Ot.prp. nr. 78 (2007-2008)

Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaget inneber ei forenkling av reglane om fusjon og fisjon og vil såleis ha positive økonomiske og administrative konsekvensar for næringslivet.

Lovforslaget gjeld privatrettslege reglar og vil ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Føretaksregisteret kontrollerer meldingar om fusjon eller fisjon og vil i samband med dette måtte ta stilling til om vilkåret for å gjere unnatak frå kravet etter aksjelova og allmennaksjelova § 13-10 nytt fjerde ledd er oppfylt. Dersom den meldepliktige opplyser om at det ligg føre samtykkje frå aksjeeigarane, og det ikkje er opplysingar i saka som tyder på noko anna, må Føretaksregisteret kunne leggje dette til grunn. Det er difor ikkje tale om nokon omfattande kontroll frå Føretaksregisteret si side.