Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

8 Når endringane tek til å gjelde. Økonomiske og administrative konsekvensar

Ei ordning med pro rata-delpensjon i AFP inneber vanlegvis ei innstramming i høve til dagens regler om kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Det er òg klart at ordninga vil innebere administrative meirkostnader for trygdeetaten. Men det er vanskeleg å seie noko presist om dei økonomiske konsekvensane ved å innføre ei slik delpensjonsordning. På den eine sidan er det klart at jo færre personar som vel å kombinere arbeid og pensjon, jo mindre blir innsparinga. På den andre sidan vil det vere slik at trygdeetaten blir påført høgare kostnader, jo fleire personar som kombinerer arbeid og pensjon.

Innafor eit tidlegare inntektsnivå mellom 2 G og 8 G, vil pensjonen ved ulike pensjonsgrader bli redusert med mellom 5 000 og nærmare 30 000 kroner per år. Ved utgangen av 1998 var det nærmare 22 000 AFP-pensjonistar. Om lag halvparten av AFP-pensjonistane har arbeidsinntekt i tillegg til pensjonen. Dei aller fleste av desse har likevel ei svært låg arbeidsinntekt. Dersom ein legg til grunn at 5000 AFP-pensjonistar i gjennomsnitt får 10 000 kroner årleg mindre i pensjon enn etter dagens regler, inneber dette ei total innsparing på 50 millioner kroner per år. Når ein tek omsyn til at staten berre dekker 40 prosent av pensjonsutgiftene til 64-, 65- og 66-åringane i privat sektor, vil innsparinga for staten ligge på om lag 15 millioner kroner. Innsparinga elles kjem arbeidsgjevarane og dei offentlege pensjonskassene til gode. Dersom ordninga fører til at det blir færre som vel å kombinere arbeid og pensjon men tek ut full pensjon, blir innsparinga mindre.

Pro rata-ordninga inneber administrative meirkostnader for trygdeetaten. Dette gjeld både eingongskostnader i samband med sjølve omlegginga og økte kostnader på grunn av meirarbeid.

Innføring av pro rata-delpensjon fører til behov for EDB-messige omleggingar, opplæring av alle trygdekontor og fylkestrygdekontor og naudsynte informasjonstiltak. Eingongskostnadene ved omlegginga ligg rundt 4 til 5 millioner kroner.

Når det gjeld den løpande administreringa av ordninga, blir det lagt opp til mest mogleg maskinell behandling. Ordninga vil likevel føre ein god del meirarbeid for trygdeetaten, spesielt for det kalenderåret det blir tatt ut pensjon. Dette året vil vedkomande pensjonist ofte ha både pensjon og arbeidsinntekt. I nokre tilfelle vil arbeidsinntekta berre knytte seg til perioden før pensjonsuttak, men det kan òg vere tilfelle med arbeidsinntekt både før og etter pensjonsuttak. Desse sakene må i stor grad bli handsama manuelt. Årlege meirkostnader for trygdeetaten som følgje av pro rata-ordninga, har Rikstrygdeverket rekna ut til å ligge på om lag 5 til 6 millioner kroner.

Rikstrygdeverket har peikt på at arbeidet med å få på plass tilstrekkeleg EDB-støtte og gjere andre naudsynte førebuingar, kan føre til det ikkje vil vere mogleg å gjennomføre ordninga allereie frå 1. januar 2000. Dette har óg samanheng med den såkalla 2000-problematikken. Departementet tek likevel sikte på at det nye delpensjonssystemet i AFP-ordninga tek til å gjelde så tidleg som mogleg i 2000, forhåpentlegvis frå 1. mars 2000. For å gje Rikstrygdeverket naudsynt tid til førebuingar, gjer departementet framlegg om at nyordninga trer i kraft frå den tid Kongen fastsett. Endringane skal berre få verknad for nye pensjonistar, og såleis ikkje for personar som før dette allereie tek i mot AFP.

Framlegget til endringar i reglane for kombinasjon av arbeidsinntekt og alderspensjon frå folketrygda mellom 67 og 70 år vil ikkje føre til særlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Departementet føreslår at desse endringane òg tek til å gjelde frå den tid Kongen fastsett, men at dei med verknad frå denne dagen skal gjerast gjeldande for alle løpande pensjonstilfelle.