Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

2 NATOs nye strategiske konsept og toppmøtet i Lisboa

På toppmøtet i Lisboa 19. og 20. november 2010 vart det vedteke eit nytt strategisk konsept. Dette viser at NATO tilpassar seg ein endra geopolitisk situasjon og nye tryggingspolitiske utfordringar. Lisboa-toppmøtet la òg grunnlaget for ein ny fase i den NATO-leidde militære innsatsen i Afghanistan og for vidare utvikling av samarbeidet med Russland.

Det nye strategiske konseptet fastset kursen for NATO i det komande tiåret. Førre gongen dette grunnlagsdokumentet vart revidert, var i 1999. Gjennom den førebuande prosessen og møtet i Lisboa kunne òg dei medlemslanda som har slutta seg til alliansen sidan 1999, ta del i utforminga av og vedtaket om det nye konseptet.

Stats- og regjeringssjefane vart samde om å arbeide vidare med fleire viktige spørsmål i perioden fram til neste toppmøte i 2012, m.a. ein ny kommandostruktur, moderniserte militære kapasitetar, etablering av eit missilforsvar og ein handlingsplan for oppfølging av tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Lisboa-toppmøtet gav òg klarsignal til å starte prosessen med overføring av tryggingsansvaret i Afghanistan til afghanske styresmakter.

Russland står i ei særstilling blant samarbeidspartnarane til NATO, og NATOs strategiske konsept slår fast at alliansen ser på Russland som ein strategisk partnar. President Medvedev og toppleiarane i medlemslanda vedtok i Lisboa å greie ut om det kunne etablerast eit missilforsvarssamarbeid, og om samarbeidet kunne vidareførast på ei rekkje andre område, mellom anna når det gjeld Afghanistan og kampen mot terrorisme og piratverksemd.

2.1 Eit nytt strategisk konsept

Avgjerda om å utvikle eit nytt strategisk konsept for alliansen vart teken på NATO-toppmøtet i Strasbourg/Kehl 3.–4. april 2009. Arbeidet med NATOs nye strategiske konsept starta hausten 2009 og gjekk føre seg heilt fram til Lisboa-toppmøtet.

Det vart oppretta ei ekspertgruppe med tolv medlemer for å leie dette arbeidet. Gruppa vart leidd av den tidlegare utanriksministeren i USA, Madeleine Albright. Noreg var ikkje representert i ekspertgruppa, men var vertskap for eit av fire seminar som gav innspel til arbeidet i gruppa. Temaet for seminaret i Oslo 14. januar 2010 var NATOs partnarskap. På seminaret deltok høgtståande representantar frå NATO-landa, representantar for partnarland og frå akademiske institusjonar, internasjonal presse og private organisasjonar. Utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Grete Faremo deltok frå norsk side. Dei andre seminara vart arrangerte i Luxembourg, Ljubljana og Washington.

I motsetning til arbeidet med det strategiske konseptet i 1999, som utelukkande gjekk føre seg i lukka forhandlingar mellom dei allierte, vart arbeidet denne gongen lagt opp for å sikre brei fagleg og politisk deltaking frå ei rekkje land, i og utanfor alliansen.

Ekspertgruppa la fram rapporten sin 17. mai 2010 med ei rekkje konkrete tilrådingar til oppfølging. Rapporten vart grundig diskutert i fleire møte i NATO-rådet og danna grunnlaget for utkastet til nytt strategisk konsept som generalsekretæren la fram 27. september 2010.

Konseptutkastet vart deretter forhandla fram til toppmøtet i Lisboa, der det vart endeleg vedteke av stats- og regjeringssjefane i NATO-landa. Konseptet er langt kortare og klarare enn tidlegare konsept.

Det nye konseptet slår fast at hovudpilarane i NATO-samarbeidet står fast. Solidariteten allierte imellom, slik han er nedfelt i artikkel 5 i Atlanterhavspakta, er sjølve kjernen i samarbeidet. Verdigrunnlaget til NATO og forankringa i FN-charteret ligg fast. Døra inn til NATO står framleis open for europeiske land med demokratisk styresett som oppfyller krava til medlemskap.

