Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

3 NATO-operasjonar

3.1 Afghanistan (ISAF)

NATO-toppmøtet i Lisboa vedtok å starte overføringa av ansvaret for tryggleiken i Afghanistan til afghanske styresmakter i 2011. Dette markerer innleiinga på ein ny fase for den NATO-leidde internasjonale stabiliseringsstyrken (ISAF) i Afghanistan. Toppmøtet slutta seg òg til målsetjinga til den afghanske presidenten om at afghanske styresmakter skal ha ansvaret for tryggleiken i heile Afghanistan innan utgangen av 2014.

Under Afghanistan-konferansane i London 28. januar 2010 og i Kabul 20. juli same året var spørsmål knytte til overføring av tryggingsansvaret ei hovudsak. I planlegginga har NATO teke utgangspunkt i resultata frå desse internasjonale konferansane, og organisasjonen har samarbeidd tett med afghanske styresmakter.

Overføringa av tryggingsansvaret vil verte ein gradvis prosess der provinsar og distrikt vert overførte etter kvart som ein vurderer at dei er klare for dette. Det er semje om at situasjonen på bakken må vere avgjerande når ein skal vurdere ansvarsoverføring for eit område. Frå hausten 2010 har det på månadleg basis vorte utarbeidd detaljerte rapportar til NATO-rådet og ikkje-allierte bidragsland, der det vert gjort greie for situasjonen i dei ulike distrikta og provinsane og for kva tid ein kan rekne med at ansvarsoverføringa kan starte. Den endelege avgjerda om å starte overføringa av tryggingsansvaret vert teken av NATO-rådet og afghanske styresmakter i fellesskap.

Frå norsk side har vi lagt vekt på behovet for at prosessen vert så heilskapleg og strukturert som mogeleg. Det er viktig at ansvarsoverføringa vert ein felles prosess ein kan samlast om både internt i alliansen og med partnarlanda og det internasjonale samfunnet elles. Viktigast er det likevel at afghanske styresmakter vert tett involverte. Einsidige avgjerder frå enkeltland om tilbaketrekking vil kunne gjere det vanskeleg å nå målet om at afghanske styresmakter innan utgangen av 2014 skal ha overteke tryggingsansvaret i heile Afghanistan. Frå norsk side har behovet for alliert samhald og solidaritet i den vidare prosessen difor vore eit hovudpoeng.

Det er på det reine at NATO vil vere i Afghanistan òg etter 2014, men med ei anna rolle. Under toppmøtet i Lisboa signerte president Karzai og generalsekretær Fogh Rasmussen ei erklæring som skisserte rammene i eit langsiktig og ikkje-operasjonelt samarbeid mellom NATO og Afghanistan. I erklæringa tek NATO på seg å støtte Afghanistan med kapasitetsbyggjande tiltak i den afghanske tryggingssektoren òg etter 2014. Mellom anna skal opplæringsoppdraget NATO driv i Afghanistan (NTM-A), vidareførast. Denne overordna erklæringa gav rammene for eit praktisk samarbeidsprogram som skal utarbeidast i 2011.

I juni 2010 vart sjefen for ISAF-styrken (COMISAF), general McChrystal, erstatta av general Petraeus. Sjefsskiftet innebar inga endring i den militære strategien. I 2011 vil general Allen overta stillinga som sjef for ISAF-styrken når general Petraeus overtek som sjef for CIA.

Den noverande strategien for ISAF legg til grunn at tryggingsutfordringane i Afghanistan berre kan møtast ved forsterka samspel mellom sivil og militær innsats. Vern av den afghanske befolkninga er òg ein hovudpilar i strategien. Dette er ei erkjenning av den sterke uvissa mange afghanarar kjenner i kvardagen.

Frå norsk side har vi lagt vekt på at konflikten i Afghanistan berre kan løysast politisk, og at det er afghanske styresmakter som sjølve må ta ansvaret for å finne løysingar på afghanske premiss. Hovudansvaret til ISAF er å betre tryggingssituasjonen og dermed leggje forholda til rette for politisk og økonomisk utvikling. Den militære operasjonen må difor sjåast i nær samanheng med den internasjonale sivile innsatsen og det arbeidet som vert gjort av afghanske styresmakter.

