Ot.prp. nr. 3 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaga

Det er i dag ikkje mogleg å velje lokalstyre ved fleirtalsval. Svalbardlova § 34 andre ledd seier at valet til lokalstyret skal vere eit forholdstalsval. Det kan likevel oppstå ein situasjon der det ikkje blir levert inn eller godkjend noko listeforslag, eller der det berre blir levert inn eitt listeforslag, og då passar ikkje desse reglane. Den tidlegare forskrifta om val til det dåverande Svalbardrådet hadde reglar om fleirtalsval, men desse blei ikkje vidareførte sidan svalbardlovas føresetnad er at valet skal vere eit forholdstalsval. Departementet foreslår derfor ei slik tilføying i svalbardlova § 34 andre ledd: «Dersom det ikke foreligger mer enn ett godkjent listeforslag, holdes valget likevel som flertallsvalg».

Forslaget om å innføre kontrollutval for Longyearbyen lokalstyre skuldast først og fremst lokalstyrets eige ønske om å ha dei same reglane for internt tilsyn og kontroll som fastlandskommunane har. Ein må sjå dette ønsket på bakgrunn av dei endringane som er gjort i kommunelova omkring kontrollutvalet sin funksjon, og den auka selskapskontrollen organet er blitt tillagt gjennom desse endringane. Longyearbyen lokalstyre har sjølv lagt dei fleste samfunnsmessige oppgåvene til det heileigde aksjeselskapet Bydrift Longyearbyen AS (tidlegare Svalbard Samfunnsdrift AS), og ønskjer derfor å kunne nyttiggjere seg kontrollutvalet sitt mynde på dette området. Lovteknisk er dette enklast ved å gjere heile kapittel 12 i kommunelova gjeldande for Longyearbyen lokalstyre.