Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

5 NATOs partnarskap

Toppmøtet i Lisboa vedtok at alliansen skal utforme ein meir effektiv og fleksibel partnarskapspolitikk. Det nye strategiske konseptet etablerer partnarsamarbeidet som ein sentral del av den tredje av NATOs kjerneoppgåver – tryggleik gjennom samarbeid. Utanriksministermøtet i Berlin 14. og 15. april 2011 vedtok den nye partnarskapspolitikken.

NATO-samarbeidet med partnarland kviler på to hovudpilarar: ein praktisk del der NATO tilbyr diverse former for bistand og opplæring med sikte på forsvarsreform, auka tryggleik for det sivile samfunnet og auka interoperabilitet med NATO-styrkane, og ein meir politisk del som i alt vesentleg omhandlar politisk dialog med partnarlanda og støtte til reformprosessane deira.

Allereie før Lisboa-toppmøtet vart det starta eit arbeid for å rydde opp i dei praktiske tiltaka («verktøykassa») som står til disposisjon for partnarane. Føremålet var å gjere handteringa av det praktiske partnarsamarbeidet enklare, samtidig som alle partnarland kan bruke éin og same meny av tiltak og dermed få betre oversikt over kva som er tilgjengeleg. NATO-rådet bestemmer i siste instans kva tilbod den enkelte partnaren skal få.

I den nye globale tryggingspolitiske situasjonen som det er gjort greie for i det strategiske konseptet, gjev kontakt, konsultasjon og dialog med land utanfor NATOs eige territorium eit verdifullt bidrag til auka alliert og internasjonal tryggleik. Frå norsk side ser ein det som nyttig å etablere arbeidsformer som gjer dialog med såkalla globale partnarar, som Kina, India og Brasil, til ein normal del av verksemda i alliansen, men legg vekt på at slikt samarbeid ikkje nødvendigvis inneber partnarskap i meir formell forstand.

I diskusjonen om den nye partnarskapspolitikken la Noreg vekt på at partnarland som bidreg til NATO-operasjonane, får betre tilgang til vedtaksprosessar som gjeld desse operasjonane.

Noreg ønskjer òg å styrkje og vitalisere samarbeidet i regi av Middelhavsdialogen (MD) og dei fire landa i Persiabukta som deltek i dialogen innanfor Istanbul Cooperation Initiative (ICI). Innhaldet i dialogen med desse landa varierer sterkt, og særleg ICI treng ein ny giv for å fungere tilfredsstillande.

5.1 Euroatlantisk partnarskapssamarbeid

Rådet for det euroatlantiske partnarskapssamarbeidet – Euro Atlantic Partnership Council (EAPC) – er eit forum for tryggingspolitisk dialog og samarbeid mellom dei 28 NATO-landa og 22 partnarland i det euroatlantiske området. Gruppa med partnarland er sett saman av til dels svært forskjellige land, noko som bidreg til at EAPC som forum i mange samanhengar har vanskeleg for å definere verkelege felles interesser. Dette er bakgrunnen for at NATO no drøftar alternative dialogformat med sikte på å gjere EAPC meir relevant for alliansen og dei andre medlemane.

Diskusjonane med dei enkelte sentralasiatiske og sørkaukasiske medlemane i EAPC var i 2010 i stor grad knytte til den årlege gjennomgangen av handlingsplanane til desse landa. Rettane til sivilsamfunnet og til minoritetane, i tillegg til situasjonen for media, vart vigde særleg merksemd.

EAPC drøfta òg utviklinga i Afghanistan og konsekvensane av konflikten for nabolanda. Ikkje minst drøfta ein samarbeidet om å redusere narkotikasmuglinga frå Afghanistan, der Russland speler ei aktiv rolle.

5.2 Russland

Utgangspunktet for samarbeidet med Russland er ei gjensidig erkjenning av at NATO og Russland deler mange praktiske utfordringar på det tryggingspolitiske området som best kan løysast i fellesskap. Regjeringa har arbeidd aktivt for å styrkje samarbeidet og den tillitsskapande funksjonen til NATO-Russland-rådet (NRC). Frå norsk side har vi påpeika at NRC må vere eit allvêrsforum der medlemene òg kan diskutere emne dei er sterkt usamde om.

