Meld. St. 24 (2010–2011)

Samarbeidet i NATO i 2010

Til innhaldsliste

7 Militær omforming

Også gjennom 2010 har det vorte arbeidd vidare med dei militære strukturane og kapasitetane til alliansen og dei allierte. Dette er ein kontinuerleg prosess der hovudmålet er å sikre at NATO har ei best mogeleg evne til å løyse heile spekteret av potensielle oppgåver på ein effektiv måte. Arbeidet er i gang på brei front og omfattar både investeringar i og utvikling av nødvendige militære kapasitetar, men òg kompetansebygging, trening, øving og nødvendige reformer av organisasjonen og arbeidsprosessane i NATO. Frå norsk side har vi støtta opp om dette arbeidet, som òg må sjåast i nær samanheng med dei hovudprioriteringane som Stortinget gjennom langtidsplanen har lagt til grunn for utviklinga av det norske forsvaret. Frå norsk side har vi vidare lagt vekt på å arbeide for ei balansert tilnærming der både operasjonane og den meir langsiktige satsinga på strategiske kapasitetar som alliansen treng for å løyse dei kollektive kjerneoppgåvene, får nødvendig merksemd og ressursar. Ei slik tilnærming er òg i samsvar med prioriteringane innanfor det norske nærområdeinitiativet som vart lansert i alliansen i 2008.

På NATO-toppmøtet i Lisboa slutta stats- og regjeringssjefane i NATO-landa seg til ei prioritert pakke av kapasitetar som vil få særleg merksemd i den vidare moderniseringa av alliansen. Målsetjingane er her både å kunne understøtte pågåande operasjonar og å kunne møte nye truslar og utfordringar, samtidig som ein opprettheld og vidareutviklar dei grunnleggjande strategiske kapasitetane som utgjer ein del av fundamentet for den kollektive militære evna til alliansen.

Den økonomiske situasjonen og presset på forsvarsbudsjetta i mange land har ført til at det på nytt vert lagt vekt på fleirnasjonalt samarbeid som ein reiskap i utviklinga av militære kapasitetar. I lys av vedtak på NATO-toppmøtet vil det i 2011 bli arbeidd vidare med idear og tiltak som kan bidra til å underbyggje eit tettare samarbeid mellom allierte i utvikling og innkjøp av militære kapasitetar. Frå norsk side tek vi del i dette arbeidet med erfaringane vi på norsk side har fått frå tidlegare samarbeidsprosjekt både med allierte og innanfor den nordiske ramma.

Arbeidet med militær omforming i NATO har i dei seinare åra gått føre seg i ein situasjon der allierte er tungt engasjerte i pågåande operasjonar. Dette har gjeve verdifulle erfaringar som vil kome til nytte i omformingsarbeidet i alliansen. Sentrale eksempel i denne samanhengen er ei styrking av samarbeidet for å utvikle kapasitetar på område som m.a. helikopter, medisinsk støtte og tiltak mot improviserte sprenglekamar. Det har òg vorte arbeidd vidare med å styrkje det konkrete samarbeidet mellom NATO og EU på desse områda. Her har det vore ein viss framgang i 2010, samtidig som dei meir overordna politiske utfordringane i forholdet mellom NATO og EU varar ved.