Ot.prp. nr. 80 (2005-2006)

Lov om beredskapslagring av petroleumsprodukt

Til innhaldsliste

9 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovframlegget

Til § 1:

Paragrafen fastset føremålet med lova og kven som er pliktsubjekt etter lov og forskrift. Lagerplikta kviler på verksemder som importerer til Noreg, eller produserer lagringspliktige produkt i landet. Verksemder som berre står for sal av lagringspliktige produkt, men ikkje sjølve importerer eller produserer slike, skal ikkje påleggjast lagringsplikt. Føresegna fastset vidare rammene for Kongens kompetanse til å fastsetje nærare føresegner i forskrift.

Til § 2:

Første ledd gir heimel for å krevje gebyr for brot på føresegner gitt med heimel i lova. Det kan krevjast gebyr frå eit føretak for brot på objektivt grunnlag. Føresegna vert ikkje supplert av eit personleg ansvar. Det er såleis berre føretaket som skal krevjast for gebyr, ikkje den som har handla på vegner av føretaket.

Eit føretak som blir kravt for gebyr for brot, kan gå til søksmål mot staten. Det er ikkje aktuelt å klage til overordna forvaltningsmynde ettersom det er departementet som krev gebyr. Retten kan overprøve alle sider ved saka, medrekna skjønn hos forvaltninga.

Den øvste grensa for gebyr er NOK 10 millionar. Gebyr i den øvre del av skalaen skal reserverast for grove brot over tid.