Under eit uformelt møte på Korfu 27. juni 2009 vedtok utanriksministrane i NRC å ta opp att samarbeidet i full breidde. NRC-samarbeidet hadde då lege nede sidan 2008 som følgje av Georgia-krisa. Vedtaket på Korfu sette i gang ein prosess som i løpet av 2010 førte til ei fornying av NRC-samarbeidet. Prioriteten generalsekretær Fogh Rasmussen gjev samarbeidet, og den nye tilnærminga den amerikanske administrasjonen har til Russland, medverka til å gje forholdet til Russland auka merksemd og til å skape eit nytt og betre samarbeidsklima. Det uformelle NRC-utanriksministermøtet 22. september 2010 i samband med opninga av FNs generalforsamling i New York var eit viktig ledd i normaliseringa av verksemda i NRC. Denne positive utviklinga la grunnlaget for NRC-toppmøtet i Lisboa.

I desember 2009 vedtok utanriksministrane i NRC å gjennomføre ei vurdering av dei ulike truslane landa i fellesskap står overfor. Samtidig fekk NRC ein ny og meir funksjonell komitéstruktur som effektiviserer arbeidsprosessane. Arbeidet med trusselvurderinga kom for alvor i gang våren 2010 og gjekk i første omgang ut på å verte samde om eit felles trusselbilete på ei rekkje ulike felt, som ikkjespreiing, rustingskontroll og nedrusting, terrorisme, naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar, piratverksemd, Afghanistan og missilforsvar. Hausten 2010 gjekk arbeidet inn i ein ny fase der partane i fellesskap såg på praktiske tiltak for saman å møte dei identifiserte truslane. Arbeidet var svært omfattande og vart ferdigstilt til NRC-toppmøtet i Lisboa.

NRC-toppmøtet i Lisboa vart eit viktig vegskilje for NRC. For første gong sidan 2002 lukkast det òg stats- og regjeringssjefane i NRC å verte samde om ei felles fråsegn frå toppmøtet. Erklæringa slår fast at NATO og Russland ikkje utgjer truslar for kvarandre, men snarare står overfor ei rekkje av dei same tryggingsutfordringane. Vedtaket om å starte konkrete drøftingar av eit mogeleg samarbeid om missilforsvar i Europa var eit viktig skritt vidare, sjølv om det her er mange spørsmål som vil krevje nærare avklaring før ein kan vite korleis dette samarbeidet vil utvikle seg. For alliansen var det vidare svært verdifullt at det var semje i NRC om ei rekkje praktiske samarbeidsspørsmål rundt innsatsen i Afghanistan. Mellom anna vart transittordningane for materiell til ISAF over russisk territorium utvida, og det vart vedteke å etablere eit samarbeid for vedlikehald av helikopter i Afghanistan. Stats- og regjeringssjefane i NRC vedtok òg å utvide programmet for kamp mot narkotika i Afghanistan og Sentral-Asia.

Noreg har støtta opp om NRC-samarbeidet mellom anna gjennom vertskapsansvar for felles arrangement. Som tidlegare nemnt var Noreg vertskap for ei NRC-øving for sivil krisehandtering i Vestfold 22.–24. mars 2010. Saman med Russland, Tyrkia og Polen er Noreg òg vertsland for Cooperative Airspace Initiative (CAI), som er eit samarbeidsprosjekt for utveksling av radardata for å hindre at kapra sivile fly vert nytta som terrorvåpen. Endeleg vart det òg i 2010 gjeve norske bidrag til fleire NRC-prosjekt, mellom anna vidareføringa av prosjektet for opplæring og trening av personell til antinarkotikainnsats i Afghanistan og Sentral-Asia i FN-regi.

5.3 Landa på Balkan

5.3.1 Søkjarlanda (Makedonia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina)

Makedonia vart søkjarland i 1999 og har gjort eit omfattande reformarbeid som i sum har kvalifisert landet for NATO-medlemskap. På grunn av namnestriden med Hellas lukkast det likevel heller ikkje i 2010 alliansen å invitere Makedonia som medlem.

Makedonia fortsette i 2010 reformarbeidet i offentleg sektor og forsøkte samtidig å styrkje samarbeidet med alliansen gjennom auka bidrag til NATO-operasjonane. Landet legg stor vekt på samvirke med NATO-styrkar og har dei seinare åra auka talet på soldatar som er klare for PfP-operasjonar. Makedonia trappa i 2010 ytterlegare opp innsatsen i Afghanistan trass i ein vanskeleg økonomisk situasjon på heimebane. Landet bidreg òg med styrkar til NATO-operasjonen i Kosovo (KFOR). Bidraget til ISAF er mellom anna kome i stand gjennom ei felles utplassering med norske styrkar på sanitetssida.

