Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Til innhaldsliste

3 Bevis frå oppnemnde verjer

3.1 Innleiing

Somme vaksne personar treng bistand til å representere seg på det økonomiske eller det personlege området. Verjemålslovgivinga tek utgangspunkt i at alle menneske har evna til å ha rettar og plikter, men at ikkje alle har evna til sjølve å gjere handlingar som stiftar rett eller gir ein ansvar. Eit viktig formål med lovgivinga er å sikre at interessene til vaksne som ikkje kan disponere på eiga hand, blir sikra, og at dette skjer med respekt for verdigheita og integriteten til kvar einskild.

Verjemålslovgivinga er òg med på å oppfylle Noregs folkerettslege skyldnad til å sikre at personar med nedsett funksjonsevne får den støtte og bistand dei treng for å utøve den rettslege handleevna si, jf. FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne artikkel 12.

Gruppa verjetrengande er samansett og ueinsarta. Å få oppretta verjemål kan til dømes vere aktuelt for ein eldre person råka av aldersdemens eller ein person med Alzheimers sjukdom, psykose, utviklingshemming eller eit rusproblem. Kva som er årsak til redusert kapasitet, kan vere forskjellig, og personane som blir råka, kan ha ulikt fungeringsnivå og behov for bistand. Somme er aktive og gjer sjølve fleire rettslege disposisjonar, andre er ikkje i stand til å disponere på eigne vegner.

At det blir oppretta verjemål for ein person, inneber at det blir oppnemnt ei verje som har kompetanse til å handle på vegner av personen innanfor rammene av eit nærmare fastsett mandat. Ved eit alminneleg verjemål har personen med verje den rettslege handleevna si fullt ut i behald. Verjemålslova § 33 første og andre ledd har føresegner om plikt for verja til å høyre og til å ta omsyn til det den einskilde ønskjer. Det frivillige aspektet ved alminnelege verjemål vart tydeleggjort ved verjemålslova 2010, jf. Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) side 49. Berre når særskilde vilkår er oppfylte, kan ein person bli fråteken den rettslege handleevna si på bestemte område, jf. verjemålslova § 22. Også der personen med verje er fråteken rettsleg handleevne, skal verja leggje vekt på kva personen meiner. Omsynet til sjølvråderetten til kvar einskild står sterkt i verjemålslovgivinga. Det «minste middels prinsipp» er ein berebjelke og inneber at det ikkje skal gripast inn i sjølvråderetten til kvar einskild i større grad enn det som i kvart einskilt tilfelle er nødvendig, jf. Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) side 42. Sjølvråderetten til kvar einskild er òg verna av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne artikkel 12.

For at verja skal kunne utøve sin særlege bistands- og støttefunksjon på ein god måte, er det viktig å leggje til rette for at personen med verje kan ha eit tillitsfullt og ope forhold til verja. Dette kan vere ein føresetnad for at den det gjeld, kjenner seg fortruleg med å formidle eigne ønske og preferansar til verja. Det kan òg vere ein føresetnad for at personen kjenner seg trygg på å kunne vere open om eige fungeringsnivå og behov for bistand. Oppnemnde verjer er pålagde teieplikt etter verjemålslova § 46. Teieplikta reflekterer nettopp at verja som ledd i verjeoppdraget kan få kjennskap til opplysningar om personen som kan vere av meir eller mindre kjensleg karakter. Dette kan vere opplysningar som vedkomande vil kunne ønskje at verja ikkje fører vidare.

Der teiepliktige opplysningar frå ei oppnemnd verje har noko å seie for spørsmål som er oppe i saker for domstolane, vil omsynet til at personen med verje og verja kan ha eit fortruleg forhold, og omsynet til opplysning av saka dra i ulike retningar. Det er vesentleg at retten får tilgang til dei opplysningane som er nødvendige og relevante for at avgjerdsgrunnlaget for retten skal vere korrekt. Samtidig reflekterer gjeldande reglar om bevisforbod og bevisfritak at nokre opplysningar er rekna for å vere av ein slik art at høvet til bevisføring bør avgrensast.

Spørsmålet om føring av bevis som er omfatta av teieplikta for oppnemnde verjer, kan vere aktuelt i fleire samanhengar. Verja kan til dømes ha opplysningar om personen som kan vere svært viktige når retten skal vurdere om vilkåra for fråtaking av den rettslege handleevna er oppfylte eller ikkje. Ein person med verje kan òg vere part eller vitne i andre sivile saker eller straffesaker. Sakene kan ha varierande grad av samanheng med årsaka til at personen har behov for verje. Det kan til dømes vere reist sak om gyldigheita av ein avtale signert av ein person som er dement, eller ein person med sinnsliding kan ha vorte utnytta på ein straffbar måte. Sakene kan òg vere heilt utan samanheng med årsaka til at personen har behov for verje, som tvistar om rettar til eigedom, mangelskrav og liknande. Også her kan verja ha opplysningar som kan vere meir eller mindre viktige for saka. Det kan til dømes vere at det er verja som har handla på vegner av personen i tvisten, slik at det er verja som har førstehands kjennskap til saka.

Felles for sakstypane er at bevis som kjem inn under teieplikta for den oppnemnde verja, kan vere både til gunst og ugunst for personen. Verja kan til dømes ha opplysningar som kan ha noko å seie for vurderinga i retten av om det ligg føre formildande omstende eller ikkje, eller om personen er strafferettsleg tilrekneleg. Det er likevel ikkje gitt at den oppfatninga personen sjølv har av om bevisførsel frå verja er ønskjeleg, samsvarar med om dette etter meir objektive kriterium vil vere til gunst for han eller henne. Særleg kan den kjenslege karakteren av opplysningar som er omfatta av teieplikta for den oppnemnde verja, gjere at dette er noko personen ikkje ønskjer at skal kome fram, sjølv om det objektivt sett ville ha talt til fordel for han eller henne i ei einskild sak.

3.2 Gjeldande rett

Verjemålslova § 46 om teieplikt for oppnemnde verjer lyder slik:

«En oppnevnt verge plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han eller hun får vite som ledd i vergeoppdraget om noens personlige forhold eller om tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den opplysningen angår. Taushetsplikten gjelder også etter at vergeoppdraget er avsluttet. Vergen kan heller ikke utnytte slike opplysninger i egen virksomhet eller tjeneste eller i arbeid for andre.
Opplysningen om at en person er satt under vergemål, er ikke underlagt taushetsplikt. Det samme gjelder opplysningen om at vedkommende er oppnevnt som verge, og opplysninger om rammene for vergeoppdraget.
Hvis den som er satt under vergemål, ikke selv kan gi uttrykk for sitt syn, gjelder ikke taushetsplikten overfor vedkommendes ektefelle, samboer, barn, barnebarn, foreldre og søsken i større utstrekning enn det som må antas å være etter hans eller hennes ønske. Taushetsplikten viker for opplysningsplikt og meldeplikt med hjemmel i lov. Forvaltningsloven § 13 annet ledd første punktum og § 13 a gjelder tilsvarende.»

At teieplikta berre gjeld for «oppnemnde» verjer, inneber at foreldre som er verjer for mindreårige barn, ikkje er omfatta, jf. Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) side 199. På same side er det lagt til grunn at ei oppnemnd verje som er advokat, vil vere underlagd reglar om teieplikt allereie i eigenskap av dette.

I saker for domstolane er utgangspunktet etter tvistelova og straffeprosesslova at ein har plikt til å forklare seg som vitne overfor retten med mindre det gjeld særlege unntak, jf. tvistelova § 21-5 og straffeprosesslova § 108.

