Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

6 NATO-reform

Arbeidet med reform av alliansen stod sentralt i 2010. Ei samla pakke med reformtiltak var ei hovudsak på NATO-toppmøtet i Lisboa, og dette temaet vil stå sentralt på dagsordenen i NATO også i 2011.

Eit viktig tiltak i reformarbeidet er innsatsen for å etablere ein ny militær kommandostruktur. Hausten 2010 slutta forsvarsministrane i NATO seg til ein ny, overordna modell for kommandostrukturen som inneber færre hovudkvarter og ein vesentleg reduksjon i talet på stillingar (frå over 13 000 til under 9 000). Samtidig er det lagt opp til at den reviderte strukturen vil få ei betre evne til å utplassere hovudkvarter for å leie militære operasjonar. Frå norsk side har vi særleg arbeidd for at kommandostrukturen på nytt skal få eit regionalt fokus, og for at det skal etablerast eit tettare samarbeid mellom nasjonale hovudkvarter og kommandostrukturen i NATO. Dette er reflektert i den nye modellen, og arbeidet med å følgje opp dette vil halde fram gjennom 2011. Den geografiske innrettinga av den nye kommandostrukturen vil verte utarbeidd og vedteken i 2011.

Som ein del av reformarbeidet i NATO vert det òg arbeidd med å redusere talet på NATO-organ og støtteeiningar (dei såkalla «NATO Agencies»). Desse er oppretta for ulike føremål, som felles innkjøp, drift og støttetenester. Det finst 14 av dei i dag. Ein enklare struktur kan på sikt gje større effektivitet, og frå norsk side har vi understreka at det er viktig at dei tiltaka som skal gjennomførast, må bidra til reelle innsparingar og meir effektive løysingar. Frå norsk side vert det generelt lagt vekt på at fellesløysingar i NATO ofte gjev betre resultat og er billegare enn at landa løyser oppgåver kvar for seg.

Vidare har arbeidet med å reformere komitéstrukturen og dei interne arbeidsprosessane i NATO vorte vidareført gjennom 2010. Det er gjennomført ei omfattande rasjonalisering i komitéstrukturen i NATO. Vidare er det sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje arbeidet med ressursplanlegging og ressursstyring i alliansen.

Regjeringa støttar arbeidet med å reformere strukturen og organisasjonen i alliansen. Den overordna målsetjinga er å sikre at NATO er innretta så relevant som mogeleg for å kunne handtere tryggingsutfordringar i framtida. I praksis inneber dette ei operasjonalisering av føringane i det nye strategiske konseptet.