Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

3 Nærmare om direktiv 2007/63/EF

Direktiv 2007/63/EF har som formål å forenkle dei administrative byrdene ved fusjon og fisjon. Direktivet følgjer opp «A strategic review of Better Regulation in the European Union» av 14. november 2006, KOM (2006) 689, og «Action Programme for Reducing Administrative Burdens in the European Union» av 24. januar 2007, KOM (2007) 23.

Direktivet gjer for det første endringar i tredje selskapsdirektiv (78/855/EØF) om fusjon . Etter artikkel 10 i fusjonsdirektivet skal uavhengige sakkunnige gå gjennom fusjonsplanen, og dei skal utarbeide ein skriftleg rapport til aksjeeigarane. Direktiv 2007/63/EF innfører eit nytt nr. 4 i artikkel 10, som går ut på at det ikkje er krav om undersøking av fusjonsplanen eller rapport frå ein uavhengig sakkunnig dersom alle aksjeeigarane og innehavarane av andre verdipapir som gir stemmerett i selskapa som deltar i fusjonen, er samde om dette.

Artikkel 11 nr. 1 i fusjonsdirektivet har reglar om kva for dokument som skal vere tilgjengelege for aksjeeigarane før generalforsamlinga som skal ta stilling til fusjonsplanen. Som ein konsekvens av endringa av artikkel 10 endrar direktiv 2007/63/EF bokstav e i artikkel 11 nr. 1, slik at det går fram at rapporten etter artikkel 10 berre skal vere tilgjengeleg for aksjeeigarane der det er krav om ein slik rapport.

Direktiv 2007/63/EF gjer òg endringar i sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon . Fisjonsdirektivet har som fusjonsdirektivet føresegner om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ein rapport om fisjonsplanen, jf. artikkel 8, men artikkel 10 i dette direktivet opnar allereie for at medlemsstatane kan tillate at ein gjer unnatak frå mellom anna kravet i artikkel 8 dersom alle aksjeeigarane og innehavarane av verdipapir som gir stemmerett i selskapa, har gitt avkall på dette. Endringsdirektivet endrar artikkel 10 slik at unnataket går fram direkte av direktivet. Det inneber at det ikkje lenger er opp til medlemsstatane å avgjere om det skal gjelde eit unnatak frå kravet om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ein rapport, dersom alle aksjeeigarane er samde om det.

Også i fisjonsdirektivet er det gjort ei konsekvensendring i artikkel 9 nr. 1 om at rapporten skal vere tilgjengeleg for aksjeeigarane. Bokstav e i artikkel 9 nr. 1 er endra slik at det går fram at rapporten etter artikkel 10 berre skal vere tilgjengeleg for aksjeeigarane der det er krav om at det skal utarbeidast ein slik rapport.

Tredje og sjette selskapsdirektiv gjeld berre for allmennaksjeselskap. Endringsdirektivet har difor ikkje noko å seie for reglane i aksjelova.

Endringane i fusjonsdirektivet og fisjonsdirektivet inneber at det også for nasjonale fusjonar og fisjonar blir mogeleg å gjere unnatak frå kravet om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ein rapport til aksjeeigarane, slik det allereie er etter direktiv 2005/56/EF om fusjon over landegrensene, jf. artikkel 8 nr. 4 i dette direktivet.

Endringsdirektiv 2007/63/EF skal etter artikkel 4 vere gjennomført i norsk rett seinast 31. desember 2008.