Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovframlegget

Olje- og energidepartementet eig og beredskapslagrar i dag petroleumsprodukt tilsvarande om lag dagleg forbruk for 18 dagar i Noreg. Gjeldande lagermodell er eit resultat av behovet for beredskapslagring av petroleumsprodukt som ein del av det norske totalforsvaret. Trusselbiletet som Noreg står overfor, har endra seg, og behovet for beredskapslagring har endra seg tilsvarande. Føremålet med beredskapslagring er ikkje lenger primært at lagra skal gå inn som element i eit totalforsvarskonsept, men at dei lagra voluma kan nyttast til å sikre forsyningane til den norske marknaden i fall leveransane vert forstyrra. I tillegg kan voluma nyttast som tilskot til ein samordna krisehandteringsplan innanfor ramma av Det internasjonale energibyrået (IEA).

Denne endringa i føremålet med beredskapslagringa gjer det tenleg å endre gjeldande ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt.

Olje- og energidepartmentet sende framlegg til ny lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt til høyring 31. oktober 2005, saman med framlegg til forskrift. Høyringsinstansane kunne då fullt ut vurdere framlegga til lov og forskrift. Framlegga vart sende til høyring til desse instansane:

  • Finansdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Moderniseringsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • A/S Norske Shell

  • Bunker Oil AS

  • ConocoPhillips Nordic AB

  • Esso Norge AS

  • HydroTexaco AS

  • Max Bensin

  • Norges rederiforbund

  • Norsk Fyringsolje AS

  • Norsk Petroleumsinstitutt

  • Norske Varmeforhandlere

  • Norwegian Airlines

  • NSB AS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oljeindustriens Landsforening

  • SAS Braathens AS

  • Statoil Norge AS

  • 1ergi

Det kom inn uttale til realitetane frå desse høyringsinstansane: Justis- og politidepartementet, Moderniseringsdepartementet, , Sysselmannen på Svalbard, Fyringsolje.no, Norske Varmeforhandlere, MAX Bensin v/Trond Erik Hanssen, ConocoPhillips JET AS, Norsk Petroleumsinstitutt, Esso Norge AS, A/S Norske Shell og Statoil ASA.

Høyringsinnlegga var hovudsakleg knytta til forskrifta. Statoil ASA, Esso Norge AS, Sysselmannen på Svalbard og Justis- og politidepartementet hadde merknader til sjølve lova.