Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

5 Framlegg frå Førtidspensjonsutvalet (NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering)

5.1 Innleiing

Førtidspensjonsutvalet viser i si utgreiing til at grunngivinga for at AFP blei oppretta, først og framst var omsynet til eldre arbeidstakarar som var slitne etter lange yrkeskarrierer. Dei skulle få høve til å gå av tidlegare enn ved 67 år. Reglane for utrekning av pensjon blei utforma etter modell av uførepensjonsordninga. Utvalet uttalar at dersom det verkeleg er denne typen arbeidstakarar som nyttar seg av AFP-ordninga, kan det argumenterast med at det er fornuftig å leggje opp til generøse kombinasjonsløysingar for å få folk til å halde fram i delvis arbeid. Utvalet viser vidare til at AFP-ordninga har utvikla seg i retning av ei generell ordning der dei fleste har eit reelt val mellom å halde fram i fullt arbeid eller å gå av med pensjon. Dei reglane som i dag gjeld for avkorting av pensjon mot arbeidsinntekt, framstår dermed som svært gunstige, og gir eldre arbeidstakarar sterke insentiv til å trappe ned arbeidsinnsatsen frå fylte 62 år.

Utvalet meiner at dagens avkortings- og avgrensingsreglar gir til dels uønskte og ulogiske resultat som stimulerer til å redusere arbeidsinnsatsen, og at det innanfor dagens rammer er lite rom for å avgrense slike resultat i sterk nok grad.

5.2 Delpensjon i AFP-ordninga

Førtidspensjonsutvalet viser til at det i samband med etableringa av delpensjonsordninga i AFP i 1997 blei vurdert ei pro rata-ordning basert på stillingsprosent. Men eit slikt system ville hatt klare veikskapar. Mellom anna ville det vere naudsynt å ha eit parallelt regelverk som fanga opp dei som kombinerte pensjon og arbeidsinntekt, men som ikkje hadde avtale med arbeidsgivaren om ei bestemt redusert arbeidstid. Det ville òg vore nødvendig at desse to regelverka gav nokolunde same resultat, for å hindre eventuelle tilpassingar.

Utvalet meiner at eit pro rata-system i utgangspunktet framstår som både enkelt og logisk. For å unngå ulike regelverk for dei som har avtale med arbeidsgivaren om redusert stilling, og dei som ikkje har nokon slik avtale, blir det føreslått eit pro rata-system basert på arbeidsinntekt.

Utvalet ber elles avtalepartane om å opne for andre kombinasjonar av arbeid og pensjon enn 20 og 40 prosent pensjonsgrad, slik at fleksibiliteten i AFP-ordninga aukar.

I følge Førtidspensjonsutvalet bør eit slikt delpensjonssystem i AFP-ordninga innehalde desse elementa:

  1. Pensjonen blir fastsett ut frå kor mykje ein reknar med at den nye arbeidsinntekta kjem til å utgjere i forhold til tidlegare arbeidsinntekt. Dersom den nye inntekta til dømes utgjer 65 prosent av tidlegare inntekt, blir det utbetalt ein pensjon som svarer til 35 prosent av full pensjon. Dersom den nye inntekta utgjer 25 prosent av tidlegare inntekt, blir det utbetalt ein pensjon som svarer til 75 prosent av full pensjon.

  2. Den einskilde pensjonist må sjølv informere trygdekontoret om kor mykje han eller ho meiner arbeidsinntekta kjem til å utgjere i eit kalenderår. Det same gjeld når vedkomande ser at inntekta ikkje blir slik ein opphavleg hadde trudd. Trygdekontoret justerer så pensjonsutbetalingane ut frå kor mykje pensjonisten reknar med å ha i årleg arbeidsinntekt.

  3. Når inntektsopplysningane for eit kalenderår er kjende, og dersom det då viser seg at vedkomande har fått for mykje utbetalt, fører det til trekk i pensjonen framover. Dersom det viser seg at vedkomande har fått for lite utbetalt i pensjon, skal differansen etterbetalast. Dersom det viser seg at pensjonisten har hatt ei arbeidsinntekt på til dømes 55 prosent av tidlegare inntekt, skal etteroppgjeret baserast på at vedkomande hadde rett til 45 prosent av full pensjon.

Figur 5.1 og 5.2 illustrerer korleis eit pro rata-system basert på inntekt, som skissert av førtidspensjonsutvalet, slår ut før og etter skatt ved ulike inntektsnivå og ulike kombinasjonar av arbeidsinntekt og pensjon. Dei same føresetnadene som i figur 3.1 og 3.2 og i tabell 4.1, 4.2, 4.3 og 4.4 er lagde til grunn.

Figur 5.1 Kompensasjonsnivået før skatt i eit pro rata-delpensjonssystem. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Figur 5.1 Kompensasjonsnivået før skatt i eit pro rata-delpensjonssystem. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

Figur 5.1 viser at summen av pensjon og arbeidsinntekt før skatt aldri overstig tidlegare inntekt, og at samla inntekt alltid minkar når pensjonsgraden aukar.

Figur 5.2 Kompensasjonsnivået etter skatt i eit pro rata-delpensjonssystem. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Figur 5.2 Kompensasjonsnivået etter skatt i eit pro rata-delpensjonssystem. Prosent av arbeidsinntekt rekna i G.