Særlege reglar om bevisforbod gjeld mellom anna for opplysningar som kjem inn under lovbestemt teieplikt, jf. tvistelova § 22-3 og straffeprosesslova § 118. Teieplikta må følgje av «tjeneste eller arbeid for stat eller kommune» med ei utviding til nokre bestemt fastsette kategoriar. Departementet kan likevel samtykkje i at beviset blir ført, og samtykke kan berre nektast når bevisføring kan utsetje staten eller allmenne interesser for skade eller verke urimeleg overfor den som har krav på hemmeleghald, jf. tvistelova § 22-3 andre ledd og straffeprosesslova § 118 første ledd. Etter ei avveging av omsynet til teieplikta og omsynet til opplysning av saka kan òg retten bestemme at beviset skal førast, sjølv om samtykke er nekta frå departementet si side, eller at beviset ikkje skal mottakast sjølv om departementet har samtykt, jf. tvistelova § 22-3 tredje ledd og straffeprosesslova § 118 andre ledd.

Særlege reglar om bevisforbod gjeld òg for opplysningar som er gitt i fortrulegheit til særlege yrkesutøvarar, jf. tvistelova § 22-5 første ledd og straffeprosesslova § 119. Retten kan ikkje utan samtykke frå den som har krav på hemmeleghald, ta imot bevis eller forklaring frå prestar i statskyrkja, prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn, advokatar, forsvararar i straffesaker, meklarar i ekteskapssaker, legar, psykologar, apotekarar, jordmødrer eller sjukepleiarar om noko som er sagt dei i fortrulegheit i stillinga deira. Det same gjeld underordna og medhjelparar som «i stillings medfør er kommet til kunnskap om det som er betrodd de nevnte personer». Etter straffeprosesslova fell forbodet bort når forklaringa trengst for å førebyggje at nokon uskuldig blir straffa.

Sjølv om forholdet ikkje er omfatta av tvistelova § 22-5 første ledd, kan retten etter andre ledd «frita en part eller et vitne fra å gi tilgang til bevis om noe som er betrodd under sjelesorg, sosialt hjelpearbeid, medisinsk behandling, rettshjelp etter domstolloven § 218 annet ledd eller lignende virksomhet». Ein parallell regel er gitt i straffeprosesslova § 121.

For nærståande til ein part gjeld òg særlege reglar om bevisforbod, jf. tvistelova § 22-8 og straffeprosesslova § 122. Vidare har både tvistelova og straffeprosesslova reglar om bevisfritak for opplysningar om forhold som, om dei blir kjende, vil kunne få alvorlege konsekvensar for bevispersonen sjølv eller nærståande til vedkomande, jf. tvistelova § 22-9 og straffeprosesslova § 123.

3.3 Høyringsnotatet 19. oktober 2016

3.3.1 Hovudregel om bevisforbod

Departementet foreslo i høyringsnotatet at det blir gitt særlege reglar i tvistelova og straffeprosesslova om føring av bevis som er omfatta av den lovbestemte teieplikta for oppnemnde verjer. Det vart foreslått ein hovudregel om at retten ikkje kan ta imot bevis frå oppnemnde verjer om noko som er omfatta av teieplikta etter verjemålslova § 46. Departementet uttalte:

«Vergens særskilte bistands- og støttefunksjon og hensynene bak vergemålslovgivningen kan tilsi at det bør gjelde begrensninger i adgangen til å føre bevis for retten om opplysninger som er omfattet av taushetsplikten for en oppnevnt verge. Vergens rolle og forutsetningen om fortrolighet kan gjøre det nærliggende å se hen til reglene om bevisforbud for yrkesgrupper som advokater og prester eller dem som driver sosialt hjelpearbeid eller lignende. Dette kan tale for en hovedregel om at retten ikke kan ta imot bevis fra oppnevnte verger om noe som er omfattet av deres taushetsplikt etter vergemålsloven § 46. En slik regel er inntatt i forslaget til endring av tvisteloven § 22-3 a første ledd og straffeprosessloven § 118 b første ledd i punkt 6.
For advokater og prester mv. faller bevisforbudet som nevnt bort hvis den som har krav på hemmelighold, samtykker til at beviset føres, jf. tvisteloven § 22-5 tredje ledd og straffeprosessloven § 119 første ledd. I straffesaker faller bevisforbudet også bort når forklaringen trengs for å forebygge at noen uskyldig blir straffet, jf. straffeprosessloven § 119 tredje ledd. Det antas at tilsvarende bør gjelde ved et eventuelt bevisforbud for oppnevnte verger. Forbudet vil være begrunnet i hensynet til personen selv, og hvis han eller hun samtykker til at beviset føres, bør vergen neppe ha rett til å nekte å forklare seg.
En person som er under vergemål uten å være fratatt rettslig handleevne, har den rettslige handleevnen i behold og kan selv foreta rettslige handlinger og råde over sine midler, jf. vergemålsloven § 21 første ledd. Dette tilsier at han eller hun som hovedregel selv bør gis retten til å ta stilling til om det skal gis samtykke til vitneførsel, eller ikke.»

Vidare peikte departementet på at særlege spørsmål reiser seg dersom personen med verje er mindreårig, er ute av stand til å samtykkje eller er fråteken rettsleg handleevne, og i saker om fråtaking av den rettslege handleevna. Desse spørsmåla blir behandla i punkt 3.3.2 til 3.3.5 nedanfor.

3.3.2 Samtykke frå ein mindreårig person med verje

I høyringsnotatet vart det ikkje foreslått noka særregulering av den retten den mindreårige har til sjølv å samtykkje til vitneførsel frå ei oppnemnd verje. Om dette uttalte departementet:

«Dersom personen med oppnevnt verge er mindreårig, må det vurderes om vedkommende selv kan samtykke til vitneførsel, eller om den som har foreldreansvaret må samtykke. Det vises bl.a. til Skoghøy: Tvisteløsning (2014) side 754, Schei m.fl.: Tvisteloven (2013) side 854–855, Bjerke m.fl.: Straffeprosessloven (2011) side 465–466 og Backer: Barneloven (2008) side 265–267. Det synes ikke å være grunn til noen særregulering av den mindreåriges rett til selv å samtykke til vitneførsel fra en oppnevnt verge, sammenlignet med vitneførsel fra for eksempel en advokat eller en prest.»

Der den som har foreldreansvaret, må samtykkje, reiser det seg likevel nokre særlege spørsmål. I høyringsnotatet heiter det:

«I visse tilfeller er det vergen som treffer avgjørelser som tilkommer den som har foreldreansvaret, jf. vergemålsloven § 17 annet ledd. Dette gjelder når ingen har foreldreansvar for den mindreårige, eller når den som har foreldreansvaret, ikke kan ivareta den mindreåriges interesser. I slike tilfeller synes det nærliggende at retten isteden gis kompetanse til å beslutte om beviset kan føres. Den mindreårige bør ha tilsvarende medbestemmelsesrett ved rettens beslutning som etter barneloven § 31.»

3.3.3 Personen med verje er ute av stand til å samtykkje

I høyringsnotatet foreslo departementet at retten får høve til å bestemme om beviset frå verja kan førast i den utstrekning personen med verje «ikke er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer». Om bakgrunnen for forslaget vart det uttalt:

«Voksne personer med oppnevnt verge kan ha ulikt fungeringsnivå. Noen vil være fullt ut i stand til å gi uttrykk for egne ønsker og preferanser, eventuelt med tilpasset hjelp og assistanse. For andre kan dette være vanskelig. Personen kan for eksempel være i koma eller ha langt fremskreden demens. Det kan tenkes tilfeller hvor en person med verge har den rettslige handleevnen i behold, men der personen rent faktisk ikke er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer.»

