Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

2 Historisk bakgrunn

Før 1992 kunne personar mellom 67 og 70 år kombinere alderspensjon med arbeidsinntekt så framt at summen ikkje blei høgare enn 80 prosent av tidlegare arbeidsinntekt. Alderspensjonen blei avtrappa i trinn på 25 prosent av full pensjon. Det blei utbetalt anten 100, 75, 50 eller 25 prosent av full pensjon, eller ingen pensjon i det heile. Ved sidan av full pensjon var det mogleg å ha ei arbeidsinntekt på opptil 50 prosent av grunnbeløpet utan at pensjonen blei redusert.

Desse reglane blei òg gjorde gjeldande for AFP-ordninga, som då berre omfatta 65- og 66-åringar.

I Trygdemeldinga (St meld nr 12 for 1988-89) blei det vist til at den trinnvise avtrappinga hadde store terskelverknader. Ein relativt liten auke av arbeidsinntekta kunne føre til ein monaleg reduksjon av den samla inntekta når ein måtte gå ned eit trinn i pensjon, til dømes frå 50 til 25 prosent. I meldinga blei det teke til orde for at alderspensjonen burde inntektsprøvast etter same modellen som pensjon til attlevande ektefelle. Denne modellen inneber at alle kan ha ei arbeidsinntekt opp til eit fribeløp, og at pensjonen blir redusert med ein viss prosent av arbeidsinntekt over fribeløpet.

Som resultat av stortingsbehandlinga (Innst S nr 200 for 1988-89, Ot prp nr 77 for 1989-90 og Innst O nr 11 for 1990-91) blei dei aktuelle avtrappingsreglane erstatta med reglar for inntektsprøving etter same modellen som for attlevande ektefelle med verknad frå 1. januar 1992. Dei nye reglane gjekk ut på at pensjonen skulle reduserast med 50 prosent av den pensjonsgivande inntekta over grunnbeløpet, og at summen av pensjon og den pensjonsgivande inntekta ikkje kunne bli høgare enn tidlegare inntekt. Desse reglane omfatta både alderspensjon i folketrygda og AFP.

I Velferdsmeldinga (St meld nr 35 for 1994-95) blei det føreslått tiltak for å stimulere eldre arbeidstakarar til å stå lengere i arbeid. Mellom anna blei det føreslått gunstigare avkortingsreglar for alderspensjon for årsklassene 67, 68 og 69 år. Som resultat av stortingsbehandlinga (Innst S nr 180 for 1995-96, Ot prp nr 4 for 1996-97 og Innst O nr 16 for 1996-97), blei reglane for denne aldersgruppa endra med verknad frå 1. januar 1997, slik at det i dag finst to sett med avkortingsreglar. Kva for reglar den einskilde kjem inn under, er avhengig av om han eller ho har teke ut avtalefesta pensjon eller ikkje:

  • For dei som ikkje har teke ut AFP før dei fyller 67 år, blir alderspensjonen frå folketrygda avkorta med 40 prosent av pensjonsgivande inntekt over eit fribeløp tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda (1 G). Det er inga øvre grense for kor stor den samla inntekta kan vere.

  • For dei som tek ut AFP, og for alderspensjonistar i folketrygda som tidlegare har motteke AFP, blir pensjonen avkorta med 50 prosent av inntekt over grunnbeløpet. Pensjon og pensjonsgivande inntekt må til saman ikkje bli høgare enn 100 prosent av tidlegare inntekt.

I samband med at ordninga med delpensjon blei avtalt i AFP-ordninga, vurderte partane i arbeidslivet eit pro rata-system basert på stillingsdel. Dette systemet gjekk ut på at arbeidstakarar i full stilling kunne gjere avtale med arbeidsgivaren om å redusere arbeidstida med anten éin eller to dagar per veke. Dersom arbeidstida blei redusert med éin dag per veke - det vil seie at vedkomande etter pensjoneringstidspunktet arbeider fire dagar per veke (80 prosent av full stilling) - ville det bli ytt pensjon for éin dag per veke (20 prosent av full pensjon). Tilsvarande ville det vere dersom vedkomande trappa ned yrkesaktiviteten med to dagar per veke. Vedkomande ville då vere i arbeid tre dagar per veke og få 60 prosent lønn, samtidig som pensjonen ville utgjere 40 prosent av full pensjon.

Eit pro rata-delpensjonssystem basert på stillingsandel har visse veikskapar. Mellom anna treng ein å ha eit parallelt regelverk som fangar opp personar som ikkje har avtale med arbeidsgivaren om fast redusert arbeidstid, og personar med variabel inntekt.