkje reglane i forordninga. For land som har gjennomført fri konkurranse om transporttenester, gjeld såleis ikkje forordninga. I Noreg vil forordninga ikkje gjelda for kommersielle ekspressbussruter.

Jernbanetransport er ikkje omfatta av krav til konkurranse. Etter ordlyden i forordninga artikkel 5 (6) sett i samanheng med artikkel 5 (1) gjeld dette for alle kontraktar om offentleg teneste, uavhengig av om kontrakten er ein tenestekonsesjonskontrakt eller ein tenestekontrakt etter regelverket om offentlege innkjøp. Kva forordninga har å seia for regelverket om offentlege innkjøp må likevel vurderast nærare i høve til jernbanetransport.

Unntaket i forordninga gjeld ikkje anna sporbunden transport, som tunnelbane, forstadsbane og sporveg. Det kan likevel gjerast unntak for slik transport dersom den transporten kjem inn under eit av unntaka i artikkel 5, til dømes om den skjer i eigen regi eller vert utført av ein intern operatør, jf. artikkel 5 (2).

Medlemsstatane kan, på frivillig grunnlag, fastsetja å nytta forordninga ved inngåing av tilsvarande kontraktar på sjøruter, jf. artikkel 1 (2).

Det følgjer som nemnt av artikkel 6 (1), jf. vedlegg til forordninga, at ein må følgja visse reglar som skal sikra openheit og transparens ved direkte tildeling av kontrakt.