Militær styrkeoppbygging var ein viktig del av den nye strategien, og ISAF vart fram mot sommaren 2010 styrkt med om lag 40 000 nye soldatar. Om lag 30 000 av desse var amerikanske, og dei fleste av dei vart utplasserte i sørlege og austlege delar av landet. Men òg i nord har det vore ein amerikansk styrkeauke, noko som har opna for eit tettare militært samarbeid mellom Noreg og USA. ISAF-operasjonen omfatta ved årsskiftet 2010/2011 132 000 soldatar.

Styrkeoppbygginga i ISAF og ein styrkt afghansk hær førte til at opprørsgruppene i delar av landet vart sette under større press i 2010. Trass i dette har opprørsgruppene også i 2010 gjennomført angrep over store delar av landet. Dette gjeld òg i nord, der norske styrkar oppheld seg.

Ved utgangen av 2010 var tryggingssituasjonen generelt i Afghanistan svært krevjande, samtidig som det er store lokale variasjonar. Under toppmøtet i Lisboa i november peika general Petraeus på at frammarsjen til opprørarane dei siste par åra er stansa og i enkelte område reversert. Han understreka likevel samtidig at framskritta som er gjorde, er skjøre, og at situasjonen på nytt kan gå i gal retning.

27. juni 2010 vart den tyngste dagen for Noreg i Afghanistan. Trond André Bolle, Andreas Eldjarn, Christian Lian og Simen Tokle vart alle drepne av ei vegbombe under oppdrag for ISAF i Nord-Afghanistan. Denne tragiske hendinga vitnar òg om den forverra tryggingssituasjonen som har utvikla seg i Faryab-provinsen.

Også i 2010 har det vore sivile tap under militære operasjonar. Opprørarane ber ansvaret for langt dei fleste sivile tapa, men nokre skuldast òg ISAF. ISAF legg avgjerande vekt på å unngå sivile tap, sjølv om dette er svært vanskeleg under dei forholda som herskar i Afghanistan. Eit anna forhold er at sivile tap undergrev legitimiteten og støtta til ISAF. I samarbeid med fleire andre land har vi frå norsk side arbeidd med tiltak som kan medverke til å unngå sivile tap. Regjeringa vil bidra til at merksemda rundt dette spørsmålet vert oppretthalden.

Viss ein skal lukkast med å overføre tryggingsansvaret til afghanske styresmakter, er det heilt avgjerande å styrkje kapasiteten til dei afghanske tryggingsstyrkane. Å bidra til dette har vore ei hovudoppgåve for dei internasjonale styrkane over fleire år, og innsatsen har vorte styrkt i takt med auken i dei afghanske styrkane. Dei opererer tett saman med ISAF, og i svært mange tilfelle leier dei fellesoperasjonane eller utfører sjølvstendige operasjonar.

Men det er framleis store variasjonar i kvaliteten til avdelingane, og spesielt har det vore utfordringar knytte til politiet. Svakt og dårleg styresett er ei hovudutfordring òg innanfor tryggingssektoren. Gjennom NATO er Noreg ein pådrivar i kampen mot korrupsjon og bidreg til «Building Integrity»-initiativet, som er eit program til støtte for kampen mot korrupsjon i forsvarssektoren.

NATO har over lengre tid hatt ein brei kapasitetsbyggjande innsats overfor dei afghanske tryggingsstyrkane. NATOs opplæringsoppdrag i Afghanistan (NTM-A) skal sørgje for høgare utdanning og opplæring av den afghanske hæren (ANA) og det afghanske politiet (ANP). Sidan NTM-A vart oppretta hausten 2009, er storleiken, aktiviteten og posisjonen styrkte i stor grad. Det er venta at dei afghanske tryggingsstyrkane (ANSF) vil nå det kvantitative måltalet på 305 600 personell innan oktober 2011. NTM-A er i dag den desidert største utdanningsinstitusjonen i Afghanistan. Berre 34 % av den afghanske befolkninga mellom 15 og 24 år kan lese og skrive, og ved utgangen av 2010 mottek til kvar tid 40 000 personar frå dei afghanske tryggingsstyrkane undervisning i grunnleggjande lese- og skrivedugleik frå over 1 000 afghanske språklærarar som er tilsette i NTM-A. Noreg stiller med personell som trener og rettleier personell i ulike delar av den afghanske hæren. Regjeringa legg opp til å løyve samla kring 660 millionar kroner i støtte til opplæring, rådgjeving og rettleiing av afghanske tryggingsstyrkar for åra 2010–2014. Desse midlane vert overførte via fonda som er oppretta for ANA og ANP.

