Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

7 Vurdering og forslag frå departementet

7.1 Pro rata delpensjon i AFP-ordninga

Departementet viser til at Førtidspensjonsutvalet meiner at eit pro rata-system basert på inntekt og med etteroppgjer samla sett framstår som betre enn dagens avkortings- og avgrensingsreglar. Utvalet føreslår derfor at dagens reglar for avkorting av AFP-pensjon mot arbeidsinntekt blir avløyste av eit pro rata-system basert på inntekt. Departementet er samd i dette.

Departementet har merkt seg at dei høyringsinstansane som har uttalt seg er positive til framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om pro rata delpensjon i AFP-ordninga.

Departementet meiner at framlegget til delpensjonssystem, er føremålsteneleg og logisk. Systemet vil i det vesentlege eliminere dei uheldege utslaga som gjeldande reglar inneber. På grunn av skattereglane vil det likevel i somme tilfelle kunne bli noko høg kompensasjon når den tidlegare inntekta er låg. Førtidspensjonsutvalet har òg gjort framlegg til endringar i skattereglane når det gjeld AFP.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å erstatte dagens avkortings- og avgensingsreglar i AFP-ordninga med eit pro rata delpensjonssystem som føreslått av Førtidspensjonsutvalet.

Departementet viser til rammelova for AFP § 2 første ledd bokstav d i lovframlegget.

Lovframlegget gjeld direkte dei AFP-ordningane som får statstilskott, det vil seie ordningane i privat sektor. Framlegget gjeld òg for AFP 62 til og med 64 år i statleg sektor, jf lov 11. juni 1993 nr 64 om avtalefestet pensjon for offentlige tjenestemenn m fl § 3. Dessutan gjeld framlegget dei tariffesta ordningane i offentleg sektor som viser til rammelova for AFP.

Lovframlegget er utforma med sikte på at ordninga må bli regulert nærmare i forskrift, jf rammelova for AFP § 7. Departementet viser til at Førtidpensjonsutvalet i si vurdering har lagt til grunn at ordninga må utformast med sikte på enkel administrasjon, slik at det ikkje må gjerast etteroppgjer for uvesentlege beløp. Utvalet gav dessutan uttrykk for at det truleg ikkje vil vere gagnleg å avkorte pensjon mot låge inntekter.

Rikstrygdeverket gir i si høyringsfråsegn uttrykk for behovet for å avgrense talet på etterkontrollar og avrekningar talar for litt romslege toleransegrenser for endring av pensjonar og ved avrekning og etteroppgjer i sakane. Rikstrygdeverket meiner at det må fastsetjast eit nedre inntektsnivå for at det i det heile tatt blir aktuelt å avkorte pensjonen. På den andre sida viser Rikstrygdeverket til at ei friinntekt på ½ G i eit pro rata-system framleis inneber at pensjonistane klart tener på å ta ut delpensjon. Departementet er enig i at eit toleransebeløp for når det blir naudsynt å foreta avkorting og etteroppgjer må vere langt lågare enn ½ G.

Departementet meiner at spørsmåla om ved kva for inntektsnivå det bør vere aktuelt å avkorte pensjonen, ved kva for avvik i høve til oppgitt inntekt det blir naudsynt med endringar av løpande pensjon og om etteroppgjeret, er viktig - både for den einskilde pensjonist, for trygdeetaten og for dei pensjonskassene som skal administrere ordninga. Desse spørsmåla vil bli nærmare regulert i forskrift, men er likevel føremålstenleg å omtale nærmare her.

Departementet legg til grunn at det ikkje skal gjerast reduksjon i pensjonsutbetalingane når inntekta ved sidan av pensjonen er låg, til dømes lågare enn 4000 kroner per kalenderår.

Dess fleire gonger pensjonisten regulerer sitt overslag over kor mykje vedkomande meiner å ha i arbeidsinntekt i løpet av kalenderåret, dess meir arbeid blir det for trygdeetaten. Rikstrygdeverket uttalar i denne samband at ein bør ha retningslinjer som avgrensar moglegskapen for å endre pensjonsutbetalingane, til dømes 3-4 gonger per år. Departementet meiner at ordninga bør utformast slik ho tek i vare pensjonistane sine behov for justeringar, samtidig som det er ei administrativ mogleg oppgåve for trygdeetaten. Departementet legg til grunn at pensjonisten skal kunne be trygdekontoret om å justere den løpande pensjonen når vedkomande ser at den årlege arbeidsinntekta kjem til å avvike frå den opphavlege overslaget med meir enn 4000 kroner. Det bør i oppstartfasen ikkje leggjast opp til nokon avgrensing på kor mange gonger den einskilde kan endre pensjonen per år. Dersom det viser seg at ordninga bli uforholdsmessig arbeidskrevjande å administrere, bør det vere mogleg å vurdere eventuelle avgrensingar i talet på justeringar per år.

Når det gjeld sjølve etteroppgjeret - det vil seie når det blir aktuelt med etterbetaling av for lite utbetalt pensjon og tilbakekrevjing av for mykje utbetalt pensjon - legg departementet til grunn at det heller ikkje skal gjerast slikt etteroppgjer når den faktiske inntekta avvik frå overslaget med mindre enn 4000 kroner i løpet av kalenderåret.

Samla beløp som kan haldast utanfor inntektsprøvinga skal ikkje utgjere meir enn 4 000 kroner per kalenderår.

Eit slikt opplegg - med eitt beløp for når det blir aktuelt med avkorting i høve til arbeidsinntekt, når dei løpande pensjonsutbetalingane kan justerast og når det skal foretakast etteroppgjer - meiner departementet vil vere enkelt og føremålstenleg både i høve til pensjonistane og dei som skal administrere pro rata-ordninga. Departementet ser likevel ikkje bort i frå at det kan bli aktuelt å justere dette beløpet etterkvart som ein får erfaring med den framlagde pro rata-ordninga.

Som nemnd blir den tidlegare inntekta fastsett ut frå dei tre beste av dei åra vedkommande fylte 56, 57, 58, 59 og 60 år. Nokre av høyringsinstansane, mellom anna Rikstrygdeverket, meiner det er betre å fastsetje tidlegare inntekt ut frå året før pensjonering. Departementet vil peike på at dei gjeldande reglane er fastsett ut frå omsynet til vekslande inntekt åra før pensjonering. Spørsmålet om definisjon av «tidlegare inntekt», vil ein ta stilling til ved utforminga av forskrifta.

Framlegg til nærmare reglar vil om kort tid bli utarbeidd i samråd med Rikstrygdeverket og dei andre pensjonsordningane som administrerer AFP-ordningar. Utkast til forskrifter vil bli sendt til ordinær høyring.

Departementet føreslår at rammelova for AFP § 7 blir nærmare presisert for å gi heimel for å regulere nemnde forhold.

Departementet viser til lovforslaget.

Folketrygdlova § 22-15 Tilbakekreving etter feilaktig utbetaling og § 22-16 Tilbakebetaling når inntektsavhengige ytelser er utbetalt med for stort beløp, gjeld med heimel i rammelova for AFP § 2 sjuande ledd tilsvarande i AFP-ordninga.

7.2 Inntektsprøving av alderspensjon frå folketrygda for personar mellom 67 og 70 år

Når det gjeld spørsmålet om avkortingsreglar for alle alderspensjonistar i folketrygda, viser departementet til at det etter handsaminga av Velferdsmeldinga blei innført gunstigare avkortingsreglar for dei som held fram i arbeid fram til fylte 67 år. Pensjonen blir avkorta med 40 prosent av inntekt over grunnbeløpet, og det er ikkje noko øvre tak på samla pensjon og arbeidsinntekt. Dei som har teke ut AFP, får som tidlegare avkorta alderspensjonen frå folketrygda med 50 prosent av inntekt over grunnbeløpet, og samla pensjon og arbeidsinntekt skal ikkje utgjere meir enn tidlegare inntekt.

Meininga med desse to ulike regelsetta, er å stimulere til høgare pensjoneringsalder. På den andre sida er det uheldig og administrativt tungvint å ha ulike reglar for alderspensjonistar i folketrygda.

Departementet har elles merkt seg at dei høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om at alle alderspensjonistar mellom 67 og 70 år blir stilte overfor like avkortingsreglar.

Næringslivets Hovedorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund, Rikstrygdeverket, Statens Pensjonskasse og De selvstendige kommunale pensjonskasser meiner at pro rata-systemet òg bør gjerast gjeldande for alderspensjon i folketrygda mellom 67 og 70 år.

Departementet har for så vidt forståing for at det bør vere mest mogleg einsarta reglar i pensjonssystemet. Det er likevel av stor betydning at pensjonssystemet skil mellom pensjon før og etter fylte 67 år.

Mens folketrygda er ei generell, rettigheitsbasert pensjonsordning som omfattar alle innbyggjarane i Noreg, opnar AFP-ordninga for frivillig tidlegavgang frå arbeidslivet for dei som er omfatta av ordninga. Pensjonsalderen i folketrygda definerer ei norm for når ein person er alderspensjonist. Å viske ut skilnaden mellom AFP-pensjonistar og alderspensjonistar, svekker pensjonsalderen i folketrygda som aldersnorm for pensjonering. Etter departementet si meining er det rimeleg at alderspensjonistane i folketrygda får noko gunstigare vilkår enn dei som tek ut AFP før 67 år dersom dei ønskjer å kombinere arbeid og pensjon. Framlegget frå fleirtalet i Førtidspensjonsutvalet har denne eigenskapen.

Departementet sluttar seg på denne bakgrunn til vurderinga frå Førtidspensjonsutvalet om at det er uheldig med ulike regelsett for avkorting av pensjon mot arbeidsinntekt for personar mellom 67 og 70 år i folketrygda avhengig av om dei har vore AFP-pensjonistar eller ikkje. Dei gunstige reglane som blei innført i 1997 om 40 prosent avkorting av arbeidsinntekt over grunnbeløpet bør gjelde for alle pensjonistar over 67 år.

Departementet gjer derfor framlegg om at alderspensjon mellom 67 og 70 år i folketrygda blir avkorta på same vis - det vil seie med 40 prosent av arbeidsinntekt over grunnbeløpet - uansett om det har vore teke ut AFP før fylte 67 år eller ikkje.

Departementet viser til folketrygdlova § 19-6 i lovforslaget.