Prop. 133 S (2016–2017)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 2

Til innhaldsliste

6 Fylkeskommunal garanti

Fylkestinget i Sør-Trøndelag vedtok i møte 15. juni 2016 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit bompengelån på maksimalt 1 018,1 mill. kr til finansieringa av fv 714 Stokkhaugen – Sunde, trinn 2.

Den fylkeskommunale garantien er førehandsgodkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men blir ikkje endeleg godkjent før Stortinget har gjort vedtak i saka. Garantisten sitt utlegg kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.