Departementet la til grunn at høvet til å tillate at det blir ført bevis frå ei oppnemnd verje om opplysningar som er omfatta av teieplikta, ved ei løysing som skissert i punkt 3.3.1 over, neppe bør vere avskore i slike tilfelle. Personen med verje bør i staden få hjelp til å ta vare på eigne interesser i spørsmålet om beviset bør førast.

Om grunngivinga for at kompetansen til å gi støtte i dette spørsmålet vart foreslått lagd til retten, heiter det i høyringsnotatet:

«Hvis vergen gis kompetanse til å bistå i dette spørsmålet, og avgjørelsen gjelder bevisførsel fra vergen selv, vil det lett oppstå spørsmål om vergens habilitet. Vergemålslovens løsning er at det oppnevnes en midlertidig verge (setteverge) hvis en verge er inhabil, jf. vergemålsloven § 34. Ved bevis fra den oppnevnte vergen kan det være nærliggende å vurdere om avgjørelsen isteden bør legges til retten. Det kan synes hensiktsmessig at dette i så fall skal gjelde uavhengig av om vergen i den enkelte saken ville vært å anse som inhabil etter vergemålsloven § 34 eller ikke.»

Om vurderinga i retten av om det skal tillatast at beviset blir ført, uttalte departementet følgjande:

«Hensynet til hovedpersonens rett til selvbestemmelse bør trolig være det sentrale ved rettens vurdering av om beviset skal tillates ført. Det vil innebære at det bør legges avgjørende vekt på hva det er grunn til å anta at den enkelte vergetrengende selv ville ha ønsket i den gitte situasjonen. Løsningen vil forutsette en individuell vurdering, basert på den enkelte personens vilje og preferanser og med vekt på den enkeltes integritet.
I den utstrekning det er uklart hva personen med verge ville ha ønsket, bør retten se særlig hen til hva slags opplysninger en eventuell bevisførsel fra vergen vil omfatte. En part eller et vitne har i visse tilfeller rett til å nekte å gi bevis, jf. særlig tvisteloven kapittel 22 og straffeprosessloven kapittel 10. Retten bør trolig utvise særlig varsomhet med å tillate bevis fra vergen om opplysninger som er omfattet av bevisfritaksreglene.»

Vilkåret i lovforslaget om at personen med verje ikkje «er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer», vart formulert med same ordlyd som i verjemålslova § 20 andre ledd første punktum. Om dette unntaket heiter det i Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) på side 178:

«Det sentrale vurderingstemaet vil være om vedkommende har den nødvendige mentale kapasiteten til å kunne avgi et gyldig samtykke. Kriteriet «forstå» må ikke tolkes strengt i vurderingen av om vedkommende har samtykkekompetanse. Dersom det med bakgrunn i den medisinske tilstanden og omstendighetene for øvrig må antas at vedkommende er i stand til å forstå hva det konkrete samtykket til vergemål innebærer, og vedkommende velger å ikke samtykke, kan ikke fylkesmannen vurdere begjæringen.»

Departementet la i høyringsnotatet til grunn at tilsvarande truleg bør gjelde ved ei løysing som skissert over, og uttalte:

«En adgang for retten til å beslutte om beviset skal føres, vil da kun gjelde i den utstrekning personen med verge ikke selv er i stand til å forstå hva det konkrete samtykket til bevisførselen innebærer. Hvis det med bakgrunn i den medisinske tilstanden og omstendighetene for øvrig må antas at personen med verge er i stand til å forstå dette, ligger avgjørelsen alene til ham eller henne.»

Det vart foreslått at avgjerda i retten om forklaring kan takast imot frå ei oppnemnd verje, blir teken ved orskurd. Som grunngiving vart det vist til m.a. krava til grunngiving av orskurdar, jf. tvistelova § 19-6 fjerde ledd og straffeprosesslova § 52, og den moglege betydninga ei slik avgjerd kan ha for sjølvråderetten til personen med verje. I nokre tilfelle ville orskurdsform allereie følgje av andre føresegner.

3.3.4 Personen med verje er fråteken den rettslege handleevna

I høyringsnotatet vart det ikkje foreslått noka særskild regulering av saker der personen med verje er fråteken den rettslege handleevna. Om dette spørsmålet heiter det:

««Det minste middels prinsipp» er en bærebjelke innen vergemålslovgivningen. Prinsippet innebærer at det ikke skal gripes inn i den enkeltes selvbestemmelsesrett i større utstrekning enn det som i det enkelte tilfellet er nødvendig, jf. også FNs konvensjon om rettighetene til personer med nedsatt funksjonsevne art. 12. Det minste middels prinsipp er blant annet reflektert ved at hvert vedtak om vergemål uttrykkelig skal ta stilling til omfanget av vergemålet og ikke gjøres mer omfattende enn nødvendig, jf. vergemålsloven § 21 tredje ledd.
Utgangspunktet etter loven er at vergemål er en frivillig ordning som forutsetter samtykke fra den som settes under vergemål. Personen med verge kan selv foreta rettslige handlinger og råde over sine midler selv om han eller hun har fått oppnevnt en verge, jf. vergemålsloven § 21 første ledd. Bare når særskilte vilkår er oppfylt, kan en person fratas sin rettslige handleevne på bestemte områder, jf. vergemålsloven § 22. Heller ikke fratakelsen kan gjøres mer omfattende enn nødvendig.
Det kan stilles spørsmål om en adgang til å samtykke til at det føres bevis fra ens egen oppnevnte verge om noe som er omfattet av vergens taushetsplikt, bør anses å være av en så personlig art at et vergemål ikke kan omfatte slik kompetanse, jf. vergemålsloven § 21 fjerde ledd. Det tas ikke stilling til dette i høringsnotatet, men departementet antar at det normalt uansett ikke vil være behov for å frata en person kompetansen til å avgjøre et slikt spørsmål. Personen vil da som hovedregel ha slik kompetanse selv, selv om han eller hun skulle være fratatt den rettslige handleevnen på andre områder.
I noen situasjoner kan dette likevel innebære en risiko for rettstap for den det gjelder. En persons psykiske tilstand kan for eksempel gjøre at han eller hun oppfatter bevis fra en oppnevnt verge som farlig eller ødeleggende, mens det i realiteten ville hindret en dom i hans eller hennes disfavør. I ytterste konsekvens kan det tenkes at bevis fra vergen vil føre til at retten kommer til at personen ikke kan straffes. Den snevre adgangen vergemålsloven gir til å frata noen den rettslige handleevnen, reflekterer nettopp at man i noen situasjoner anser det som nødvendig å balansere retten til selvbestemmelse mot andre grunnleggende rettigheter, som blant annet retten til liv, retten til nødvendig helsehjelp og retten til en forsvarlig levestandard.
Samtidig kan det tenkes at en snever adgang for retten til å beslutte at bevis fra vergen kan føres i den utstrekning personen med verge rent faktisk ikke er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer, vil gi retten en tilstrekkelig sikkerhetsventil for å unngå at selvbestemmelsesretten går på bekostning av den enkeltes grunnleggende rettigheter ellers.»

Det vart deretter vist til behandlinga av forslaget til regulering av tilfelle der personen med verje er ute av stand til å samtykkje, jf. punkt 3.3.3.

