Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein ny lagermodell inneber fastsetjing av ei ny lov og forskrift om beredskapslagring av petroleumsprodukt, slik at selskap som produserer (raffinerer) og/eller importerer petroleumsprodukt, vert pålagde å halde beredskapslager av lagringspliktige petroleumsprodukt tilsvarande normalforbruket i 20 dagar. Ein legg opp til at kostnadene ved beredskapslagringa skal dekkjast inn av dei lagringspliktige selskapa. Det fører til at selskapa vil stå som eigarar av produkta, men at norske styresmakter skal samtykkje i bruken av produkta i ein mangelsituasjon.

Etter ei slik omlegging er det ikkje lenger behov for at staten ved Olje- og energidepartementet held eigne beredskapslager. Ved innføring av ny lov og supplerande forskrifter kan difor staten sine sivile beredskapsbehaldningar, om lag 380 000 Sm3, leggjast ut for sal. Det kan nemnast at snaut 40 000 Sm3 vart selt allereie hausten 2005 som norsk tilskot til ein IEA-samordna krisehandteringsplan for å dempe ein mangelsituasjon i kjølvatnet av orkanen Katrina. Salet gav ei inntekt på om lag 110 millionar kroner.

I St.prp. nr. 1 (2005–2006) for budsjettåret 2006 er det rekna med at eit slikt sal vil gi inntekter på om lag 1 200 millionar kroner i 2006, jf. kap. 4800, post 02 Ymse inntekter. Inntektsanslaget for 2006 ble redusert til 1 080 millionar kroner i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) som følgje av salet i 2005. Overslaget er svært usikkert, for inntektene er avhengige av Platts noteringar for dei ulike produkttypane i salsperioden. Jamfør omtalen under om utgifter knytte til salet.

For 2006 er det løyvd 18 millionar kroner til beredskapslagring og omlegging til ein ny modell for beredskapslagring av petroleumsprodukt.

Det vil verta administrative utgifter i samband med salet, som salshonorar til aktøren som skal stå for salet, inspeksjonskostnader og handteringsgodtgjersle for utlasting av behaldningane. Desse utgiftene er rekna til om lag 4 millionar kroner.

I tillegg vil det verta eit kompensasjonsoppgjer mellom OED og selskapa som lagrar produkta som skuldast avvik mellom dei kvalitetane som ein gong vart lagde inn på lager, og dei som no vert fysisk lasta ut/selde. Av di kvalitetsavvika òg skal verdisetjast i høve til Platts noteringar, er det vanskeleg å estimere samla effekt av desse, men til planlegging kan ein rekne med 20 millionar kroner i reduksjon. Eventuelle avvik i kvalitet vil justere salsprisen for produkta.

Beredskapsbehaldningane skal etter planen seljast i 2006. Når den nye lagermodellen er etablert og departementet har avhenda beredskapslagra sine, vil det årleg kome på eit mindre beløp til oppfølging og kontroll av at selskapa oppfyller forpliktingane sine.