Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

4 Andre tryggingspolitiske utfordringar

4.1 Kjernevåpenpolitikken

NATOs kjernevåpenpolitikk ligg i hovudsak fast, men i det nye strategiske konseptet forpliktar NATO seg for første gong til å arbeide for ei verd utan kjernevåpen. Samtidig har ein halde fast ved at alliansen vil behalde ein kjernevåpenkapasitet så lenge andre land har kjernevåpen. Toppmøtet i Lisboa vedtok at forsvars- og avskrekkingspolitikken til alliansen skal gjennomgåast i lys av det nye strategiske konseptet og internasjonale utviklingstrekk.

Saman med Tyskland, Belgia, Nederland og Luxembourg tok Noreg initiativ til å setje drøftingar av atomvåpenpolitikken på dagsordenen på det uformelle utanriksministermøtet i Tallinn 22.–23. april 2010. Saman med Polen tok Noreg òg initiativ til at NATO retta merksemda mot behovet for større openheit rundt dei kortrekkjande kjernevåpna i Europa. Målet er gjensidig reduksjon og etter kvart avskaffing av desse våpna i Europa.

Desse initiativa var viktige bidrag i drøftingane om kjernevåpenpolitikken i utarbeidinga av NATOs nye strategiske konsept. Debatten under NATOs utanriksministermøte i Tallinn spegla ei solid oppslutning om å setje kjernefysisk nedrusting høgt på dagsordenen i arbeidet med NATOs nye strategiske konsept. Dette nye konseptet omtalar for første gong nullvisjonen om ei verd utan kjernevåpen. På toppmøtet vart det vedteke å gjennomgå forsvars- og avskrekkingspolitikken til alliansen, og ein eigen komité for rustingskontrollspørsmål vart etablert.

4.2 Rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing

Det strategiske konseptet stadfestar at «rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing bidreg til fred, tryggleik og stabilitet». NATO og Russland har framleis eit stort tal kortrekkjande kjernevåpen utplasserte i Europa, som ikkje er omfatta av nokon rustingskontrollavtale. Det norsk-polske initiativet i 2010 for å styrkje openheit og tillitsskapande tiltak med Russland på dette området og for å arbeide for å inkludere også desse kjernevåpna i framtidige forhandlingar vart reflektert i det strategiske konseptet og slutterklæringa frå toppmøtet. Når den nye START-avtalen mellom USA og Russland no har tredd i kraft, vert dette endå meir aktuelt.

Når det gjeld samarbeidet med Russland, har òg NATO-Russland-rådet slutta seg til visjonen om ei kjernevåpenfri verd. Den nye arbeidsgruppa for rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing vart i etterkant av toppmøtet i Lisboa samd om eit arbeidsprogram for 2011 som m.a. legg opp til å drøfte oppfølginga av NPT-tilsynskonferansen i 2010.

Den årlege NATO-konferansen om rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing, som fann stad i Praha 24.–25. juni 2010, skal i 2011 haldast i Bergen. Det vert lagt vekt på at den føreståande konferansen vil styrkje merksemda om konsekvensane av at kjernevåpen får ei redusert rolle i NATO-doktrinen. Samtidig vil arbeidet med rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing òg kunne få større merksemd i Noreg.

NATO har ei rolle å spele i arbeidet for å nå målsetjinga om ei kjernevåpenfri verd. Regjeringa vil, saman med andre allierte, aktivt følgje opp dei norske initiativa for å bidra til dette i NATO. Ein må likevel innsjå at det kan vere langt fram før målsetjinga er nådd.

4.3 Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen)

CFE-avtalen tredde i kraft i 1992 og omfattar alle dåverande statar i NATO og Warszawa-pakta. Hovudføremålet med avtalen var å redusere faren for eit overraskingsangrep. Dette skulle skje ved å avgrense dei offensive militære kapasitetane til partane og skape balanse i det konvensjonelle styrkeforholdet. Det vart etablert eit omfattande informasjons- og verifikasjonsregime for å sikre at avtalen vart etterlevd.

CFE-avtalen har mellom anna bidrege til å fjerne over 64 000 tyngre våpen i Europa og har på den måten vore ein suksess. CFE-avtalen har gjeve Noreg ei god oversikt over kva som finst av stridsvogner, pansra køyretøy og artillerieiningar i nærområda våre i nord. I tillegg til den konkrete militærfaglege nytta bidreg informasjon og verifikasjon til ein generell politisk-militær openheitskultur og til auka kontakt og forståing.

Ved inngangen til 2010 vedtok NATO-landa å intensivere innsatsen for å revitalisere CFE-avtalen etter at Russland i desember 2007 «suspenderte» etterlevinga av avtaleforpliktingane sine. Dette leidde til at NATO-landa i juni 2010 presenterte eit utkast til «nytt rammeverk for konvensjonell rustingskontroll i Europa». Utspelet vart starten på ei rekkje møte i Wien i såkalla «36-format» (dei 30 statspartane til CFE-avtalen og seks av dei nyaste NATO-landa) om eit mandat for vidare forhandlingar om eit modernisert regime for konvensjonell rustingskontroll i Europa. Hovudproblema har dreidd seg om informasjonsutveksling og prinsippet om at vertslandet må samtykkje i stasjonering av styrkar (t.d. russiske styrkar i Georgia og Moldova). Det er heller ikkje semje om vidare forhandlingar skal dreie seg om ein revisjon av den juridisk bindande CFE-avtalen eller sikte mot eit nytt, politisk forpliktande regime for konvensjonell nedrusting i Europa til erstatning for CFE.

