Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

3 Gjeldande regler

3.1 Hovudtrekk i ordningane med avtalefesta pensjon

AFP i privat sektor

Ordningane med avtalefesta pensjon (AFP) for privat sektor er regulert i tariffavtalar mellom partane i arbeidslivet. Desse ordningane gjev arbeidstakarar høve til å gå av med pensjon før den ordinære pensjonsalderen på 67 år i folketrygda. Frå 1. mars 1998 er det høve til å ta ut AFP frå fylte 62 år.

Lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon er ei rammelov som sett visse vilkår for at ei AFP-ordning skal få statstilskott. Det er i dag berre AFP-ordningane i privat sektor som får slikt tilskott. Staten dekkjer gjennom dette tilskottet 40 prosent av pensjonsutgiftene (eksklusive AFP-tillegget) for 64-, 65- og 66-åringer.

AFP i privat sektor blir rekna ut etter pensjonsreglane i folketrygdlova. Det blir teke omsyn til pårekna framtidige pensjonspoeng til og med det året vedkomande fyller 66 år, på same måten som for uførepensjon frå folketrygda. Pårekna framtidige pensjonspoeng blir godskrive i folketrygda og får dermed verknad for alderspensjon frå folketrygda. Dette inneber at AFP grovt sett svarar til den alderspensjonen ein ville fått ved å halde fram i arbeid fram til fylte 67 år. For eit gjennomsnittleg lønnsnivå vil det gje ei brutto pensjonsdekning (før skatt) på 50-60 prosent av tidlegare lønnsinntekt, noko meir for lågare inntekter og noko mindre for høgare inntekter. Netto pensjonsdekning (etter skatt) blir noko høgare på grunn av dei særskilde skattereglane for pensjonistar.

I tillegg til sjølve pensjonen blir det gitt eit såkalla AFP-tillegg, noko som ytterlegare aukar kompensasjonsgraden før fylte 67 år. AFP-tillegget blei avtalt av partane i arbeidslivet i samband med inntektsoppgjeret for 1992. I Fellesordninga LO/NHO er det vedtektsfesta AFP-tillegget på 950 kroner per månad (11 400 kroner i året) skattefritt. I dei andre AFP-ordningane er AFP-tillegget på 1 700 kroner per månad (20 400 kroner i året), men her er beløpet skattepliktig.

Frå 1. oktober 1997 blir pensjonen, inkludert det vedtektsfesta AFP-tillegget, sett ned dersom han utgjer meir enn 70 prosent av den tidlegare arbeidsinntekta, jf rammelova § 2 første ledd bokstav c femte ledd. Sjå nærmare i Ot prp nr 79 for 1996-97. I praksis får denne regelen stort sett berre verknad for personar med ei låg tidlegare inntekt, av di pensjonistar med ei middels eller høg tidlegare inntekt får ei lågare kompensasjonsgrad enn 70 prosent.

AFP i offentleg sektor

I offentleg sektor blir AFP berekna på same måten som i privat sektor for 62-, 63- og 64-åringar. For statleg sektor fylgjer dette av lov 11. juni 1993 nr 64 om avtalefestet pensjon for offentlige tjenestemenn m. fl. § 3. Ordninga med AFP i kommunal sektor, som er tariffesta, følgjer stort sett ordninga i statleg sektor.

I statleg sektor blir pensjonen rekna som ein tenestepensjon frå fylte 65 år. Dersom ein folketrygdberekna pensjon er høgare, blir differansen utbetalt i tillegg til tenestepensjonen. I kommunal sektor har ein valt ei noko anna løysing. Etter fylte 65 år får ein utbetalt det beste av folketrygdalternativet og tenestepensjonsalternativet. I praksis er det likevel ingen forskjell i ytingsnivået mellom statleg og kommunal sektor.

Det blir ikkje gitt noko AFP-tillegg når pensjonen blir fastsett som tenestepensjon i offentleg sektor.

3.2 Kombinasjon av avtalefesta pensjon og arbeidsinntekt

Etter gjeldande reglar blir pensjonen sett ned dersom pensjonisten har ei arbeidsinntekt over grunnbeløpet i folketrygda ved sidan av pensjonen. Dette er regulert i rammelova § 2 første ledd bokstav d, som viser til folketrygdlova § 19-6 fjerde ledd. Folketrygdlova § 19-6 fjerde ledd lyder:

«For en pensjonist som fram til fylte 67 år hadde avtalefestet pensjon med statstilskott, skal pensjonen uten ektefelletillegg og barnetillegg reduseres med 50 prosent av inntekt over grunnbeløpet. Summen av pensjon og pensjonsgivende inntekt kan ikke utgjøre mer enn 100 prosent av den tidligere pensjonsgivende inntekten. Pensjonen reduseres likevel ikke hvis den pensjonsgivende inntekten er mindre enn grunnbeløpet.».