3.3.5 Saker om fråtaking av den rettslege handleevna

Når det gjeld saker om fråtaking av den rettslege handleevna, vart det i høyringsnotatet peikt på nokre generelle utgangspunkt for denne typen saker:

«Det er tingretten som treffer beslutning om vergemål med fratakelse av den rettslige handleevnen, jf. vergemålsloven § 68 første ledd. Krav om endring av dommen avgjøres også av retten ved et nytt søksmål, jf. § 75 fjerde ledd.
Grunnvilkåret for fratakelse av den rettslige handleevnen er at personen har fylt 18 år, og på grunn av sinnslidelse, herunder demens, psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, alvorlig spilleavhengighet eller alvorlig svekket helbred ikke er i stand til å ivareta sine interesser, jf. § 22 første ledd, jf. § 20 første ledd. Ytterligere vilkår følger av vergemålsloven § 22 annet og tredje ledd:
«En person kan fratas den rettslige handleevnen i økonomiske forhold hvis dette er nødvendig for å hindre at han eller hun utsetter sin formue eller andre økonomiske interesser for fare for å bli vesentlig forringet, eller han eller hun blir utnyttet økonomisk på en utilbørlig måte. Fratakelsen av den rettslige handleevnen kan begrenses til å gjelde bestemte eiendeler eller bestemte disposisjoner.
En person kan fratas den rettslige handleevnen i personlige forhold på bestemte områder hvis det er betydelig fare for at han eller hun vil handle på en måte som i vesentlig grad vil være egnet til å skade hans eller hennes interesser.»
Når retten skal vurdere om vilkårene er oppfylt, kan opplysninger fra en oppnevnt verge være helt sentrale for å sikre et korrekt avgjørelsesgrunnlag. Hensynet til sakens opplysning vil ofte gjøre seg særlig gjeldende i slike saker.»

I forlenginga av dette vurderte departementet om det bør givast særskilde reglar om bevis frå oppnemnde verjer i saker om fråtaking av den rettslege handleevna. Det vart uttalt:

«Man kan for eksempel se for seg at retten gis en viss adgang til å tillate slik bevisførsel. En mulig regulering kunne være:
«I sak om vergemål med fratakelse av den rettslige handleevnen kan retten ved kjennelse beslutte at beviset kan føres når det er nødvendig etter en samlet vurdering av sakens art, forklaringens betydning for sakens opplysning og følgene for parten av at beviset føres.»
Ordlyden ligner, med noen tilpasninger, på den som er brukt i tvisteloven § 22-9 annet ledd.
Det vises i den forbindelse også til adgangen til å begjære saken behandlet for lukkede dører, jf. vergemålsloven § 71 tredje ledd.
I saker om vergemål, jf. vergemålsloven § 68 første og annet ledd, har det særskilte hensynet til sakens opplysning blant annet ført til en adgang for helsepersonell, ansatte i helse- og omsorgstjenesten, sosialtjenesten og ansatte i barneverntjenesten til å gi nødvendige og relevante opplysninger til oppnevnt sakkyndig og til å avgi vitneforklaring uten hinder av taushetsplikt, jf. vergemålsloven § 71 femte ledd. Fritaket fra taushetsplikten er begrenset til nødvendige opplysninger som er relevante for den konkrete saken. I Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) fremgår på side 210:
«Unntaket fra taushetsplikten er av personvernhensyn begrenset til opplysninger som er nødvendige og relevante for de spørsmål saken gjelder. Kravet om relevans innebærer at det normalt er opplysninger av nokså ny dato som er unntatt fra taushetsplikten. Nødvendighetsbegrensningen innebærer at det ikke skal leveres ut flere opplysninger eller mer detaljerte opplysninger enn det som er nødvendig for å opplyse saken. På den annen side er det vesentlig at retten får tilgang til de opplysningene som er nødvendige og relevante, slik at rettens avgjørelsesgrunnlag blir korrekt. Den nærmere avgrensingen må baseres på et skjønn.»
Tilsvarende ville synes naturlig å legge til grunn for oppnevnte verger ved en løsning som skissert over.
På den annen side kan hensynet til å legge til rette for et fortrolig forhold mellom vergen og personen med verge også gjøre seg særlig gjeldende i saker om fratakelse av en persons rettslige handleevne. I noen situasjoner ønsker personen det gjelder, selv å bli fratatt den rettslige handleevnen på nærmere angitte områder. Hvis dette ikke er tilfelle, kan det imidlertid virke særlig krenkende dersom opplysninger han eller hun har fortalt vergen i fortrolighet, blir brukt for å bevise at vilkårene for å frata vedkommendes rettslige handleevne er oppfylt.
Man er her på et område hvor hensynene til individets rettssikkerhet trekker i ulike retninger, og hvor avveiningen er vanskelig. Det er mulig at hensynet til den enkeltes selvbestemmelsesrett bør veie tyngst også i disse tilfellene. Det kan i så fall tilsi en løsning hvor det gjelder samme begrensninger for føring av bevis fra en oppnevnt verge i saker om fratakelse av rettslig handleevne, som i andre saker.»

3.4 Høyringsinstansane sitt syn

3.4.1 Hovudregel om bevisforbod

Agder lagmannsrett, Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Telemark, Fylkesmannen i Vestfold, Helsedirektoratet, Riksadvokaten, Statens sivilrettsforvaltning, Den norske Dommerforening (Fagutvalget for Sivilprosess og Fagutvalget for Strafferett og Straffeprosess), Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Jussformidlingen og Nasjonalforeningen for folkehelsen har uttalt seg om forslaget til endringar i tvistelova og straffeprosesslova. Av desse gir Riksadvokaten, Helsedirektoratet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Jussformidlingen og Nasjonalforeningen for folkehelsen uttrykk for generell støtte til forslaget som er skissert i høyringsnotatet. Riksadvokaten uttaler at ein i det vesentlege kan slutte seg til grunngivinga frå departementet for ein slik regel. Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Telemark, Fylkesmannen i Vestfold og Statens sivilrettsforvaltning sluttar seg til forslaget om ein hovudregel om at retten ikkje kan ta imot bevis frå oppnemnde verjer når dette vil krenkje den lovbestemte teieplikta etter verjemålslova § 46. Desse høyringsinstansane har samtidig innspel til særlege problemstillingar som ein slik regel reiser, sjå punkt 3.4.2 til 3.4.5. Den norske Dommerforening og Agder lagmannsrett har innvendingar mot forslaget og meiner at eit generelt bevisforbod som skissert i høyringsnotatet vil gå for langt.

Agder lagmannsrett stiller innleiingsvis spørsmål om behovet for avklaring og lovregulering på dette området. Det blir vist til at mangelen på publisert rettspraksis om temaet kan tyde på at spørsmålet ikkje har valda vanskar i praksis. Fleire fylkesmannsembete gir derimot uttrykk for at spørsmåla bør regulerast nærmare.

Fleire av høyringsinstansane som støttar forslaget, peiker på at det er viktig å leggje til rette for eit fortruleg forhold mellom personen som har fått oppnemnt verje, og verja. Fylkesmannen i Oslo og Akershus uttaler:

«Etter vår oppfatning er det bare når kontakten mellom personen med oppnevnt verge og vergen kan skje i full fortrolighet, at vergen kan gis den informasjon som er nødvendig for å ivareta den vergetrengendes interesser på en god måte. Fravær av bevisforbud på dette området vil således kunne svekke formålet bak vergemålsordningen.»

Om same tema heiter det i høyringsfråsegna frå Jussformidlingen:

«I forbindelse med oppdraget kan en verge få innsyn i informasjon som den vergetrengende ellers aldri ville ønske å dele med andre, enten det gjelder økonomiske eller personlige forhold. Tillit til at taushetsplikten er reell, også der det oppstår en rettslig tvist, er en viktig forutsetning for å begrense belastningen så mye som mulig og legge til rette for et fortrolig forhold.»

