Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

7 Departementet sitt syn

Departementet foreslår ei endring av allmennaksjelova § 13-10 i samsvar med framlegget i høyringsbrevet. Forslaget går ut på at paragrafen får eit nytt fjerde ledd som slår fast at det ikkje er naudsynt med ei uavhengig utgreiing om fusjonsplanen etter første og andre ledd dersom alle aksjeeigarane sluttar seg til dette. Regelen vil også ha verknad for fisjon gjennom tilvisinga til § 13-10 i § 14-4 tredje ledd. Ei slik endring er naudsynt etter direktiv 2007/63/EF.

Direktivet gjer det ikkje naudsynt å endre aksjelova. I høyringa går Landsorganisasjonen i Norge imot framlegget om endring både av aksjelova og allmennaksjelova fordi organisasjonen meiner utgreiinga etter § 13-10 første og andre ledd er nyttig for mellom anna representantane for dei tilsette i styret. Utgreiinga er etter denne høyringsinstansen sitt syn med på å sikre openskap om fusjonen eller fisjonen. Til dette vil departementet peike på at utgreiinga etter § 13-10 første og andre ledd berre skal omtale spørsmål om fastsetjinga av fusjons- eller fisjonsvederlaget til aksjeeigarane. Formålet med utreiinga er å gi aksjeeigarane grunnlag for å vurdere om fusjonsplanen eller fisjonsplanen vil innebere at dei får eit tilstrekkeleg vederlag. Andre reglar i aksjelova og allmennaksjelova sikrar informasjon om andre sider ved fusjonen eller fisjonen, sjå §§ 13-6 til 13-9, § 13-10 tredje ledd og § 13-11. Departementet kan etter dette ikkje sjå at omsynet til openskap om fusjonen eller fisjonen kan vere avgjerande. At aksjelova bør ha det same unnataket som allmennaksjelova, har dessutan fått brei støtte av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet. Departementet foreslår på bakgrunn av dette ein ny regel i aksjelova § 13-10 fjerde ledd slik det er gjort framlegg om i allmennaksjelova.

Direktivet opnar ikkje for at ein kan ha eit anna fleirtalskrav enn eit krav om full semje mellom aksjeeigarane for at unnataket skal gjelde, jf. høyringsfråsegna frå Norske Finansanalytikeres Forening. Ein kunne rett nok vurdere eit anna fleirtalskrav for aksjeselskapa, men omsynet bak reglane om utgreiing etter § 13-10, jf. ovanfor, inneber etter departementet sitt syn at det bør vere eit krav om at alle aksjeeigarane må slutte seg til at ein ikkje skal ha ei utreiing om fusjons– eller fisjonsvederlaget.

I lovforslaget har departementet likevel ikkje utforma regelen i aksjelova heilt på same vis som regelen i allmennaksjelova. For allmennaksjeselskapa krev direktivet at «alle aksjonærer og innehavere av andre verdipapirer som gir stemmerett i hvert enkelt selskap som er berørt av fusjonen », sluttar seg til. Det skal etter dei vanlege reglane vere ei utgreiing for kvart selskap, jf. fusjonsdirektivet artikkel 10 og fisjonsdirektivet artikkel 8, og ein kan tenkje seg at aksjeeigarane i eitt selskap vil ha utgreiing for sitt selskap, medan aksjeeigarane i det andre selskapet sluttar seg til at ein ikkje skal ha utgreiing for dette selskapet. Men etter ordlyden er det ikkje klart at ein kan forstå dei nye reglane i direktivet på denne måten. Ordlyden taler vel snarare for at dersom ein skal gjere unnatak frå plikta til å lage ei utgreiing, må alle aksjeeigarane i alle dei selskapa som tar del i fusjonen eller fisjonen, slutte seg til.

Ein må utforme regelen i allmennaksjelova slik den er utforma i direktivet. I aksjelova foreslår departementet derimot ei anna utforming på dette punktet. Etter departementet sitt syn må aksjeeigarane i selskapa som tar del i fusjonen eller fisjonen, kunne ha ulik oppfatning av om dei vil ha utgreiing for sitt selskap eller ikkje, slik at det blir utarbeidd utgreiing for det eine selskapet, men ikkje for det andre. I aksjelova er det etter dette foreslått som eit krav for å gjere unnatak etter fjerde ledd at «samtlige aksjeeiere i selskapet» er einige. I allmennaksjelova gjeld unnataket dersom «samtlige aksjeeiere i selskapene som deltar i fusjonen», sluttar seg til dette.

