Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

5 Framlegget i høyringsbrevet

I dag er det primære føremålet med beredskapslagring av petroleumsprodukt at desse produkta skal kunne seljast ut i den norske marknaden ved eventuelle forstyrringar i leveransane av petroleumsprodukt. Olje- og energidepartementet vurderer det slik at ei best mogleg tilpassing av beredskapslagra til forbruksmønsteret vert sikra ved at aktørane som raffinerer og/eller distribuerer dei aktuelle produkta, òg står for lagringa.

Som medlem i Det internasjonale energibyrået (IEA) vil Noreg verte spurt om å delta i sameinte beredskapstiltak ved forstyrringar i dei internasjonale marknadene. Beredskapslagra kan nyttast i slike situasjonar òg.

Olje- og energidepartementet ynskjer å tilpasse beredskapslagringa til situasjonen slik han er i dag, ved å innføre ei ny ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt.

Dersom ein skal påleggje private aktørar å halde lager, må det heimlast i lov. Gjeldande lovgiving om beredskap gir ikkje tilstrekkeleg heimel for påbod om slik lagring. Føremålet med den nye lagringa er òg noko meir omfattande enn føremålet var for gjeldande beredskapslovgiving. Kven som skal påleggjast å halde lager av petroleum og petroleumsprodukt, bør difor gå fram av ei lov.

Nærare retningslinjer om fastsetjing av lagringspliktige produkt, omfang og oppfylling av lagringsplikta, rapportering osv. vil verte detaljerte og av meir teknisk karakter. Dei bør etter Olje- og energidepartementet si vurdering gå fram av ei forskrift.

I framlegget til ny lov om petroleumsprodukt legg departementet opp til at produsentar og importørar av petroleumsprodukt skal påleggjast ei lagringsplikt. Det går fram av § 1 i lovframlegget, at Kongen i forskrift kan avgjere at den som her i landet tilverkar eller importerer petroleumsprodukt, pliktar å halde beredskapslager av desse produkta. I den same føresegna får òg Kongen delegert kompetanse til å fastsetje forskrift om dei nærare reglane om omfang og oppfylling av lagringsplikta, fastsetjing av lagringspliktige produkt, rapportering osv.

Framlegget gjekk ut på at § 2 skulle gi heimel til å fastsetje i forskrift regel om straff. Forsettleg eller aktlaust brot på føresegnene i lova, eller føresegner gitt med heimel i lova, kunne etter framlegget verte straffa med bøter. Medverknad kunne òg straffast.