Fylkesmannen i Oslo og Akershus er samd i at mange av dei omsyna som ligg bak dagens bevisforbod for særlege yrkesgrupper, gjer seg gjeldande også for oppnemnde verjer, og uttaler:

«I tillegg til det allerede nevnte behovet for fortrolighet mellom vergen og den vergetrengende, vil også vernet mot selvinkriminering gjøre seg gjeldende. For eksempel der en person med verge betror seg til vergen om forhold som kan bidra til egen domfellelse, og vergen deretter skal kunne pålegges en forklaringsplikt i retten. Taushetsplikten og det prosessuelle bevisforbudet må derfor ha et sterkt vern også på dette området. For øvrig vil Fylkesmannen påpeke at mange av de oppgavene en oppnevnt profesjonell verge utfører også ytes av advokater utenfor vergemålssystemet. Informasjon som genereres gjennom utførelse av slike oppgaver, bør gis samme beskyttelse uavhengig av om det er en advokat eller oppnevnt verge som utfører dem. En forskjellsbehandling på dette området, slik det er i dag, er uheldig ved at det gir advokater et monopol på slik tjenesteyting som garanterer klienten vern mot innsyn. Fylkesmannen forutsetter her at de taushetsbelagte opplysningene, om de hadde vært mottatt av en advokat, ville vært omfattet av advokatens bevisforbud, jf. strprl. § 119 første ledd og tvl. § 22-5 nr. 1.»

Høyringsinstansane som har innvendingar mot forslaget, Agder lagmannsrett og Den norske Dommerforening, viser særleg til omsynet til opplysning av saka. Den norske Dommerforening (Fagutvalget for Sivilprosess) uttaler:

«En lovregulering av dette bør gjenspeile flere hensyn enn vergens taushetsplikt, særlig hensynet til sakens opplysning. Det siste hensynet er etter vår oppfatning ikke ivaretatt i forslaget.
Fagutvalget for sivilprosess mener bestemmelsen må baseres på en avveining av de hensyn som er relevante. Det er også et relevant hensyn at behandlingen av sivile saker, og avgjørelsen av om et bevis kan føres, ikke gjøres mer komplisert enn de underliggende hensyn tilsier. Det vil i så fall innebære en unødvendig byråkratisering av sivilprosessen.
Fagutvalget for sivilprosess mener at dette tilsier en regel tilsvarende tvisteloven § 22-10: Bevisfritak i stedet for bevisforbud, og videre at retten kan gjøre unntak etter en avveining.
Hensynet til partene i tvisten (sakens opplysning) er også relevant. Bevisforbud medfører risiko for rettstap for partene. Vergens taushetsplikt er omfattende, jf. forslaget til § 46 i vergemålsloven. Denne bestemmelsen beskytter personen som har fått oppnevnt verge, ikke partene i en sivil tvist. Tvisteloven må ivareta også dem.»

Til støtte for eit bevisfritak peiker foreininga på følgjande:

«Bevisfritak betyr at vergen vil kunne nekte å forklare seg eller fremlegge bevis som omfattes av taushetsplikten. Det vil vergen formentlig gjøre når det er grunn til det, men ikke når det ikke er grunn til det. Når vergen ser at interessene til personen som har fått oppnevnt verge ikke tilsier hemmelighold, vil beviset kunne føres selv om det omfattes av vergens taushetsplikt. En slik regel vil ivareta så vel interessene til personen som har fått oppnevnt verge, hensynet til sakens opplysning, og hensynet til en effektiv sivilprosess. Spørsmålet om bevisfritak vil da bare komme opp når det er en reell grunn til det.»

Også Agder lagmannsrett meiner at eventuelle særreglar om bevisavgrensingar for verjer bør givast i form av eit bevisfritak. Først og fremst tek likevel lagmannsretten til orde for at det ikkje bør givast nokon særreglar om bevisavgrensingar for oppnemnde verjer som inneber at dei kjem i ei anna stilling enn andre lovlege representantar. Det blir teke til orde for at reglane i tvistelova kapittel 22 er tilstrekkeleg fleksible og gir retten høve til å gjere ei rimeleg avveging av dei ulike omsyna i kvar einskild sak. Lagmannsretten etterspør mellom anna ei nærmare drøfting av kva slags opplysningar som teieplikta gjeld for etter verjemålslova, og som bør omfattast av meir omfattande bevisavgrensingar enn det som følgjer av tvistelova kapittel 22.

Agder lagmannsrett peiker vidare på forholdet mellom eit eventuelt bevisforbod for oppnemnde verjer og reglane i tvistelova § 2-2 for personar som ikkje er prosessdyktige og oppgåvene til verja i den samanhengen. Dette spørsmålet blir òg reist av Fylkesmannen i Telemark, som uttaler:

«Når det gjelder andre sivile saker enn fratakelsessaker, finner vi det fornuftig at hensynet til den enkeltes selvbestemmelsesrett må veie tyngst. Vi legger til grunn at dette ikke vil innskrenke en verges adgang til å representere personen med verge i henhold til reglene i tvisteloven § 2-2 om prosessdyktighet og verges oppgaver i den sammenheng.»

Agder lagmannsrett reknar forholdet til § 2-2 som meir problematisk. Det blir etterlyst ei drøfting av forholdet til den bevisplikta partane har, og det blir vist til at verja mellom anna har den same møte- og forklaringsplikta som ein part, jf. Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) side 461, Schei ofl.: Tvisteloven, kommentarutgåva, 2. utg. 2013, side 88, og tilsvarande Skoghøy: Tvistemål, 2. utg. 2014, side 726–728. I sivile saker har partane mellom anna plikt til å bidra til at saka blir riktig og fullstendig opplyst, jf. tvistelova § 21-4. Reglar om allmenn forklarings- og bevisplikt følgjer av tvistelova § 21-5. Reglar om forklaringsplikt for partane og plikt til å gi tilgang til dokument og andre bevisgjenstandar (realbevis) er viktige uttrykk for bevisplikta og følgjer av tvistelova høvesvis § 23-2 første ledd og kapittel 26. Agder lagmannsrett peiker på at det for partar som ikkje er prosessdyktige, er verja som har desse skyldnadene til å bidra til at saka blir opplyst, og uttaler:

«Et alminnelig bevisforbud for opplysninger undergitt taushetsplikt for oppnevnte verger etter vergemålsloven, bryter fundamentalt med vergens prosessuelle stilling som partsrepresentant i sivile saker etter tvisteloven og medfører en uheldig forskjellsbehandling mellom oppnevnte og naturlige verger og andre lovlige stedfortredere.»

Agder lagmannsrett peiker elles på andre grupper med lovbestemt teieplikt som kan vike for bevisplikta. Om dette blir det sagt:

«At oppnevnte verger i andre relasjoner enn i egenskap av partsrepresentanter i rettergang har taushetsplikt, ivaretar andre formål. Det er ellers ikke noe særsyn at lovbestemt taushetsplikt viker for bevisplikten. Slik er det i alminnelighet for lovbestemt taushetsplikt i privat sektor, som for eksempel taushetsplikten etter revisorloven, finansforetaksloven og eiendomsmeklerloven. Unntakene fra bevisplikten i rettssaker følger av de alminnelige reglene i tvisteloven kapittel 22. I praksis er det bevisfritaket for drifts- eller forretningshemmeligheter i § 22-10 som er aktuelt.»