Store delar av ISAF er engasjerte i opplæringa av dei afghanske tryggingsstyrkane, både gjennom særskilte opplæringslag og gjennom regulære fellesoperasjonar. Det å operere saman med dei afghanske styrkane har vist seg som ein effektiv opplæringsmetode, og i tråd med føringane frå NATO har den norske militære innsatsen og innsatsen i den sivile tryggingssektoren i 2010 vorte dreidd ytterlegare i retning av opplæring og rettleiing.

Noreg har òg i 2010 bidrege med om lag 500 soldatar til ISAF. Også i 2010 leidde Noreg det såkalla regionale stabiliseringslaget («Provincial Reconstruction Team» – PRT) i Meymaneh i Faryab-provinsen. I tillegg til dei om lag 300 soldatane i stabiliseringslaget er det òg knytt politi- og utviklingsrådgjevarar til denne eininga. Sidan 2008 har Noreg sørgt for medisinsk evakueringskapasitet med tre helikopter som er knytte til PRT-et. Dette har auka tryggleiken for styrkane som opererer i Faryab.

Diskusjonen om korleis den sivile og den militære innsatsen best kan samordnast, fortsette innanfor og utanfor alliansen òg i 2010. Eit konkret resultat av denne diskusjonen var at sivilrepresentanten frå NATO (SCR) i Kabul fekk styrkt organisasjonen sin. Frå norsk side har vi støtta ei meir framtredande rolle for sivilrepresentanten, då dette etter norsk oppfatning ville bidra til betre forståing og samkøyring av den samla innsatsen i Afghanistan. I løpet av 2010 har sivilrepresentanten og dei 40 medarbeidarane hans etablert seg som eit sentralt bindeledd mellom den militære leiinga i ISAF, afghanske styresmakter og andre internasjonale aktørar i Afghanistan.

Det er ei brei erkjenning av at konflikten i Afghanistan ikkje kan løysast med militære middel. Ein afghanskleidd politisk prosess må til for å skape eit stabilt og framtidsretta Afghanistan.

Konflikten i Afghanistan er i stor grad påverka av utfordringane i nabolandet Pakistan. Samanhengen mellom opprøret i Afghanistan og militant verksemd i delar av Pakistan krev tettare samarbeid med pakistanske sivile og militære styresmakter, noko også COMISAF har understreka jamleg. Frå norsk side har vi òg i 2010 arbeidd for eit gradvis styrkt samarbeid mellom NATO og Pakistan.

3.2 Sjørøveri – Afrikas horn

NATO-innsatsen mot piratverksemd utanfor Afrikas horn starta i 2008 etter at FN bad alliansen om hjelp til å verne hjelpesendingar til Somalia. NATO-operasjonen Ocean Shield er i dag eit viktig ledd i den internasjonale innsatsen mot pirattrusselen i Aden-bukta. Piratverksemd er ikkje berre ein direkte trussel mot sjøfolk, reiarlag og internasjonal skipsfart, handel og rettsorden. Store pengestraumar som er knytte til verksemda, gjev samtidig grunnlag for kriminelle nettverk som undergrev forsøka på å byggje opp ein stabil stat i Somalia, og svekkjer dermed utviklinga i heile regionen.

Ocean Shield baserer seg på rotasjon av alliansens ståande maritime styrkar (SNMG) kvar fjerde månad. Alliansen legg stor vekt på at operasjonen er ein del av ein brei internasjonal innsats der FNs kontaktgruppe speler ei koordinerande rolle. NATO samarbeider òg med andre aktørar i området, mellom dei EU-operasjonen Atalanta, Russland og den amerikansk-leidde operasjonen Combined Task Force 151. I 2010 overtok NATO formannskapen for SHADE (Shared Awareness and Deconflicting Mechanism), som er ein mekanisme for å samordne den militære innsatsen til dei ulike aktørane.