Montenegro fekk søkjarlandsstatus (Membership Action Plan) under utanriksministermøtet i NATO i Brussel 3.–4. desember 2009, men kom først i gang med det første årlege programmet (ANP) for samarbeidet hausten 2010. Landet har likevel halde eit relativt høgt reformtempo og fullførte i juni 2010 ein svært viktig strategisk gjennomgang av heile forsvarssektoren. Denne gjennomgangen vil leggje premissa for det vidare reformarbeidet og langtidsplanlegginga i forsvaret. Noreg støtta òg i 2010 opp om forsvarsreformene i Montenegro, mellom anna gjennom ein utsend ekspert frå Forsvarsdepartementet til det montenegrinske forsvarsdepartementet. Denne bistanden vil halde fram i 2011 og kjem i tillegg til bistand til ei rekkje prosjekt som er knytte til forsvarsplanlegging og forvaltingsrutinar.

Bosnia-Hercegovina fekk søkjarlandsstatus (MAP) etter det uformelle utanriksministermøtet i Tallinn 22.–23. april 2010. Vedtaket gav landet MAP-status, men fastslo at handlingsplanen for medlemskap først ville verte sett i verk når forsvarseigedommane i landet er registrerte som statseigedom. Dette spørsmålet vart sett på som ein prøvestein på reformviljen og styringsevna i Bosnia-Hercegovina, to føresetnader som mange i alliansen såg som nødvendige viss landet skulle kunne dra nytte av det omfattande reformprogrammet under MAP. Noreg støtta MAP-søknaden frå Bosnia-Hercegovina då NATO behandla saka i 2009 og 2010. Regjeringa la vekt på den breie oppslutninga ønsket om MAP-status hadde i dei ulike folkegruppene i landet. Vidare ville eit positivt utfall kunne styrkje det nasjonale samhaldet og støtte opp om ansvarlege og reformorienterte krefter.

Spørsmålet om registrering av forsvarseigedommane lét seg diverre ikkje løyse i 2010. Den politiske situasjonen i Bosnia-Hercegovina var prega av valkamp og gav lite rom for utvikling i dei krevjande spørsmåla om maktfordeling. Noreg held fram med å støtte arbeidet for forsvarsreform i Bosnia-Hercegovina. Regjeringa ser dette som viktig for å kunne hjelpe landet til å utnytte den bistanden NATO tilbyr på best mogeleg vis. Eit viktig nytt tiltak i 2010 var etableringa av eit NATO-støttefond for å hjelpe bosnisk forsvarspersonell med overgangen til eit sivilt liv. På førespurnad frå bosniske styresmakter tok Noreg, saman med Nederland og Slovenia, leiinga for fondet som er viktig for sosial stabilitet og vidare forsvarsreformer. Den norske ambassaden fungerte òg i 2010 som kontaktpunktambassade for NATO i Sarajevo. Norsk personell tenestegjorde òg i 2010 ved NATO-hovudkvarteret i Sarajevo.

5.3.2 Serbia

Serbia fortsette i 2010 å utvikle samarbeidet med NATO sjølv om medlemskap per i dag ikkje er eit mål. Landet er etter grunnlova nøytralt, noko som berre kan endrast ved folkeavstemming. NATO-aksjonen i Jugoslavia i 1999 gjer at det vil ta tid før det vil vere oppslutning i Serbia om medlemskap i NATO.

Samarbeidet mellom NATO og Serbia var lenge avgrensa til enkelte PfP-aktivitetar, bistand til tryggingssektorreform og eit visst militærteknisk samarbeid knytt til NATOs fredsbevarande oppdrag i Kosovo (KFOR). I 2009 fekk landet likevel på plass ein diplomatisk representasjon til NATO og gjekk inn i eit individuelt program for partnarskapen med alliansen. Det er vidare eit uttalt mål frå serbisk side at partnarskapen etter kvart òg skal omfatte ein individuell handlingsplan, noko som vil styrkje den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet med alliansen.

