Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

9 Merknader til lovforslaget

Til aksjelova § 13-10

Departementet foreslår eit nytt fjerde ledd i § 13-10 som inneber at det ikkje er naudsynt å utarbeide ei utgreiing om fusjonsplanen etter første og andre ledd dersom alle aksjeeigarane i selskapet er samde om dette.

Kravet om samtykkje er omtalt nærmare i punkt 7. Som det er gjort greie for der, skil ordlyden i forslaget til nytt fjerde ledd i aksjelova seg frå ordlyden i allmennaksjelova. Ordlyden i aksjelova gjer det klart at det er nok at aksjeeigarane i det einskilde selskapet er samde for at ein kan la vere å utarbeide utgreiing for dette selskapet, sjå punkt 7.

Som det går fram av punkt 5, kan ikkje aksjeeigarane ved å gi samtykkje gjere unnatak frå kravet i § 13-10 tredje ledd. Utgreiinga etter denne fråsegna skal sikre dokumentasjon om verdiane som bli overført frå det overdragande selskapet til det overtakande selskapet. Utgreiinga av dette har interesse for fleire enn aksjeeigarane, mellom anna fordringshavarane.

Til allmennaksjelova § 13-10

Også i allmennaksjelova foreslår departementet eit nytt fjerde ledd i § 13-10. Om skilnaden mellom forslaget i allmennaksjelova og forslaget i aksjelova, sjå merknaden til aksjelova § 13-10. For allmennaksjeselskapa er endringa naudsynt etter direktiv 2007/63/EF.