Ot.prp. nr. 3 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Til innhaldsliste

4 Departementet sine vurderingar

Forslaget om å lovfeste administrasjonssjefens tilsynsansvar og ordninga med fleirtalsval, har ikkje møtt motstand under høyringa. Endringa blir derfor fremja i tråd med høyringsforslaget.

Det blir òg fremja forslag om å innføre kontrollutval for Longyearbyen lokalstyre. Dette vil departementet gå noko nærare inn på.

Eit utgangspunkt for lov- og forskriftsregulering av Longyearbyen lokalstyre, er å følgje kommunelova så langt ho passar. Ein har likevel prøvd å gjere det enklare der det har vore mogleg, og det er grunnen til at kontrollutval ikkje blei innført for lokalstyret i starten.

Under høyringa har det kome innvendingar mot departementets syn om ikkje å opne for at revisor også kan vere sekretær for kontrollutvalet, spesielt frå lokalstyret sjølv og KomRev Nord.

Departementet har kome til at skiljet mellom kontrollutvalet og revisjonen må oppretthaldast, og at revisor såleis ikkje kan vere sekretær for kontrollutvalet. Slik er det for kommunane på fastlandet, og departementet ser ikkje at det er tungtvegande grunnar for å gjere det annleis for Longyearbyen lokalstyre.

Avgjerande for Kommunaldepartementet då dei fremja lovforslaget om endringane i kommunelova (lov 25. september 1992 nr. 107) om kontrollutval (Ot. prp. nr. 70 (2002–2003)), var eit generelt ønske om å styrkje kontrollutvala og gjere dei meir sjølvstendige. Departementet meinte at ein best kunne oppnå det gjennom å ha eit så klårt skilje som mogleg mellom utvalet og revisjonen sitt arbeid og rollene deira. Ikkje minst var dette viktig sidan kontrollutvalet òg skal syte for ei forsvarleg revisjonsordning, mellom anna føre tilsyn med revisjonen, og fordi sekretariatet i tillegg vil kunne ha sterk innverknad på området som kontrollutvalet skal arbeide med. Dersom revisjonen skulle få avgjerande innverknad på kva for saker kontrollutvalet rettar merksemda si mot, ville utvalet etter Kommunaldepartementets meining, snarare bli ein del av revisjonen enn lokalstyret sitt tilsynsorgan.

Spørsmålet om sekretærfunksjonen fekk særleg merksemd i Stortinget under debatten om lovforslaget. Fleirtalet i Stortinget slutta seg til departementets oppfatning om at sekretæren for kontrollutvalet i ein kommune ikkje kunne ha revisjonsoppgåver for den same kommunen. Dette la avgjerande føringar på utforminga av forskriftene om kontrollutvalet for kommunane. Forskriftene seier derfor eksplisitt at revisor ikkje kan vere sekretær for utvalet (forskrift 15. juni 2004 nr. 905 § 20, heimla i kommunelova § 77).

Sjølv om Longyearbyen lokalstyre ikkje fell direkte inn under kommunelova, meiner Justis­departementet at det ville krevje ein særleg sterk grunn om ein skulle gjere unntak frå eit prinsippspørsmål som fekk spesiell merksemd under stortingsbehandlinga. Justisdepartementet kan ikkje sjå at der er nokon slik grunn. Å opne for at revisor kunne vere sekretær for kontrollutvalet i Longyearbyen, ville etter departementet si oppfatning undergrave dei generelle målsetjingane om å styrkje kontrollutvalet som folkevalt tilsynsorgan. Svært mange kommunar var òg imot denne lovendringa, og det er vanskeleg å gi ein god grunn for at Longyearbyen lokalstyre skal få unntak når ingen av kommunane på fastlandet fekk det. Departementet legg i tillegg vekt på at Kommunanes Sentralforbund støttar dette synet.

Lokalstyret nemner som ei mogleg løysing at kontrollutvalet sjølv kan ivareta sekretariatsfunksjonen. Departementet har ingen innvendingar mot dette og understrekar at intensjonen er å ha eit så klårt skilje som mogleg mellom revisor og kontrollutvalet, ikkje mellom sekretæren og utvalet. Vilkåret er at den som skal vere sekretær òg må fylle kriteria for å kunne veljast til kontrollutvalet. Lokalstyret foreslår som eit alternativ at sekretærfunksjonen kan leggjast til Sysselmannen, men det ser ikkje departementet som noko god løysing.

Lokalstyret har vidare uttalt at utgifter ved ikkje å opne for tilpassingar bør kompenserast av staten. Departementet er usikker på kva for meirkostnader dette er. Dersom revisor skal utføre jobben som sekretær, vil også dette innebere kostnader for lokalstyret. Dei eventuelle meirkostnadene for lokalstyret vil i så fall bli differansen mellom kva revisor skal ha for denne jobben samanlikna med ein annan frå fastlandet. I tillegg kjem kostnader til reise og overnatting. Men departementet viser her til det som er sagt over om at det ikkje er noko i vegen for at kontrollutvalet sjølv ivaretek rolla som sekretær for utvalet.