Saman med andre aktørar i området har NATO bidrege til å redusere pirattrusselen i Aden-bukta. Samtidig ser vi at angrepa i det større Somalia-bassenget i Det indiske havet aukar. Mangelen på tilgjengelege fartøy og rekognoseringsfly gjer det vanskeleg å løyse denne utfordringa som omfattar havområde på størrelse med Vest-Europa. Det er ei klar erkjenning av at løysinga i stor grad må finnast gjennom tiltak på land. Innanfor eit stramt budsjett vurderer NATO korleis alliansen på ein betre måte kan støtte regional kapasitetsbygging og få på plass rettslege ordningar for straffeforfølging av piratane. I mars 2010 vart det vedteke at Operation Ocean Shield skulle forlengjast ut 2012. I desember vedtok NATO-rådet å gjennomgå denne operasjonen og Operation Active Endeavour i Middelhavet. Resultatet av gjennomgangen skal leggjast fram for forsvarsministermøtet i NATO i juni 2011. Noreg har delteke i det internasjonale samarbeidet mot piratverksemda m.a. med ein norsk fregatt som inngjekk i den EU-leidde styrken ATALANTA i 2009. Noreg vil delta med eit Orion-overvakingsfly hausten 2011.

3.3 Kosovo (KFOR)

KFOR (Kosovo Force) vart oppretta med mandat i FNs tryggingsrådsresolusjon 1244 frå 1999 for å demilitarisere Kosovos frigjeringshær (UCK), vareta tryggleiken til borgarane i Kosovo og beskytte den internasjonale innsatsen for humanitær bistand og gjenreising. Som følgje av at tryggingssituasjonen var betra, innleidde alliansen i 2009 ein prosess som gradvis vil redusere nærværet til KFOR. Første trinn i styrkereduksjonen vart fullført i januar 2010, og ved inngangen til 2011 talde styrken 8 500 soldatar. Alliansen har vedteke at talet skal reduserast til 5 000 i løpet av første halvår 2011, og det er planlagt ein ytterlegare reduksjon til 2 500 soldatar dersom tryggingssituasjonen tillèt det. Noreg har ved utgangen av 2010 fire offiserar ved KFOR-hovudkvarteret.

Styrkereduksjonane inneber ein overgang til ein mindre og meir mobil styrke. I dette ligg det mellom anna at KFOR gradvis avsluttar det permanente vakthaldet rundt åtte kulturminne av særleg religiøs eller historisk verdi. I 2010 vart vakthaldet for fire av desse kulturminna overført til politiet i Kosovo. Grundige førebuingar og tett dialog med alle partar var avgjerande for at overføringa av tryggingsansvaret gjekk smertefritt. Samtidig har EUs politi- og justisoperasjon (EULEX) og KFOR framleis kapasitet til å kunne tre støttande til dersom det kosoviske politiet skulle trenge assistanse.

I juni 2008 tok KFOR på seg oppdraget med å støtte utviklinga av profesjonelle og multietniske tryggingsstyrkar i Kosovo. I 2009 vart vernekorpset for Kosovo (KPC – Kosovo Protection Corps) nedlagt og tryggingsstyrken i Kosovo (KSF – Kosovo Security Force) oppretta. NATO legg stor vekt på ein open rekrutteringsprosess til KSF som bidreg til at også kandidatar frå den etniske mindretalsbefolkninga vert rekrutterte. Noreg vidareførte òg i 2010 den økonomiske støtta til KSF.

3.4 Irak

På toppmøtet i Istanbul i 2004 vart det vedteke å setje i verk NATOs opplæringsoppdrag i Irak (NTM-I – NATO Training Mission Iraq). NTM-I skal gjennom opplæring og kompetanseoverføring bidra til å styrkje evna til dei irakiske tryggingsstyrkane til å vareta tryggingsansvaret i eige land. Også det føderale politiet, oljepolitiet og grensestyrkane er omfatta av opplæringa. Noreg har ikkje bidrege med personell til NTM-I1, men bidrog i 2010 økonomisk til NTM-I-støttefondet2.

