Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

Til endringane i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon

Til § 2 første ledd bokstav d

Regelen gjeld kombinasjon av arbeidsinntekt og avtalefesta pensjon. I dag viser regelen til folketrygdlova § 19-6 fjerde ledd der dei materielle reglane er å finne. Denne tilvisinga blir fjerna og erstatta med reglar for eit pro rata delpensjonssystem.

Til § 7

Regelen gir departementet heimel til å gi forskrifter. Denne regelen blir justert, slik at det ikkje skal oppstå eventuell tvil om at departementet kan gi nærmare forskrifter om utforminga av delpensjonssystemet i AFP-ordninga.

Til endringane i lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd § 19-6 fjerde ledd

Regelen gjeld kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt for personar som tidlegare har fått AFP. Regelen blir fjerna av di det etter framlegget berre skal vere eitt sett med reglar for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i folketrygda. Tredje ledd som i dag berre gjeld personar som venter med å ta ut pensjon til fylte 67 år, skal gjelde alle alderspensjonister mellom 67 og 70 år i folketrygda. Gjeldande femte ledd blir nytt fjerde ledd.