Næringslivets Hovedorganisasjon har under høyringa reist fleire spørsmål om aksjeeigarane sitt samtykkje. For det første har NHO tatt opp spørsmålet om på kva måte dette skal kome til uttrykk. Lova stiller ikkje formkrav. Aksjeeigarane må difor kunne slutte seg til skriftleg, munnleg eller på annan måte.

Når det gjeld tidspunktet for tilslutninga frå aksjeeigarane, meiner departementet at det er naturleg å forstå direktivet slik at tilslutninga i utgangspunktet skal liggje føre seinast ein månad før generalforsamlinga. Det er på dette tidspunktet fusjonsplanen, utgreiinga og dei andre fusjonsdokumenta skal sendast aksjeeigarane etter dei vanlege reglane, jf. artikkel 11 i fusjonsdirektivet og allmennaksjelova § 13-12. Dette la departementet også til grunn i Ot.prp. nr. 78 (2006-2007) i samband med gjennomføringa i norsk rett av den tilsvarande regelen i direktiv 2005/56/EF om fusjon over landegrensene, jf. allmennaksjelova § 13-28 fjerde ledd. Dette vil etter det departementet kan sjå også vere det mest praktiske. Det vil vere risikabelt å vente så lenge som til generalforsamlinga med å få avklart om alle aksjeeigarane er einige i at ein ikkje skal ha ei sakkunnig utgreiing. Er det nokon av aksjeeigarane som ikkje er samde i dette, må ein starte på nytt, og styret må innkalle til ny generalforsamling.

Ein kan truleg likevel ikkje lese direktivet slik at det ikkje er høve til å ta imot samtykkje frå ein eller fleire aksjeeigarar etter dette tidspunktet dersom dei ved ein feil eller av andre grunnar ikkje er spurt tidlegare.

At ein skal sjå det slik at aksjeeigarane har gitt samtykkje dersom dei stemmer for fusjonen eller fisjonen utan å krevje utgreiing etter § 13-10 første og andre ledd, jf. høyringsfråsegna frå Næringslivets Hovedorganisasjon, kan departementet ikkje slutte seg til. Det ligg i kravet om samtykkje at aksjeeigarane uttrykkjeleg må ta stilling til spørs­målet, og at dei ikkje kan bli bundne av passivitet.

Som Næringslivets Hovedorganisasjon peiker på, må det vere tilstrekkeleg at dei som eig aksjar på det tidspunktet ein etter dei vanlege reglane skulle ha utarbeidd saksdokumenta, sluttar seg til at ein ikkje skal ha utreiing etter § 13-10 første og andre ledd. Blir ein aksje overført til ein ny eigar før generalforsamlinga, kan ikkje den nye aksjeeigaren krevje utgreiing.

Når det gjeld høyringsfråsegna frå Føretaks­registeret om kontrollen med om det ligg føre samtykkje etter § 13-10 nytt fjerde ledd, er departementet einig med Næringslivets Hovedorganisasjon i at det ikkje skulle vere naudsynt med ein regel om at styret må gi ei erklæring om at unnataket frå kravet om utgreiing er oppfylt. Det må vere tilstrekkeleg at den meldepliktige etter foretaksregisterlova § 4-2 opplyser om at aksjeeigarane har gitt samtykkje. Stemmer det ikkje at aksjeeigarane har gitt samtykkje etter fjerde ledd, kan det føre med seg at det blir reist sak for domstolane med påstand om at fusjonen eller fisjonen ikkje er gyldig, jf. aksjelova § 13-19, allmennaksjelova § 13-20 og § 14-10 i dei to lovane. Dette bør gi den meldepliktige tilstrekkeleg oppfordring til ikkje å gi uriktige opplysingar til Føretaksregisteret, og det bør gi selskapet eller styret tilstrekkeleg oppfordring til å kunne dokumentere at kravet om samtykkje er oppfylt.