NATO og Irak inngjekk i 2010 ein samarbeidsavtale (Structured Cooperation Framework) som gjer Irak til eit av NATOs partnarland. Programmet skal gå parallelt med NTM-I til oppdraget vert avslutta, og deretter stå aleine. Samarbeidsavtalane mellom NATO og ulike enkeltland fell inn under partnarskapsreforma som er under utarbeiding i alliansen våren 2011, og namnet på samarbeidet med Irak kan difor bli endra i løpet av 2011. Programmet omfattar både sivile og militære komponentar. Irak er òg eit av dei få partnarlanda som støttar NATO-verksemda i landet økonomisk.

3.5 NATO-operasjonen i Middelhavet

NATO-operasjonen i Middelhavet – Operation Active Endeavour (OAE) – er den einaste artikkel 5-operasjonen i NATO og vart innleidd i kjølvatnet av terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Operasjonen skal førebyggje og nedkjempe terrorisme i Middelhavet, men har òg bidrege til å tryggje skipstrafikken.

I januar 2010 gjennomførte NATO nye retningslinjer for operasjonen. Desse innebar mellom anna ein overgang frå bruk av fast utplasserte einingar til ein såkalla nettverksbasert operasjon der alliansen i større grad set inn ressursar etter behov. Samtidig har NATO dei seinare åra forsøkt å styrkje samarbeidet med partnarar og medverke til betre informasjonsutveksling og situasjonsforståing i området. I dag bidreg meir enn 50 land med informasjon til Maritime Safety and Security Information System, som er eit informasjonsdelingsnettverk for å overvake, oppspore og avdekkje unormal aktivitet i området.

Sjølv om OAE er ein artikkel 5-operasjon, involverer han etter kvart fleire av partnarlanda til NATO, frå både EAPC-samarbeidet og Middelhavsdialogen. Russland og Ukraina har delteke med fartøy ei rekkje gonger dei seinare åra, sistnemnde seinast i 2010, medan Marokko og Israel har tilbode seg å bidra i 2011. Noreg har ved fleire høve delteke i OAE med ubåtar, fregattar, missiltorpedobåtar og maritime overvakingsfly.

3.6 Tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik

I 2010 var det ti år sidan FNs tryggingsråd vedtok resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. Resolusjonen fremjar kvinners deltaking i all innsats knytt til fred og tryggleik og styrkjer vernet av kvinner i væpna konfliktar. Noreg har stått i spissen for gjennomføringa av resolusjonen i NATO, og under toppmøtet i Lisboa godkjende stats- og regjeringssjefane både ein statusrapport for gjennomføringa og ein konkret handlingsplan for praktisk integrering av resolusjonen i NATO-leidde operasjonar.

Ei samla tilnærming til stabilitet og gjenreising må òg omfatte behova og rettane til kvinner i konfliktområde, og frå norsk side har vi argumentert for at kjønnsperspektivet må inkluderast i alle fasar av NATO-operasjonar. Resolusjonen må med andre ord integrerast som norm i NATOs operasjonsplanar.

Regjeringa har utarbeidd ein eigen handlingsplan for arbeidet med å vareta behova og rettane til kvinner i konfliktområde. Som ledd i gjennomføringa av handlingsplanen er det ein kjønnsrådgjevar på plass i den norske militære kontingenten i Faryab. Noreg bidreg òg med ein slik rådgjevar ved ISAF-hovudkvarteret i Kabul.

NATO vil i løpet av det komande året vidareføre arbeidet med implementeringa av resolusjon 1325. Førsteprioriteten har vore å dekkje behovet for oppfølging i operasjonane til alliansen. Som neste stadium vil NATO utvikle ein 1325-politikk som skal dekkje alle verkeområda til alliansen. Dette arbeidet skal danne grunnlaget for årlege evalueringar, med sikte på at generalsekretæren i NATO, på same måten som kollegaene sine i OSSE og FN, kan rapportere om framdrift år for år, med start i oktober 2011.

Fotnotar

1.

Norske offiserar tenestegjer i NTM-I som utsende frå SHAPE/Brunssum.

2.

200 000 euro til NTM-I Trust Fund frå Forsvarsdepartementet.