Når det gjeld straffesaker, peiker Den norske Dommerforening (Fagutvalget for Strafferett og Straffeprosess) på at omsynet til den materielle sanninga veg svært tungt. Foreininga viser mellom anna til plikta retten har etter straffeprosesslova § 294 til å «våke over at saken blir fullstendig opplyst», og uttaler:

«Et bevisforbud krever derfor svært gode grunner. Vi ser det slik at utkastet nokså ensidig vektlegger hensynet til å verne kommunikasjonen mellom vergen og den som har fått oppnevnt verge. Etter fagutvalgets syn vil dette hensynet være tilstrekkelig ivaretatt gjennom en regel om fritaksrett slik man har i strpl. §§ 122-125. Denne bør imidlertid kombineres med en adgang for retten til å pålegge forklaringsplikt etter en avveining av de motstående hensyn, sml. strpl. § 124 annet ledd.»

Agder lagmannsrett støttar høyringsinnspelet frå Den norske Dommerforening og uttaler:

«Et generelt bevisforbud er vanskelig å forene med hensynet til den materielle sannhet, som veier tungt i straffesaker. I høringsnotatet er det ikke gitt noen egentlig begrunnelse for at det er behov for mer omfattende begrensninger i bevisplikten enn hva som nå følger av de alminnelige reglene i straffeprosessloven §§ 122 -125.»

Statens sivilrettsforvaltning peiker på at det kan reisast spørsmål om det ligg føre behov for at verja kan uttale seg i noko større omfang i straffesaker, men uttaler at ein ikkje har vurdert dette nærmare. Fylkesmannen i Oslo og Akershus støttar forslaget om at bevisforbodet for oppnemnde verjer fell bort når forklaringa trengst for å førebyggje at nokon uskuldige blir straffa. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon uttaler:

«En person under vergemål må få avgjøre selv om det skal gis samtykke til bevisførsel eller ikke, men vi er enige i at det kan tenkes unntak fra dette, f.eks. i tilfeller hvor det er nødvendig for å forebygge at noen uskyldig blir straffet.»

3.4.2 Samtykke frå ein mindreårig person med verje

Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Fylkesmannen i Rogaland gir uttrykk for at ein sluttar seg til vurderingane i høyringsnotatet. Fylkesmannen i Oslo og Akershus tek opp spørsmålet om rolla retten har i vurderinga av om det ligg føre eit gyldig samtykke frå ein mindreårig, og uttaler:

«Fylkesmannen vil presisere viktigheten av at retten forsikrer seg om at det faktisk foreligger et gyldig samtykke fra den mindreårige. Den mindreåriges samtykke må være frivillig og informert, og informasjonen som gis må være tilpasset den mindreårige. Fylkesmannen antar at det ikke er et vilkår at samtykke gis direkte til retten, men at det kan gis til vergen. Der vergen mener å ha fått et samtykke fra den mindreårige, må derfor vergen kunne bevise at samtykket foreligger, og at det har vært informert godt nok. Fylkesmannen er for øvrig av den oppfatning at retten bør være mer tilbøyelig til å tolke uklare samtykker fra mindreårige innskrenkende enn utvidende. Videre bør retten kunne kreve å få snakke med barnet der det er usikkerhet knyttet til samtykket.
Vi mener for øvrig at i tilfeller hvor samtykke må avgis av den med foreldreansvaret, må retten sikre at den mindreårige har hatt tilsvarende medbestemmelsesrett som ved rettens egen beslutning.»

3.4.3 Personen med verje er ute av stand til å samtykkje

Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Rogaland og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon gir uttrykk for tilslutning til forslaget i høyringsnotatet. Om vurderingstemaet knytt til i kva grad personen forstår kva eit samtykke til bevisførsel vil seie, uttaler Fylkesmannen i Hedmark:

«Fylkesmannen forutsetter at det ved denne vurderingen blant annet innhentes uttalelse fra lege og/eller sakkyndig. Videre legger vi til grunn at der det er tvil om samtykkekompetansen, bør retten ha en samtale med personen, slik ordningen er etter vergemålsloven.»

Fylkesmannen i Oslo og Akershus uttaler:

«Slik departementet har utformet lovforslaget, skal retten kun ta stilling til om beviset kan føres der det er slått fast at personen med verge ikke er i stand til å avgi et gyldig samtykke. Retten har ansvaret for å sørge for at bevis som er omfattet av vitneforbudene ikke blir ført, og vil på selvstendig grunnlag måtte vurdere personens samtykkekompetanse i anledning saken. For å sikre at saken er så godt opplyst som mulig før retten tar stilling til om beviset kan føres, mener vi at retten bør legge til grunn uttalelse fra personen med verges lege eller annen sakkyndig – innhentet til dette særskilte formålet. Videre mener vi at retten, der det er usikkerhet knyttet til personens samtykkekompetanse, bør forsøke å sørge for en muntlig samtale med personen selv. Det vises for øvrig til vergemålslovens bestemmelser som angir tilsvarende krav til vergens og vergemålsmyndigheten beslutningsgrunnlag, jf. § 33 og § 59.»

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon understreker at det må leggast avgjerande vekt på kva personen sjølv ville ha ønska i den gitte situasjonen og at retten må få dette belyst på ein god måte.

Agder lagmannsrett og Den norske Dommerforening (Fagutvalget for Sivilprosess) meiner at ein unntaksregel som skissert i høyringsnotatet er for snever. I høyringsinnspelet frå dommarforeininga blir det sagt:

«Grunnvilkåret («I den utstrekning personen med verge ikke er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer») overser helt hensynet til sakens opplysning, og dermed hensynet til partene i tvisten. En regel som i tvisteloven § 22-10 annet punktum vil være vesentlig bedre; at retten «etter en avveining» kan beslutte at beviset kan føres. I dette ligger også at retten kan ta stilling til hvordan beviset kan føres. Ved denne avveiningen kan retten vurdere de ulike hensynene opp mot hverandre, først og fremst hensynet til personen som har oppnevnt verge og bevisets betydning for saken. Vekten av de ulike hensynene vil variere i den enkelte sak.
Kommentarene til unntaksregelen gjelder uavhengig av om hovedregelen skal være bevisforbud eller bevisfritak.»

3.4.4 Personen med verje er fråteken den rettslege handleevna

I høyringsnotatet vart det som nemnt reist spørsmål om eit høve til å samtykkje til at det blir ført bevis frå eins eiga oppnemnde verje om noko som er omfatta av teieplikta for verja, bør reknast å vere av ein så personleg art at eit verjemål ikkje kan omfatte slik kompetanse, jf. verjemålslova § 21 fjerde ledd. Det vart ikkje teke stilling til dette i høyringsnotatet, men det vart rekna med at det normalt uansett ikkje vil vere behov for å ta ifrå ein person kompetansen til å avgjere eit slikt spørsmål. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har innvendingar mot denne forståinga og uttaler:

«Vår oppfatning er at kompetansen til å samtykke til bevisføring fra egen oppnevnte verge om noe som er omfattet av vergens taushetsplikt, normalt ikke vil anses for å være av en særlig personlig art, slik at skranken i vgml. § 21 fjerde ledd kommer til anvendelse. Nevnte bestemmelse oppstiller en begrensning i vergens kompetanse, ved at denne ikke kan omfatte spørsmål som gjelder særlig personlige forhold uten særskilt hjemmel i lov. Dette gjelder både ved opprettelse av ordinært vergemål som omfatter personlige forhold og ved fratakelse av rettslig handleevne i personlige forhold, jf. henholdsvis vgml. § 20 og 22 tredje ledd. Kompetansen til å samtykke til bevisføring skiller seg, etter vår oppfatning, klart ut fra de eksemplene som er nevnt i loven, som i all hovedsak knytter seg til en persons helse, frihet og familieliv.
I motsetning til departementet, har ikke Fylkesmannen vanskeligheter med å se at det kan oppstå et behov for å frata en person kompetansen til å avgjøre et spørsmål om bevisføring fra vergen. Både i sivile saker og straffesaker kan manglende bevisføring fra verge i vesentlig grad være egnet for å skade personen under vergemål, slik at vilkårene i vgml. § 22 tredje ledd vil være oppfylt. Av hensyn til personens selvbestemmelsesrett og integritet, er adgangen til å frata personens rettslige handleevne på det personlige området særlig snever og skal benyttes med stor varsomhet. Etter vår oppfatning kan det likevel ikke utelukkes at behovet for beskyttelse må gå foran disse rettighetene når det kommer til spørsmål om bevisføring fra oppnevnt verge.»