Pensjonen blir ikkje avkorta dersom arbeidsinntekta er mindre enn grunnbeløpet i folketrygda (fribeløp). Fribeløpet utgjer 45 370 kroner per 1. mai 1998. Pensjonen blir først redusert med eit beløp som svarer til 50 prosent av arbeidsinntekta over fribeløpet. Dersom den reduserte pensjonen og arbeidsinntekta samla utgjer meir enn tidlegare inntekt (øvre grense), blir pensjonen ytterlegare redusert. Den tidlegare inntekta blir fastsett ut frå dei tre beste av dei åra vedkomande fylte 56, 57, 58, 59 og 60 år.

I tillegg kjem det vedtektsfesta AFP-tillegget, som ikkje vert rekna med når ein avkortar pensjonen etter dei nemnde reglane. Tillegget blir i etterkant redusert i det same høvet som pensjonen er redusert.

Desse avkortingsreglane gjeld både i privat og statleg sektor. I statleg sektor er dette lovheimla for årskulla frå 62 til 64 år, medan det for årskulla frå 65 til 67 år er heimla i hovudtariffavtalen. Reglane gjeld òg når pensjonen i kommunal sektor blir fastsett som ein folketrygdpensjon. Når AFP i kommunal sektor blir fastsett som ein tenestepensjon er det berre inntekt frå arbeidsforhold som medfører fortsatt medlemskap i ei offentleg tenestepensjonsordning som fører til avkorting i pensjonen. Pensjonen blir då avkorta etter stillingsdel. AFP etter tenestepensjonsalternativet blir såleis ikkje redusert for arbeidsinntekt frå privat sektor.

I figur 3.1 er det illustrert korleis dagens reglar om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt slår ut på bruttoinntekta (inntekt før skatt). I figur 3.2 er det illustrert korleis dei same reglane slår ut på nettoinntekta (inntekt etter skatt) ved ulike inntektsnivå.

Figur 3.1 Kompensasjonsnivået i AFP-ordninga før skatt ved kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Figur 3.1 Kompensasjonsnivået i AFP-ordninga før skatt ved kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

Figur 3.2 Kompensasjonsnivået i AFP-ordninga etter skatt ved kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Figur 3.2 Kompensasjonsnivået i AFP-ordninga etter skatt ved kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

I figur 3.1 og figur 3.2 er føresetnaden at arbeidstakaren blir AFP-pensjonist 1. januar 1999, og at vedkomande har hatt ei jamn inntekt dei siste 20 åra. Skattereglane for 1998 er lagde til grunn ved utrekning av nettoinntekta (inntekt etter skatt).

Figurene viser pensjonen for ein einsleg AFP-pensjonist. Det er såleis ikkje teke omsyn til at mange vil vere gift eller sambuar med ein annan pensjonist. I slike høve blir det gitt låg grunnpensjon, som utgjer 75 prosent av grunnbeløpet. Frå 1. januar 1998 blir det òg gitt låg grunnpensjon når ektefellen eller sambuaren har ei inntekt over to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Det vil seie at i døma er full pensjon på folketrygdnivå ¼ G høgare enn om AFP-pensjonisten hadde vore gift eller sambuar.

Det er vidare ein føresetnad at det blir gitt eit skattefritt AFP-tillegg på 950 kroner per månad, som blir redusert prosentvis like mykje som pensjonen. Det er berre i Fellesordninga LO/NHO at AFP-tillegget er på 950 kroner. I dei andre AFP-ordningane er AFP-tillegget på 1700 kroner per månad og skattepliktig.

Figur 3.1 og figur 3.2 illustrerer at dagens reglar om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga ved visse inntektsnivå kan innebere at den samla inntekta overstig inntekta før pensjonering. Det gjeld spesielt for inntekt etter skatt. Fordi AFP-tillegget først blir redusert etter at sjølve pensjonen er redusert, kan også den samla bruttoinntekta overstige tidlegare inntekt. Figur 3.2 illustrerer elles at det i visse høve kan lønne seg å redusere arbeidsinnsatsen med 40 prosent framfor 20 prosent, og 60 prosent framfor 40 prosent og 20 prosent.