For å støtte opp om forsvarsreformene i Serbia har Noreg sidan 2006 leidd eit støttefond i PfP-regi som finansierer demobilisering og overgang til sivile yrke for serbisk forsvarspersonell. I 2010 vidareførte forsvaret reformarbeidet med vekt på modernisering og profesjonalisering. Serbia gav i 2010 klart uttrykk for ønsket om å betre evna hos eigne styrkar til å samarbeide med NATO-styrkar.

5.4 Middelhavslanda og land i Midtausten

Samarbeidet med dei sju middelhavslanda som deltek i NATOs middelhavsdialog, er sårbart for politiske svingingar. Middelhavsdialogen (MD) omfattar Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia. Heller ikkje i 2010 var det mogeleg å organisere eit lenge planlagt partnarsymposium (APAG – Atlantic Policy Advisory Group) mellom desse landa og alliansen, men planen er ikkje skrinlagd. Krisa som oppstod etter at Israel borda eit tyrkisk skip på veg til Gaza i mai 2010, kullkasta det planlagde møtet. Det same skjedde året før med utgangspunkt i den israelske aksjonen mot Gaza ved årsskiftet 2008–09.

NATO og MD-partnarane har ein sterk felles interesse i å kjempe mot internasjonal terrorisme. Under diskusjonen om partnarskapspolitikken i NATO har desse partnarane gjeve klart uttrykk for at dei ønskjer å fordjupe samarbeidet med NATO når det gjeld både praktisk samarbeid og politisk dialog.

Fleire av MD-landa deltek i Operation Active Endeavour i Middelhavet. Israel er det siste landet som har slutta seg til operasjonen. Det lukkast i 2010 å sikre israelsk deltaking på ein måte som ikkje kjem i konflikt med at andre MD-land tek del i operasjonen.

Istanbul Cooperation Initiative (ICI) vart oppretta i 2004 og har i dag fire statar i Persiabukta som medlemer (Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait og Qatar). Også Saudi-Arabia og Oman har kontakt med ICI. NATO har gjort det klart at dette forumet er ope for land i Midtausten i brei forstand. ICI søkjer å bidra til regional stabilitet og tryggleik gjennom praktisk samarbeid med NATO.

Hausten 2009 vart det halde eit ICI-ambassadørmøte over to dagar i Abu Dhabi, og i 2011 reiser NATO-rådet på eit tilsvarande møte i Doha. Gjennom året er det regelmessig kontakt mellom desse partnarlanda enkeltvis og NATO, i tillegg til den jamlege kontakten mellom militært personell i samband med samarbeid om forsvarssektorreform og andre tiltak.

Likevel har talet på tiltak som er sette i verk, gått ned dei siste åra. I 2010 viste det seg òg svært vanskeleg å etablere base- og overflygingsløyve for AWACS-flya frå NATO i samband med operasjonane i Afghanistan.

5.5 Ukraina

Ukraina er eit viktig partnarland for NATO. Det var i 2010 det einaste partnarlandet som bidrog til fire ulike NATO-operasjonar og oppdrag: NATO-operasjonane i Kosovo (KFOR), Afghanistan (ISAF) og Middelhavet (Operation Active Endeavour), i tillegg til opplæringsoppdraget i Irak (NTM-I). Ukraina vart i 2010 òg det første partnarlandet som gjekk inn i NATOs innsatsstyrke (NRF). NATO legg stor vekt på samarbeidet med Ukraina. Eit demokratisk og stabilt Ukraina er viktig for euroatlantisk tryggleik.

Presidentvalet i januar 2010 førte til regjeringsskifte og endringar i den utanrikspolitiske orienteringa til Ukraina. Den nye ikkje-blokk-statusen til landet innebar at NATO-medlemskap ikkje lenger er ønskt. Den nye regjeringa har likevel lagt vekt på å vidareføre det tette samarbeidet med alliansen innanfor ramma av NATO-Ukraina-kommisjonen (NUC), noko som òg vert spegla i det kontinuerlege samarbeidet med alliansen. Spørsmålet om Ukraina er klart for søkjarlandsstatus (MAP), har dei siste åra dominert diskusjonane om forholdet mellom NATO og Ukraina. Under Lisboa-toppmøtet i november 2010 noterte alliansen seg at Ukraina ikkje lenger ønskte medlemskap, men understreka samtidig at døra inn til NATO vert ståande open, og at alliansen ønskte å vidareføre det nære samarbeidet innanfor ramma av NUC.

