Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

4 Framand rett

Alle medlemsstatane i EU har plikt til å halde beredskapslager av olje. Plikta og den nærare reguleringa av ho er fastsett i rådsdirektiv 68/414/EØF, med seinare endringar i rådsdirektiv 98/93/EF. I utgangspunktet er alle medlemslanda i EU forplikta til å halde lager av råolje og/eller petroleumsprodukt tilsvarande minst gjennomsnittleg internt forbruk i 90 dagar. Når medlemslanda reknar ut eige forbruk, kan dei gjere frådrag for eigenprodusert petroleum med inntil 25 prosent. Danmark og Storbritannia, som er nettoeksportørar, er difor berre forplikta til å halde lager tilsvarande forbruket i 67,5 dagar. Direktiva inneheld òg ordningar om kva for kategoriar av petroleumsprodukt det skal vere lager av, utrekningsmåtar, påbod om intern rapportering og kontroll og rapportering til EU-organ, og ordningar om sameint lagring på tvert av grensene mellom medlemslanda.

I Danmark vert lagringsplikta administrert av Energistyrelsen. Gjennom Bekendtgjørelse om minstebeholdninger af mineralolieprodukter (BEK nr. 1184 af 19. december 1992) pliktar importørar og produsentar av petroleumsprodukt å halde lager tilsvarande forbruket for 81 dagar, altså 13,5 dagar meir enn Danmarks minsteplikt. Lagringsplikta kan dekkjast på to måtar: ved selskapa sine eigne lager og gjennom Foreningen Danske Olieberedskabslager (FDO). Dei danske krava om produktkategoriar og korleis råolje kan erstatte ferdige produkt, og innrapportering følgjer i høg grad det oppdaterte rådsdirektivet 68/414/EØF.

I Sverige vert EU-kravet om beredskapslagring oppfylt ved at alle som sel eller nyttar lagringspliktige produkt over eit bestemt volum, pliktar å halde lager som svarer til forbruket i 90 dagar, rekna ut med utgangspunkt i forbruket siste året.

Lagringsplikta er heimla i Lag (1984: 1049) om beredskapslagring av olja och kol.

Britiske styresmakter er for tida i gang med å omarbeide lovgivinga si på området. I dag ligg lagringsplikta på alle som sel eller nyttar petroleumsprodukt over eit bestemt volum. Lagringsplikta svarer til forbruket i 67,5 dagar. Systemet er mykje likt det svenske. Britiske styresmakter ser likevel for seg ei omlegging til eit system som ligg meir opp til det danske, der lagringsplikta fell på importørar og produsentar.