Ot.prp. nr. 3 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei einskilde reglane

Til § 34

Utgangspunktet er at val til lokalstyret skal skje ved såkalla forholdstalsval. Tanken bak eit forholdstalssystem er å sikre at dei forskjellige politiske syna blir representerte i forhold til den tilslutninga partiet har i folket. Regelen i § 34 andre ledd andre punktum er teken inn i fall den situasjonen skulle oppstå at det ikkje blir levert inn eller godkjent noko listeforslag, eller at det berre blir levert inn eller godkjent eitt listeforslag. I desse tilfella passar ikkje reglane om forholdstalsval sidan føresetnaden for eit slikt val er at det finst fleire lister å berekne eit forholdstal ut i frå. Valet skal derfor foregå som fleirtalsval, der veljarane stemmer på enkeltpersonar og ikkje på vallister med kandidatar. Dei personane som får flest stemmer blir valde – i rekkjefølgje etter stemmetal. Regelen er teken inn etter modell frå tilsvarande ordning på fastlandet. Sjå nærare lov 28. juni 2002 nr. 57 § 12-1 og forarbeida til denne.

Til § 39

Tilføyinga i § 39 første ledd tredje punktum lovfestar administrasjonssjefens tilsynsansvar overfor administrasjonen. Regelen samsvarar med kommunelova § 23 nr. 2 og har som siktemål å tydeleggjere at administrasjonssjefen har eit slikt ansvar. Endringa er i tråd med allment aksepterte prinsipp for leiarskap og er ikkje meint å innebere noko realitetsendring.

Til § 44

Den nye regelen i § 44 gjer heile kapittel 12 i kommunelova gjeldande for Longyearbyen lokalstyre. Endringa må sjåast på bakgrunn av både måten lokalstyret no har organisert verksemda si på, og den auka selskapskontrollen kontrollutvalet etterkvart er tillagt gjennom seinare endringar i kommunelova. Dei fleste samfunnsoppgåvene i Longyearbyen er no lagt til det heileigde aksjeselskapet, Bydrift Longyearbyen, og innføring av kontrollutval er derfor ei naturleg følgje av dette.