Partnarskapen mellom Ukraina og NATO omfattar ei rekkje ulike samarbeidsprosjekt på både militær og sivil side. Reformarbeidet er i stor grad strukturert rundt dei årlege nasjonale programma (ANP) som er eit nyttig verktøy for å måle framgang i reformprosessen. Tryggingssektorreform har hatt høg prioritet, og NATO har mellom anna assistert Ukraina i arbeidet med å gjennomgå forsvarssektoren og styrkje forvalting, langtidsplanlegging og sivil kontroll med dei væpna styrkane.

Frå norsk side har vi lagt vekt på å vidareføre støtta til reformarbeidet i Ukraina, både bilateralt og gjennom NATO. Eit viktig område for den norske bistanden er oppbygginga av demokratiske leiingsstrukturar i forsvarssektoren. Det vert òg gjeve støtte for å hjelpe tidlegare militært personell med overgangen til eit sivilt yrkesliv. Den politiske dialogen med Ukraina var i 2010 mellom anna vigd mediefridom, rettsvern og kamp mot korrupsjon, som er område der alliansen håpar å sjå ein styrkt innsats i 2011.

5.6 Georgia

Ramma for samarbeidet mellom NATO og Georgia er NATO-Georgia-kommisjonen (NGC). NGC vart oppretta i 2008 og er eit viktig forum for regelmessig politisk dialog og praktisk samarbeid. Partnarskapen med Georgia omfattar ein brei reformagenda der demokrati, godt styresett, rettsvern og tryggingssektorreform er særleg prioritert. Georgia legg òg vekt på å bidra til NATO-operasjonane og er blant dei partnarlanda som bidreg mest til NATO-operasjonen i Afghanistan (ISAF). Landet deltek òg i NATO-operasjonen i Middelhavet (Operation Active Endeavour) og har tidlegare delteke i NATO-operasjonen i Kosovo (KFOR). Samarbeidet med alliansen heldt fram for fullt i 2010, og under toppmøtet i Lisboa i november 2010 lovde Georgia å auke innsatsen i Afghanistan ytterlegare gjennom bidrag til NATOs opplæringsoppdrag (NTM-A). I oktober 2010 vart det òg etablert eit liaisonkontor for NATO i Tbilisi for å støtte opp under reformarbeidet.

Georgia har ikkje søkjarlandsstatus, men saman med Ukraina fekk Georgia under toppmøtet i Bucuresti i 2008 lovnad om framtidig NATO-medlemskap. Toppmøtet i Lisboa i 2010 gjentok denne lovnaden og ønsket om å halde fram med å støtte reformarbeidet i landet. NATO vil vidareføre den praktiske bistanden til Georgia og samtidig oppfordre til vidare grunnleggjande reformer. NATO støttar òg det arbeidet andre internasjonale organisasjonar, mellom dei OSSE, FN og EU, gjer innanfor konflikthandtering i Sør-Ossetia og Abkhasia. Alle NATO-landa har gjeve klar støtte til Georgias suverenitet og territoriale integritet og beklaga den russiske godkjenninga av dei to georgiske regionane som uavhengige statar.

Frå norsk side har vi halde fram med å understreke at det trengst ytterlegare reformer i Georgia, ikkje minst når det gjeld utviklinga av demokratiske institusjonar og rettsstatsprinsipp. Gjennom NATO har Noreg òg støtta eit utviklingsprogram for sivilt tilsette i forsvarssektoren.

5.7 Internasjonale organisasjonar

5.7.1 EU

Heller ikkje i 2010 lukkast det å skape særleg framdrift i samarbeidet mellom NATO og EU. Ulike haldningar til Kypros-konflikten på tyrkisk, gresk og kypriotisk side er framleis ei hindring. Forholdet mellom Tyrkia og EU endra seg ikkje på nokon avgjerande måte i 2010 og skapte heller ikkje rørsle i situasjonen.

Under toppmøtet i Lisboa vart det lagt vekt på at det må prioriterast å finne ei løysing på forholdet mellom Tyrkia og EUs forsvarsmateriellsamarbeid, som ledd i eit forsøk på å betre samarbeidet mellom NATO og EU.