Utsiktene for den vidare prosessen er usikre. Arbeidet er prioritert på norsk side, og vi har samarbeidd med allierte og hatt kontinuerleg direkte kontakt med russisk side. For å styrkje den norske innsatsen i forhandlingane er det oppretta ei eiga stilling som spesialutsending for europeiske tryggings- og rustingskontrollspørsmål.

4.4 Missilforsvar

På toppmøtet i Lisboa i november 2010 gjorde NATO eit prinsippvedtak om at det skal etablerast eit missilforsvar for å verne alliert territorium mot den aukande trusselen frå ballistiske missil. Systemet vil byggje på det amerikanske missilforsvarssystemet (European Phased Adaptive Approach) og på NATOs missilforsvarssystem for utplasserte styrkar (Active Layered Theatre Ballistic Missile Defence). Samtidig vart det vedteke å invitere Russland til eit samarbeid om missilforsvar innanfor ramma av NATO-Russland-rådet.

Det vert lagt opp til ei gradvis utbygging av eit fleksibelt land- og sjøbasert system som er tilpassa trusselen mot NATOs territorium. NATO-landa vil fellesfinansiere eit kommando- og kontrollsystem for missilforsvaret. Dei enkelte landa skal på frivillig grunnlag tilby og finansiere våpensystem og sensorar som skal inngå i systemet. I utgangspunktet vil systemet i all hovudsak vere samansett av amerikanske sensorar og våpensystem.

Regjeringa har lagt vekt på at eit alliert missilforsvar må vere retta mot reelle truslar, bidra til å auke tryggleiken for medlemslanda og opne for samarbeid med tredjeland, særleg Russland.

4.5 Energitryggleik

Stats- og regjeringssjefane stadfesta under toppmøtet i Lisboa at dei støttar arbeidet som går føre seg i alliansen med å sikre kritisk energiinfrastruktur. Toppmøteerklæringa understrekar, i tråd med norsk syn, at bidraget frå NATO må representere ein meirverdi til og samordnast med nasjonale og internasjonale tiltak som allereie er sette i gang. Toppmøtet i Bucuresti i 2008 vedtok å konsentrere innsatsen til NATO på energitryggleiksområdet om fem hovudområde: etterretningsdeling internt i alliansen, informasjonsdeling med partnarlanda, stabilitetsfremjande tiltak, støtte til konsekvenshandtering og støtte til vern av kritisk infrastruktur. Vedtaka frå Lisboa vidarefører dette.

4.6 Dataforsvar

På toppmøtet i Lisboa vart det vedteke at arbeidet med vern mot dataangrep (cyberforsvar) skal forsterkast ytterlegare. Alliansen erkjende kor viktig det er å ha tilgang til det digitale rommet både for militære operasjonar og for grunnleggjande samfunnstryggleik. NATO vil i første rekkje vidareutvikle evna til å verne sine eigne system mot dataangrep og vil vidare, innanfor forsvarsplanlegginga, bidra til å styrkje dataforsvarskapasitetane hos dei allierte. I løpet av 2011 vil alliansen ta stilling til ein oppdatert dataforsvarspolitikk.

4.7 Sivil beredskap

Sivil beredskapsplanlegging og sivil krisehandtering er primært ei nasjonal oppgåve. Den sivile beredskapsplanlegginga i NATO søkjer å samordne og effektivisere bruken av nasjonale sivile ressursar for å støtte opp om dei strategiske allianseoppgåvene og verne sivilbefolkning og infrastruktur i tilfelle naturkatastrofar, krig eller terroranslag.

NATO dreg i denne samanhengen nytte av eit breitt nettverk av ekspertar i medlems- og partnarlanda. Ekspertane møtest regelmessig i eigne tematisk organiserte grupper og kan i tillegg kontaktast individuelt ved behov. Ekspertane gjev råd i samband med sivil beredskapsplanlegging og krisehandtering og assisterer òg medlemsland og dei militære styresmaktene i NATO med råd om utvikling og bruk av sivile ressursar. Som eit ledd i NATOs reformprosess vart talet på planleggingsgrupper i 2010 redusert frå åtte til fire. Føremålet er å effektivisere arbeidet og setje planleggingsgruppene betre i stand til å støtte opp om dei strategiske oppgåvene i alliansen.

Sivil beredskap er eit viktig element i samarbeidet med partnarland og er det største ikkje-militære programmet i regi av Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC). Dette samarbeidet omfattar mellom anna katastrofeberedskap, retningslinjer for bruk av sivile ressursar ved militær krisehandtering og humanitær bistand etter katastrofar. NATOs sivile kriseresponssenter (Euro-Atlantic Disaster Response Coordination Centre – EADRCC) formidlar førespurnader og tilbod om bistand frå medlems- og partnarland i samband med katastrofar. I 2010 formidla EADRCC slike førespurnader i samband med naturkatastrofar i Albania, Ungarn, Israel, Moldova, Montenegro, Tadsjikistan og Ukraina. På førespurnad frå pakistanske styresmakter etablerte NATO i august 2010 ei 90-dagars sjø- og luftbru for å hjelpe FN og andre humanitære aktørar med å få hjelpesendingar inn i landet i samband med flaumkatastrofen.

Noreg er oppteken av å utvikle sivil beredskapsplanlegging innanfor ramma av NATO-Russland-rådet og var 22.–24. mars 2010 vertskap for ei felles sivil krisehandteringsøving i Tønsberg.