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon tek derimot til orde for at det ikkje bør være grunnlag for å ta ifrå ein person rettsleg handleevne i eit slikt spørsmål og at dette bør reknast å vere av ein så personlig art at det omfattast av vergemålsloven § 21 fjerde ledd.

3.4.5 Saker om fråtaking av den rettslege handleevna

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon støttar forslaget i høyringsnotatet og viser til at den einskilde si sjølvråderett må veie tyngst også i slike tilfelle. Fylkesmannen i Hedmark støttar også forslaget i høyringsnotatet og uttaler:

«Fylkesmannen slutter seg … til de avveininger departementet foretar i forhold til saker om fratakelse av rettslig handleevne. Vi legger til grunn at samtykke fra personen med verge også her bør være avgjørende. Videre legger vi til grunn at beslutningen om bevis skal føres eller ikke føres, er en avgjørelse som skal tilligge domstolen der personen selv ikke er i stand til å samtykke.»

Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Telemark, Fylkesmannen i Vestfold og Statens sivilrettsforvaltning meiner at det er behov for større høve til bevisførsel frå oppnemnde verjer i saker om fråtaking av den rettslege handleevna enn det som er foreslått i høyringsnotatet. Fylkesmannen i Hordaland viser til at dette er indispositive saker. Fleire embete viser til at omsynet til opplysning av saka gjer seg særleg gjeldande i desse sakene. Mellom anna uttaler Fylkesmannen i Oslo og Akershus:

«Vi mener at en manglende særregulering av bevis fra oppnevnte verger i disse sakene vil innebære en ikke uvesentlig fare for at saken ikke blir tilstrekkelig opplyst, og dermed vil kunne føre til materielt uriktige avgjørelser.»

Fylkesmannsembetet understrekar òg kor viktig det er med tilstrekkeleg opplysning av saker om fråtaking av rettsleg handleevne:

«Fylkesmannen kan på dette området ikke se at de hensyn som ivaretas av taushetsplikten kan få større gjennomslag ved utformingen av bevisforbudsbestemmelsene enn hensynet til å oppnå materielt riktige avgjørelser. Som også departementet påpeker, er nettopp den snevre adgangen til å frata en person sin rettslige handleevne begrunnet i retten til grunnleggende rettigheter som retten til liv, retten til nødvendig helsehjelp og retten til en forsvarlig levestandard. Dersom bevisføring fra oppnevnt verge skal kunne avskjæres fordi personen ikke samtykker til at beviset føres, vil dette altså kunne hindre personen i å motta disse rettighetene gjennom det vernet en fratakelse av rettshandelsevnen er ment å gi.»

Fylkesmannen i Rogaland uttaler:

«Vi mener hensynet til opplysning av saken, noen ganger bør være avgjørende. Vergen vil her kunne spille en sentral og noen ganger avgjørende rolle. Person med verge er allerede ivaretatt igjennom at det stilles strenge materielle krav for fratakelse av rettslig handleevne. I tillegg går disse sakene normalt for lukkede dører slik at opplysningene tilflyter en begrenset krets av personer. Vergens vitnemål bør ikke gå lenger enn hva som er nødvendig for å belyse saken.»

Kor viktig det er med opplysningar frå verja, blir understreka av fleire høyringsinstansar. Fylkesmannen i Vestfold uttaler om dette:

«Vergens opplysninger anses å være den klart viktigste beviskilden i disse sakene. Fylkesmannen har adgang til selv å innhente opplysninger fra helsepersonell, ansatte i sosialtjenesten og barnevernstjenesten, men det vil i de fleste sakene være utilstrekkelig. Fylkesmannen har ofte behov for detaljert informasjon om person med verges økonomi, noe som kun vergen (eventuelt personen selv) har fullt innsyn i. Fratakelse av rettslig handleevne baserer seg på en nåtidsvurdering, og det er viktig at retten får tilgang til oppdaterte og detaljerte opplysninger om hvordan sykdommen påvirker de økonomiske disposisjonene. Svært ofte er det stor forskjell mellom vergen og person med verges oppfatning, og sistnevnte mangler i mange tilfeller innsikt i eget sykdomsbilde og økonomi.
I noen tilfeller vil pårørende også kunne belyse saken. Fylkesmannen har imidlertid vært tilbakeholden med å innkalle pårørende som vitner, da dette ofte vil kunne medføre konflikter innad i familien. Person med verge bør kunne forholde seg til pårørende som omsorgspersoner, og det vil i mange tilfeller være ødeleggende for tillit og relasjon dersom disse vitner på en måte som fremstår negativt i person med verges øyne.»

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane peiker på kor viktig det er å sikre eit riktig resultat for personen med verje:

«Vi er samd i at sjølvråderetten er ei bærebjelke i verjemålslovgivinga, og at den enkeltes sjølvråderett skal takast omsyn til, jf. verjemålslova § 33. Vi meiner likevel at det er heilt sentralt å sikre eit rett resultat på vegner av personen med verje. I mange tilfelle i vår sakshandsaming ser vi at verja har viktige opplysningar som er nødvendige for oss å få for å sikre eit rett resultat for å ta i vare interessene til personen med verje på ein god måte. Det same vil gjelde for rettens behandling av saker etter verjemålslova.»

Fylkesmannen i Rogaland peiker på dei andre reglane i verjemålslova om fråtaking av rettsleg handleevne:

«Person med verge er allerede ivaretatt igjennom at det stilles strenge materielle krav for fratakelse av rettslig handleevne. I tillegg går disse sakene normalt for lukkede dører slik at opplysningene tilflyter en begrenset krets av personer. Vergens vitnemål bør ikke gå lenger enn hva som er nødvendig for å belyse saken.»

Fylkesmannen i Telemark viser i tillegg til at opplysningar frå verja kan vere viktige når behovet for fråtaking skal vurderast opp mot det «minste middels prinsipp»:

«Når det opprettes et vergemål er det alltid «minste middels prinsipp» som skal gjelde. Det betyr at det ikke skal opprettes et vergemål med fratakelse av rettslig handleevne før man har prøvet ut et vanlig vergemål om dette er mulig. Det er verge som følger saken i det daglige og har kontakt med den han er verge for og har innsyn i økonomi og andre rettslige forhold, alt etter hva mandatet er.»

Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Telemark viser til at fråtaking av rettsleg handleevne ikkje krev samtykke frå personen det gjeld. Slik desse embeta ser det, bør da heller ikkje personens samtykke til føring av bevis i saka vere avgjerande.