Institusjonelt er samarbeidet mellom NATO og EU framleis avgrensa til EUs stabiliseringsoperasjon i Bosnia-Hercegovina (EUFOR ALTHEA) og til konsultasjonar om utvikling av militære kapasitetar. ALTHEA er den einaste operasjonen under den såkalla Berlin Pluss-ordninga som opnar for støtte frå NATO til militære operasjonar som er planlagde og leidde av EU. Det finst ikkje noko tilsvarande rammeverk for samarbeidet mellom KFOR og EULEX i Kosovo eller ISAF og EUPOL i Afghanistan. Dette gjer det vanskeleg å få til eit godt strategisk samarbeid når det gjeld planlegging og gjennomføring av operasjonar. Til gjengjeld finst det mange eksempel på godt praktisk og uformelt samarbeid på operasjonsnivå. Særleg tydeleg er dette i Aden-bukta der enkle, pragmatiske ordningar for samarbeid og koordinering mellom NATOs Operation Ocean Shield og EU-operasjonen Atalanta er til gjensidig nytte.

Ønsket om å lette tredjelandsdeltaking i operasjonar og behovet for å samordne forsvarsplan- og kapasitetsutvikling låg bak fleire initiativ. Ønsket om eit styrkt sivil-militært samarbeid innanfor krisehandtering har òg vore eit gjennomgangstema i forholdet mellom NATO og EU.

5.7.2 FN

Sidan underteikninga av felleserklæringa frå generalsekretærane i FN og NATO under FNs generalforsamling i 2008 har kontakten mellom NATO og FN vorte styrkt. Eit synleg teikn på dette er fleire høgnivåbesøk til NATO-hovudkvarteret frå representantar for særorganisasjonane i FN. Kontakten har òg vorte styrkt på andre måtar. Representantar for FN vert inviterte til planlegginga av NATOs sivil-militære øvingar, og utvald FN-personell får tilbod om å ta del i NATO-kurs. I tillegg vert det halde diskusjonsmøte om tilnærminga til operasjonar i land som Afghanistan og Kosovo.

I 2010 var det òg framgang i det strukturerte samarbeidet mellom organisasjonane. Eit lenge planlagt sivilt liaisonelement frå NATO ved FN-hovudkvarteret kom endeleg på plass. Dette er eit viktig skritt sett i lys av at manglande kjennskap til verksemda til den andre parten framleis er ei utfordring på begge sider. Noreg la òg i 2010 stor vekt på at FN må styrkje nærværet og den koordinerande rolla i Afghanistan. I den samanhengen vart det understreka frå norsk side at alle aktørar, blant dei NATO og dei enkelte allierte, må vise vilje til å la seg samordne av FN i praksis.

5.7.3 Den afrikanske unionen

Samarbeidet mellom NATO og Den afrikanske unionen (AU) har dei seinare åra i stor grad dreidd seg om praktisk støtte knytt til AU-oppdraget i Somalia (AMISOM). I 2010 bidrog NATO mellom anna med lufttransport av fredsbevarande styrkar, eskorte av skip og ekspertbistand til forvaltning og strategisk planlegging. Dette skjedde i kvart tilfelle på førespurnad frå AU. Alliansen bidreg òg med rådgjeving i samband med oppbygginga av dei afrikanske beredskapsstyrkane (ASF).

Ingen nye samarbeidsområde kom til i 2010. Ein formell samarbeidsavtale er under utvikling og vert høgst sannsynleg underteikna i 2011. AU har ytra ønske om auka bistand til kapasitetsbygging, mellom anna for ASF.

Den norske ambassaden i Addis Abeba fortsette i 2010 som NATO-liaisonambassade for AU og var med og la til rette for den regelmessige kontakten mellom NATO og AU.

5.7.4 OSSE

Samarbeidet mellom NATO og OSSE er i første rekkje knytt til operasjonar og nærvær i felt. Spesielt på Vest-Balkan, og særleg i Kosovo og Bosnia-Hercegovina, er det tett kontakt mellom NATO-hovudkvarteret i desse landa og det lokale OSSE-sendelaget. Det er i tillegg god kontakt med OSSE-sendelaga i Sentral-Asia, Sør-Kaukasus og Moldova, der begge organisasjonane har konkrete og ofte liknande prosjekt for reform av tryggingssektoren og bistand til destruksjon av overflødige våpen og ammunisjon.