Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

4 Nærmare om dagens reglar om kombinasjon av AFP og arbeidsinntekt

Det er ei allmenn oppfatning at det skal lønne seg å arbeide framfor å velje å ta ut pensjon. Det er heller inga usemje om at personar som vel å kombinere pensjon med redusert arbeidstid, under elles like vilkår bør ha noko mindre i samla inntekt enn dei som vel å halde fram i full jobb. Likeins bør dei som kombinerer pensjon med arbeidsinntekt, ha noko meir i samla inntekt enn dei som vel å ta ut full pensjon. Då bør det òg vere slik at den som reduserer arbeidsinnsatsen sin i eit større omfang, bør ha ei noko mindre samla inntekt enn den som reduserer arbeidsinnsatsen sin i eit mindre omfang, alt anna likt.

Dagens reglar om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt fører til at redusert arbeidsinnsats opp til eit visst inntektsnivå kan gi ein auke i disponibel inntekt. Det kan vidare lønne seg å redusere arbeidsinnsatsen med to dagar framfor éin dag per veke.

Førtidspensjonsutvalet drøfta moglege justeringar innanfor dagens regelverk med eit fribeløp og ei øvre avgrensing av samla pensjon og arbeidsinntekt. Nedanfor er det attgitt nokre reknedøme frå utgreiinga som viser korleis ulike reglar slår ut. Døma viser brutto- og nettoinntekt (før og etter skatt) ved 4 G (181 480 kroner) og ved 8 G (362 960 kroner) som tidlegare pensjonsgivande inntekt når ein person reduserer yrkesaktiviteten med 20 prosent og med 40 prosent. I døma har ein òg sett på verknaden av å redusere den øvre grensa for summen av pensjon og arbeidsinntekt frå 100 prosent av tidlegare inntekt til 90 prosent av tidlegare inntekt. Vidare har ein sett på verknadene av å redusere fribeløpet på 1 G til ½ G. Elles er dei same føresetnadene lagde til grunn som i figur 3.1 og figur 3.2. Døma er vist i tabell 4.1 og tabell 4.2.

Tabell 4.1 Arbeidsinntekt på 4 G - 20 prosent pensjonsgrad

Arbeidsinntekt som yrkesaktiv181 480Nettoinntekt som yrkesaktiv132 667
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar145 184Full pensjon - folketrygdnivå100 801
Fullt AFP-tillegg11 400
Dagens avkortingsreglar:
Pensjon etter inntektsprøving40 401
Samla bruttoinntekt185 585Samla nettoinntekt142 080
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving20 200
Samla bruttoinntekt165 384Samla nettoinntekt131 834
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp:
Pensjon etter inntektsprøving40 401
Samla bruttoinntekt185 585Samla nettoinntekt142 080
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving20 200
Samla bruttoinntekt165 384Samla nettoinntekt131 834

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

Tabell 4.1 viser at den samla pensjonen og arbeidsinntekta etter skatt er klart høgare enn tidlegare netto lønnsinntekt som yrkesaktiv etter dei avkortingsreglane som gjeld i dag. Ser ein på pensjonen etter inntektsprøving, er frådraget i pensjonen likevel monaleg, ettersom regelen om eit tak på 100 prosent blir gjord gjeldande. Men taket gjeld lønn og AFP-pensjonen eksklusive AFP-tillegget, og det sistnemnde blir i staden redusert i same forhold som AFP-pensjonen er blitt redusert. Samla bruttoinntekt som deltidsarbeidar blir høgare enn bruttolønna til vedkomande i fulltidsstilling. I valet mellom å arbeide fire eller fem dagar i veka taper såleis arbeidstakaren økonomisk på å arbeide full tid. Desse resultata er ein konsekvens av AFP-ytingane og dagens regelverk for avkorting, slik det går fram av tabellen. Vidare er den utrekna nettoinntekta påverka av at pensjonsinntekt blir skattlagd lempelegare enn lønnsinntekt.

Dersom ein erstattar taket på 100 prosent med eit tak på 90 prosent, går det fram av tabellen at pensjonen etter avkorting blir monaleg lågare. Effekten av lågare tak reduserer den AFP-pensjonen som blir att, og gir dermed også eit større frådrag i AFP-tillegget. Likevel vil nettoinntekta bli om lag som om vedkomande held fram i 100 prosent stilling.

I tabellane har ein òg teke med reknedøme der fribeløpet er endra frå 1 G til ½ G. For dømet i tabell 4.1 får dette ikkje noko å seie, for taket på samla lønns- og pensjonsinntekt slår inn i begge alternativa (100 og 90 prosent tak).

