Ot.prp. nr. 3 (2006-2007)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Å lovfeste administrasjonssjefens tilsynsansvar overfor administrasjonen, og å gjere det mogleg å velje lokalstyret ved fleirtalsval, vil ikkje ha nokre økonomiske og administrative konsekvensar.

Innføring av kontrollutval vil ha nokre økonomiske og administrative konsekvensar for lokalstyret. Gjennom tilsynet vil likevel utvalet både avlaste og frigjere lokalstyret frå daglege tilsynsoppgåver. Sidan det er usikkert kva for ein modell lokalstyret vil velje innafor ramma av det tillatne, er det ikkje mogleg å fastslå den eksakte storleiken på kostnadene. Etter gjeldande regelverk for kontrollutval skal det vere eit eige sekretariat, og innføringa vil derfor i alle tilfelle innebere at det må stillast ressursar til rådvelde frå lokalstyret si side.