Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

6 Merknader frå høyringsinstansane

Finansdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdselsdepartementet, HydroTexaco AS og Norges Rederiforbund hadde ingen merknader.

Justis- og politidepartementet, Moderniseringsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Sysselmannen på Svalbard, Fyringsolje.no, Norske Varmeforhandlere, MAX Bensin v/Trond Erik Hanssen, ConocoPhillips JET AS, Norsk Petroleumsinstitutt, Esso Norge AS, A/S Norske Shell og Statoil ASA har gitt høyringsinnlegg om realitetane.

Høyringsinnlegga var hovudsakleg knytte til forskrifta. Statoil ASA, Esso Norge AS, Sysselmannen på Svalbard og Justis- og politidepartementet hadde merknader til sjølve lova.

Statoil ASA og Esso Norge AS meiner at lagringsplikta bør byggje på ein annan definisjon enn den som er tilrådd av departementet. Statoil ASA tilrår at alle som sel petroleumsprodukt i sluttmarknaden, bør vere lagringspliktige for salsvolumet sitt. Esso Norge AS går inn for at import og produksjon skal utløyse lagringsplikt, mens avgiftspliktig sal og eige forbruk bør utgjere grunnlaget for kor mykje som skal lagrast. Selskapa meiner framlegget deira gir ein rettferdig og konkurransenøytral lagermodell.

I høyringsinnlegget sitt ber Sysselmannen på Svalbard departementet gjere greie for om lova skal gjelde for Svalbard òg.

Justis- og politidepartementet ber om ei vurdering av administrative sanksjonar som eit alternativ til straff. Ein ber òg om at det vert vurdert å ta føresegnene i lovframlegget inn i petroleumslova eller energilova i staden for å gi ei ny særlov.