Tabell 4.2 Arbeidsinntekt på 4 G - 40 prosent pensjonsgrad

Arbeidsinntekt som yrkesaktiv181 480Nettoinntekt som yrkesaktiv132 667
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar108 888
Full pensjon - folketrygdnivå100 801
Fullt AFP-tillegg11 400
Dagens avkortingsreglar:
Pensjon etter inntektsprøving76 850
Samla bruttoinntekt185 738Samla nettoinntekt144 158
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving60 601
Samla bruttoinntekt169 489Samla nettoinntekt135 939
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp:
Pensjon etter inntektsprøving64 225
Samlet bruttoinntekt173 113Samla nettoinntekt137 804
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving60 601
Samla bruttoinntekt169 489Samla nettoinntekt135 939

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

I tabell 4.2 har ein lagt til grunn det same nivået på arbeidsinntekta, men til skilnad frå tabell 4.1 er fulltidsarbeid her samanlikna med 60 prosent deltidsarbeid.

Som det går fram av tabellen, vil nettoinntekta ved 60 prosent deltidsarbeid vere høgare enn nettoinntekta i heiltidsstilling både med dei reglane som gjeld i dag, og med eit lågare tak. Det same gjeld for både 1 G og ½ G som fribeløp. Om ein samanliknar tabell 4.1 og tabell 4.2, ser ein òg at vedkomande under alle regelalternativa bortsett frå eitt, faktisk kjem betre ut ved å arbeide tre dagar i veka enn ved å arbeide fire dagar i veka. Taket for samla lønns- og pensjonsinntekt slår inn i alle alternativa i tabell 4.1. Det same er tilfellet i tabell 4.2, bortsett frå i alternativa med dagens avkortingsreglar og 1 G eller ½ G som fribeløp.

Samansetjinga av bruttoinntekta som deltidsarbeidar vil derimot vere ulik i dei to tilfella. Med lågare lønnsinntekt blir frådraget i AFP-pensjonen mindre, og det gir i tabell 4.2 også eit lågare frådrag i AFP-tillegget (som ikkje skal takast med under taket). Samla bruttoinntekt blir derfor høgare enn for alternativa i tabell 4.1 (bortsett frå alternativet med dagens avkortingsreglar og ½ G som fribeløp). Det andre momentet som har noko å seie for utrekningane av nettoinntekt, er at når pensjonsinntekt utgjer ein større del av ei gitt samla bruttoinntekt, blir skatten lågare. Dette slår ut til fordel for ein som arbeider 60 prosent.

Tabell 4.3 Arbeidsinntekt på 8 G - 20 prosent pensjonsgrad

Arbeidsinntekt som yrkesaktiv362 960Nettoinntekt som yrkesaktiv234 437
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar290 368
Full pensjon - folketrygdnivå174 709
Fullt AFP-tillegg11 400
Dagens avkortingsreglar:
Pensjon etter inntektsprøving55 616
Samla bruttoinntekt345 984Samla nettoinntekt230 064
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving38 664
Samla bruttoinntekt329 032Samla nettoinntekt220 223
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp:
Pensjon etter inntektsprøving43 534
Samla bruttoinntekt333 902Samla nettoinntekt223 036
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving38 664
Samla bruttoinntekt329 032Samla nettoinntekt220 223

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

I tabell 4.3 og 4.4 har ein sett på tilsvarande døme som i tabell 4.1 og 4.2, men no med eit nivå på arbeidsinntekta på 8 G. Som det går fram av tabellane, vil det ved dette inntektsnivået ikkje finnast tilfelle der ein kjem betre ut som deltidsarbeidar enn som fulltidsarbeidar. Inntektsnedgangen ved redusert arbeidsinnsats er likevel liten særleg etter skatt.

Tabell 4.4 Arbeidsinntekt på 8 G - 40 prosent pensjonsgrad

Arbeidsinntekt som yrkesaktiv362 960Nettoinntekt som yrkesaktiv234 437
Arbeidsinntekt som AFP-mottakar217 776
Full pensjon - folketrygdnivå174 709
Fullt AFP-tillegg11 400
Dagens avkortingsreglar:
Pensjon etter inntektsprøving94 281
Samla bruttoinntekt312 057Samla nettoinntekt215 848
Dagens avkortingsreglar med tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving94 281
Samla bruttoinntekt312 057Samla nettoinntekt215 848
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp:
Pensjon etter inntektsprøving82 198
Samla bruttoinntekt299 974Samla nettoinntekt208 819
Dagens avkortingsreglar med ½ G som fribeløp og tak på 90 prosent:
Pensjon etter inntektsprøving82 198
Samla bruttoinntekt299 974Samla nettoinntekt208 819

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering