Prop. 133 S (2016–2017)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 2

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Fv 714 Laksevegen mellom Stokkhaugen i Orkdal kommune og Sunde i Snillfjord kommune har låg standard, og strekninga er overrepresentert med utforkøyringar samanlikna med andre fylkesvegar i Sør-Trøndelag. Manglande omkøyringsalternativ gjer vegnettet sårbart ved trafikkuhell, noko som fører til både uvisse og tapte inntekter for næringslivet. Trinn 2 vil i gje sikrare og betre veg og dermed sparte transportkostnader for både næringsliv og privatpersonar.

I samband med den lokalpolitiske handsaminga av saka har Snillfjord, Hitra og Frøya kommunar bedt om eit passeringstak på 20 passeringar pr. bomstasjon pr. kalendermånad. Samferdselsdepartementet viser til fastsette retningsliner der hovudregelen er at det kan innførast eit passeringstak på 60 passeringar pr. månad for køyretøy i taksgruppe 1. I særskilte tilfelle kan taket setjast lågare, men ikkje lågare enn 40 passeringar pr. månad. Ut frå omsynet til pendlarane aksepterer departementet eit tak på 40 passeringar pr. månad.