Kjelde: NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering

Figur 5.2 viser at eit pro rata-system basert på inntekt også kan føre til ei viss overkompensasjon etter skatt i forhold til tidlegare inntekt. På grunn av skattereglane (skatteavgrensingsregelen og det skattefrie AFP-tillegget i Fellesordninga LO/NHO) kan disponibel inntekt i nokre tilfelle bli høgare enn tidlegare disponibel inntekt. Dette gjeld spesielt for låge inntektsnivå og ved låg pensjonsgrad.

Utvalet viser til at ordninga elles bør utformast med tanke på enkel administrasjon, slik at det ikkje blir naudsynt med etteroppgjer for uvesentlege beløp. Utvalet uttalar óg at det truleg ikkje vil vere føremålstenleg å avkorte pensjonen mot låge inntekter.

Ettersom den endelege avrekninga må utførast etter opplysningar frå skattestyresmaktene, blir det endelege pensjonsbeløpet først klart ei tid etter at likninga er kjend. Men i prinsippet kan eit etteroppgjer i samband med pensjonsutbetalingar samanliknast med eit skatteoppgjer. På same måten som ein baserer forskotsskatten for sjølvstendig næringsdrivande på skattytaren sitt eige anslag, baserer ein «forventa årleg inntekt», og dermed frådraget i forhold til full pensjon, på mottakaren si vurdering. Når den endelege likninga ligg føre, får skattytaren restskatt eller tilbakebetalt for mykje trekt skatt. På tilsvarande måte må pensjonisten betale tilbake for mykje utbetalt pensjon (ved trekk i framtidige ytingar) eller få tilsendt etterbetaling ved for lite utbetalt pensjon.

5.3 Inntektsprøving av alderspensjon frå folketrygda for personar mellom 67 og 70 år

Dei inntektsprøvingsreglane som i dag gjeld i AFP-ordninga, gjeld òg når AFP-pensjonisten får alderspensjon frå folketrygda. Desse reglane gjeld fram til fylte 70 år, då pensjonisten får rett til alderspensjon frå folketrygda utan noko atterhald. Det vil seie at pensjonen blir utbetalt utan noko form for inntektsprøving. Personar som ikkje har teke ut AFP, er frå 1997 omfatta av gunstigare inntektsprøvingsreglar når dei er mellom 67 og 70 år. For denne gruppa blir pensjonen redusert med 40 prosent av inntekt over grunnbeløpet, og det er inga øvre grense for kor mykje samla pensjon og arbeidsinntekt kan utgjere.

Førtidspensjonsutvalet reiser spørsmål om det er tenleg å framleis ha to sett med inntektsprøvingsreglar for alderspensjonistar mellom 67 og 70 år i folketrygda, avhengig av om dei har teke ut AFP eller ikkje.

Utvalet peiker òg på at dei særskilde reglane som gjeld etter fylte 67 år for personar som ikkje har teke ut AFP, blei innført for å stimulere folk til å halde fram lengre i arbeid. Det kan tale for å ha ulike ordningar. Reglane blei vedtekne av eit samrøystes Storting i 1997.

Fleirtalet i utvalet føreslår at alderspensjonen for alle mellom 67 og 70 år skal avkortast etter dei gunstige reglane som blei innførte i 1997. Det vil seie at pensjonen skal avkortast med 40 prosent av arbeidsinntekt som overstig grunnbeløpet. Reglane skal gjelde anten pensjonisten har teke ut AFP før fylte 67 år eller ikkje. Det skal heller ikkje vere noko øvre grense for summen av pensjon og arbeidsinntekt.

Eit mindretal i utvalet (medlemmene Knudsen og Bautz) er usamde i at det skal vere andre reglar for inntektsprøving for personar mellom 67 og 70 år i folketrygda enn det er for personar mellom 62 og 66 år i AFP. Desse medlemmene viser til at det er eit stort problem at det er ulike reglar for regulering av forholdet mellom arbeidsinntekt og pensjon i dei ulike ordningane. Mellom anna varierer reglane alt etter tariffområde, aldersgrupper og om inntekta skriv seg frå kommunal, statleg eller privat verksemd. Dette fører til manglande oversikt for publikum og ei monaleg administrativ meirbelastning. Mindretalet legg hovudvekta på omsynet til forenkling og behovet for oversiktlege reglar. For dei som held fram i delvis arbeid etter fylte 67 år etter å ha motteke delvis AFP i kombinasjon med arbeidsinntekt, synest mindretalet det er underleg at det no skal gjelde andre reglar for kombinasjon av arbeidsinntekt og pensjon. Mindretalet gjer på bakgrunn av dette framlegg om at dei nye reglane for inntektsprøving for personar mellom 62 og 66 år i AFP óg blir gjorde generelt gjeldande for all inntektsprøving for personar mellom 67 og 70 år i folketrygda.

Eit tredje alternativ er å vidareføre det systemet som gjeld i dag, det vil seie at dei som har teke ut AFP, beheld det same avkortingssystemet fram til fylte 70 år, medan dei gjeldande (gunstigare) reglane står ved lag for dei som tek ut pensjon først etter fylte 67 år.