I det nye konseptet er hovudoppgåvene til alliansen er definerte som:

  • kollektivt forsvar

  • krisehandtering

  • tryggleik gjennom samarbeid med partnarar

I arbeidet med nytt strategisk konsept har Regjeringa hatt tre prioriterte område: 1) ei tydeliggjering av balansen mellom NATOs kjerneoppgåver og operasjonar langt borte, 2) nedrusting og 3) samarbeidet med Russland. Regjeringa har allereie frå hausten 2009 og heile vegen fram til toppmøtet delteke aktivt i prosessen med å utforme alliansens nye strategiske konsept. Den politiske leiinga i Forsvarsdepartementet eller Utanriksdepartementet har delteke på alle seminara om det nye konseptet, og norske forslag har vorte frema. Strategien var å arbeide tettast mogleg på ekspertgruppa før rapporten vart lagd fram.

Det norske nærområdeinitiativet har vore Regjeringas viktigaste prioritering i arbeidet med nytt strategisk konsept. Og i arbeidet med å utvikle det nye konseptet vaks det fram ei forståing blant øvrige allierte av at operasjonar langt borte ikkje må gå ut over NATOs første hovudoppgåve, nemleg kollektivt forsvar. Kjernefunksjonane og nærområda til NATO må takast vare på, og oppslutninga om alliansen må vere solid forankra i eiga befolkning.

Konseptet gjev stor merksemd til såkalla nye truslar, mellom anna digitale angrep, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og terrorisme. Også slike angrep kan i visse situasjonar utløyse forpliktingane i artikkel 5 om kollektivt forsvar. Omstillinga til å kunne møte også nye truslar er viktig for å sikre at alliansen bevarar truverdet sitt og forsvarsevna si.

Regjeringa har arbeidd målretta for at nedrustingsspørsmål skal kome høgare på dagsordenen i alliansen og er nøgd med at desse spørsmåla har fått ein sentral plass i det nye konseptet. NATO forpliktar seg for første gong til å arbeide for ei verd utan atomvåpen. Samtidig heiter det at alliansen vil behalde kjernevåpen så lenge det finst slike våpen. Det strategiske konseptet og toppmøteerklæringa legg opp til ein gjennomgang av forsvars- og avskrekkingspolitikken til NATO fram mot neste toppmøte.

Med bakgrunn i trusselen frå spreiing av masseøydeleggingsvåpen og ballistiske missil vedtok alliansen på toppmøtet å etablere eit territorialt missilforsvar. NATO vil søkje samarbeid med Russland og andre partnarland i dette arbeidet. Regjeringa har lagt stor vekt på at NATO samarbeider med Russland på dette området.

Det nye konseptet legg i sterkare grad vekt på krisehandtering og tryggleik gjennom samarbeid med andre aktørar, både land utanfor det euroatlantiske området og med andre internasjonale organisasjonar.

Samtidig skal partnarskapspolitikken i NATO få ei meir sentral rolle. Partnarskapsordningane skal gjennomgåast, og dette er eit sentralt tema for utanriksministrane i NATO i 2011. På utanriksministermøtet i Berlin 14.–15. april 2011 vart det vedteke ein ny partnarskapspolitikk.

Den økonomiske situasjonen i medlemslanda påverkar arbeidet med å effektivisere og slanke dei militære strukturane i alliansen. Lisboa-toppmøtet vedtok endringar i kommandostrukturen som skal gjennomførast i 2011. Det er eit klart behov for ein mindre og meir fleksibel kommandostruktur. Samtidig er vi frå norsk side opptekne av at innsparing ikkje skal vere avgjerande for dei vala som vert tekne for fellesfunksjonane i NATO.

2.2 Toppmøteerklæringa

I tillegg til det nye strategiske konseptet vedtok òg stats- og regjeringssjefane i NATO-landa ei toppmøteerklæring. Her vert det mellom anna lagt vekt på ei rekkje aktuelle samarbeidsforhold med partnarland og internasjonale organisasjonar og på verdien av å vidareføre open-dør-politikken i NATO. Erklæringa tek ikkje til orde for å invitere nye land til NATO-programmet for opptak av nye medlemer, MAP (Membership Action Plan), men understrekar at Makedonia vil vere velkomen som medlem når namnespørsmålet er løyst. I erklæringa vert det òg gjenteke at Bosnia-Hercegovina er velkomen til å innleie MAP når reformspørsmålet om registrering av forsvarseigedommar som statleg eigedom er avklart.

Det faste NATO-rådet får i oppdrag å utarbeide politiske retningslinjer for forsvarsplanlegging, og arbeidet med å legge om kommandostrukturen i NATO skal følgjast opp i 2011. Toppmøteerklæringa inneheld òg fleire andre oppdrag som vil krevje oppfølging fram til neste toppmøte i USA i 2012.