Prop. 113 L (2009-2010)

Endringar i yrkestransportlova og jernbaneloven (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1370/2007 av 23. oktober 2007 om offentlig persontransport med jernbane og på vei og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 1191/69 og 1107/70)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det er alt i dag utbreidd bruk av konkurranse ved tildeling av løyve for persontransport i rute både for buss og båt i mange fylkeskommunar. Det har som nemnd vore høve til å nytta anbod som eit alternativ ved tildeling av løyve for persontransport etter yrkestransportlova (tidlegare samferdselslova) frå 1994, ved inngåing av slike kontraktar om offentleg teneste i kollektivtransportsektoren som kollektivtransportforordninga gjeld for. For tenestekontraktar gjeld lov om offentlige anskaffelser direkte.

For staten sin del har det vore nytta anbod ved tildeling av løyve til persontransport med fartøy på strekninga Bergen – Kirkenes. Dei fleste sambanda som var riksvegferjesamband fram til 1. januar 2010, vart lyste ut for konkurranse innan ­utgangen av 2009. Dei sambanda som ikkje var l­yste ut, er i dag fylkeskommunale samband, jf. forvaltingsreforma. Desse sambanda skal etter planen lysast ut for konkurranse i 2010. For jernbane har det vore nytta konkurranse på strekninga Oslo – Gjøvik.

Det er i dag ein hovudregel for offentlege innkjøparar at det skal nyttast konkurranse ved kjøp av varer og tenester, og systemet har òg vore eit alternativ innan kollektivtransport i snart 15 år. Departementet kan såleis ikkje sjå at regelendringa som innfører krav om bruk av konkurranse ved tildeling av løyve for persontransport, vil føra til vesentleg auke i ressursbruken ved offentleg administrasjon av kollektivtransport.

Utvida plikt til konkurranse vil kunne gje meir effektiv ressursbruk i område med verksam konkurranse om slike oppdrag. Såleis kan offentlege styresmakter oppnå lågare kostnader, som i sin tur kan brukast til å gje innbyggjarane eit betre kollektivtransporttilbod. For næringa vil endringa utvida marknaden for å kunna konkurrera når område som til no har vore skjerma for konkurranse vert konkurranseutsette. Dette vil t.d. gje fleire alternativ for operatørar som taper konkurransar eller misser kontraktar om offentleg transport, ved at dei kan delta i konkurranse om rutetransport andre stader i landet.