Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

5 Forslaget i høyringsbrevet

I høyringsbrevet foreslo departementet eit nytt fjerde ledd i allmennaksjelova § 13-10 som slo fast at det ikkje er naudsynt med ei utgreiing om fusjonsplanen eller fisjonsplanen etter reglane i § 13-10 første og andre ledd dersom alle aksjeeigarane er samde om det.

Ei slik endring av reglane om fusjon får også verknad for reglane om fisjon. § 14-4 tredje ledd viser mellom anna til § 13-10. Forslaget om eit nytt fjerde ledd i § 13-10 inneber såleis at det heller ikkje er krav om utgreiing om fisjonsplanen dersom alle aksjeeigarane er samde om det.

Etter forslaget skulle det ikkje gjelde unnatak frå reglane i § 13-10 tredje ledd:

«Føresegna i lovforslaget gjer ikkje unnatak frå reglane i § 13-10 tredje ledd. § 13-10 tredje ledd går ut på at utgreiinga for det overtakande selskapet også skal fylle krava som går fram av § 2-6 første ledd eller § 10-2. Forslaget inneber at ein må gjere ei utgreiing etter desse reglane sjølv om aksjeeigarane er samde om at det ikkje er naudsynt med ei utgreiing om fusjonsplanen. Utgreiinga etter tredje ledd har ein annan funksjon enn utgreiinga etter første og andre ledd. Tredje ledd gjeld berre for det overtakande selskapet, og ein må sjå det saman med stiftinga eller kapitalutvidinga i dette selskapet, som skjer etter dei vanlege sakshandsamingsreglane i kapittel 2 eller kapittel 10.»

Direktiv 2007/63/EF gjer det ikkje naudsynt med endringar i aksjelova. I høyringsbrevet foreslo Justisdepartementet likevel det same unnataket i aksjelova § 13-10 som det som vart foreslått i allmennaksjelova § 13-10. Om dette heiter det i høyringsbrevet:

«Fusjonsdirektivet og fisjonsdirektivet gjeld ikkje for aksjeselskap. Endringsdirektivet har difor heller ikkje noko å seie for desse selskapa. Justisdepartementet foreslår likevel det same unnataket i § 13-10 i aksjelova som det som er foreslått i allmennaksjelova. På same måte som etter allmennaksjelova får ei endring av § 13-10 i aksjelova verknad også ved fisjon, jf. aksjelova § 14-4 tredje ledd. Reglane om utgreiing om fusjonsplanen og fisjonsplanen er ikkje like strenge for aksjeselskapa som dei som gjeld for allmennaksjeselskapa, men Justisdepartementet kan ikkje sjå nokon grunn til ikkje å ta inn det same unnataket i aksjelova. Samtykkje frå alle aksjeeigarane er dessutan meir praktisk i aksjeselskapa sidan dei normalt har færre aksjeeigarar enn allmennaksjeselskapa.»