Fleire høyringsinstansar peiker på opplysningsplikta til verja overfor fylkesmannen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tek til orde for at verja bør reknast å ha tilsvarande opplysningsplikt overfor retten i saker om fråtaking av rettsleg handleevne. Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Telemark og Statens sivilrettsforvaltning viser til orskurd frå Frostating lagmannsrett 10. desember 2015, der lagmannsretten la til grunn at opplysningsplikta etter lova måtte innebere at også retten får tilgang til dei nødvendige opplysningane frå verja om forhold som har noko å seie for saka, som verja er vorten kjend med i eigenskap av å vere verje. Fylkesmannen i Rogaland og Statens sivilrettsforvaltning framhevar at prinsippet om umiddelbar bevisføring kan tale for at verja bør kunne gi forklaring for retten når verja har opplysningsplikt overfor fylkesmannen. Statens sivilrettsforvaltning formulerer dette slik:

«Det følger av vergemålsloven § 47 første ledd at vergen plikter å gi de opplysninger om vergemålet som fylkesmannen ber om. Gjennom fylkesmannens forklaring vil retten dermed kunne få en viss tilgang til nødvendige opplysninger om saken som vergen har formidlet til fylkesmannen. Etter vårt syn vil det i større grad være mulig å vurdere slike opplysninger dersom retten kan tillate vergen selv å avgi vitneforklaring uten hinder av taushetsplikten. Det er nærliggende at vergen i større grad enn fylkesmannen vil kunne redegjøre for opplysninger vedkommende selv har gitt og besvare spørsmål i den forbindelse. Etter vår oppfatning vil en verges vitneforklaring også i større grad være i overensstemmelse med prinsippet om bevisumiddelbarhet for retten.»

Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Telemark peiker samtidig på at verja, slik som fylkesmannen, er gitt kompetanse til å reise sak om fråtaking av rettsleg handleevne, jf. verjemålslova § 69. I høyringsfråsegna frå Fylkesmannen i Telemark er dette formulert slik:

«Selv om verge har denne selvstendige myndigheten, vil det være nærliggende for verge å be Fylkesmannen begjære dette utfra den kompetansen Fylkesmannen besitter.
Det gir liten mening og sammenheng i lovverket at verge har kompetanse til å fremme sak om fratakelse av rettslig handleevne ved stevning til tingretten, men samtidig skal ha taushetsplikt overfor retten. Om verge er gitt slik begjæringskompetanse, må verge nødvendigvis grunngi sine bevis og komme med uttalelse i saken. Det kan etter Fylkesmannens oppfatning ikke være slik at en verge, dersom verge fremmer en sak om fratakelse, kan gi opplysninger, mens dersom en annen, for eksempel Fylkesmannen fremmer en slik sak, så er verge undergitt taushetsplikt med tanke på uttalelse og vitneplikt i retten. …
Om Fylkesmannen skal fremme sak, vil vi alltid innhente en uttalelse fra verge på forhånd, nettopp for å danne oss en oppfatning av om vilkårene for fratakelse er oppfylt og om fratakelsessak bør fremmes av oss. Det vil nærmest være umulig for Fylkesmannen å fremme slike saker, dersom vi ikke kan bygge på verges opplysninger og føre verge som vitne. For at vi skal kunne vurdere om vilkårene er tilstede for å fremme en slik sak, må vi jo kunne legge vekt på vergens uttalelser. I de tilfeller hvor det er en verge inne i bildet, vil det jo nettopp være verge som underretter Fylkesmannen om behovet for fratakelse, siden vergen har førstehåndskjennskap til behovet.»

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Telemark tek til orde for at opplysningar frå ei verje bør behandlast på same måte som opplysningar til yrkesgruppene som er nemnde i verjemålslova § 71. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane uttaler:

«Overfor gruppa med sårbare personar som ofte er aktivt verjetrengande, må det etter vårt syn vere harmonisering av reglane om bevisføring for retten. Vi kan ikkje sjå at det er grunn til at det vert differensiert i reglane mellom kven som kan gi opplysingar til retten, jf. verjemålslova § 71 femte ledd, og oppnemnt verje. Vi meiner at tillitstilhøve mellom desse må reknast som likt. Dersom føring av bevis frå verje skulle medføre eit brot på tilliten mellom den verjetrengande og verja, kan byte av verje vurderast. Det synes derfor ikkje hensiktsmessig at verja skal vere bunden av teieplikta i desse sakene.»

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens sivilrettsforvaltning peiker på at det bør gjelde same avgrensingar for bevis frå oppnemnde verjer som for helsepersonell mv. etter § 71. Statens sivilrettsforvaltning uttaler:

«En forutsetning for at retten skal gis adgang til å tillate bevisførsel i saker om fratakelse av rettslig handleevne bør imidlertid være at fritaket fra taushetsplikten tydelig begrenses til opplysninger som er nødvendige for sakens opplysning. I rettens vurdering bør det også tas hensyn til følgene for partene av at bevis føres.»

3.5 Departementet si vurdering

3.5.1 Hovudregel om bevisforbod

Innspela frå høyringsinstansane underbyggjer behovet for ei avklaring av spørsmålet om høvet til bevisførsel frå oppnemnde verjer om forhold som er omfatta av teieplikta etter verjemålslova.

Departementet går inn for ein hovudregel om bevisforbod i tråd med forslaget i høyringsnotatet. Ein viser til forslaget til ny § 22-3 a første ledd i tvistelova og ny § 118 b første ledd i straffeprosesslova.

Som nærmare omtalt nedanfor inneber forslaget at bevisforbodet fell bort dersom den som har krav på hemmeleghald, samtykkjer. Departementet har vurdert om retten bør givast ein snever heimel til å gjere unntak frå bevisforbodet etter ei avveging av omsynet til teieplikta og omsynet til opplysning av saka, men foreslår ikkje ein slik heimel.

Som eit utgangspunkt ser departementet det som klart at det kan vere opplysningar som er teiepliktige etter verjemålslova, og som ikkje er omfatta av gjeldande reglar om bevisforbod og bevisfritak, men som ein person med verje like fullt vil kunne ønskje at ikkje kjem fram. Til dømes kan disposisjonar verja skal gjere på vegner av personen med verje, involvere sensitive opplysningar av ulik art. Verja kan òg bli kjend med forhold om helsetilstanden til personen som blir opplevde som ei belastning for den det gjeld. «Personlige forhold» i verjemålslova § 46 skal elles forståast på same måte som det same omgrepet i forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1, jf. Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) side 199.

Slik departementet ser det, er spørsmålet om bevisavgrensingar for oppnemnde verjer prinsipielt. Bør ein som verjetrengande kunne ha tillit til at opplysningar verja blir kjend med gjennom verjeoppdraget, ikkje blir gjorde kjende for andre – eller må omsynet til eit fortruleg forhold til verja vike for andre omsyn i saker for domstolane?

Departementet ser at ein hovudregel om bevisforbod for oppnemnde verjer vil kunne føre til at ein blir hindra frå å føre bevis frå verja som kan ha betydning for opplysninga av saka. I straffesaker veg omsynet til den materielle sanninga særleg tungt. Særreglar om bevis frå oppnemnde verjer kan òg gjere behandlinga og bevisspørsmåla i saker der personar med verje er involverte, noko meir kompliserte. Som Den norske Dommerforening og Agder lagmannsrett meiner departementet at slike omsyn må vege tungt også når det gjeld spørsmålet om bevisføring frå oppnemnde verjer. Samtidig er det situasjonar der andre omsyn kan vege tyngre enn informasjonsverdien ved det aktuelle beviset og sanningsprinsippet som ligg bak målet om materielt riktige avgjerder. Verjemålslovgivinga reflekterer eit behov for eit særleg lovvern til dei som i liten grad kan verne seg sjølve. Verjemålet skal sikre personar som treng det, støtte og bistand til å utøve rettsleg handleevne. Det å leggje til rette for at ein person som har fått oppnemnt verje, kan ha eit tillitsfullt og fortruleg forhold til verja, er etter departementet si oppfatning ein viktig føresetnad for at verjemålsordninga kan fungere etter formålet.

Utfordringa for lovgivarane er å finne eit godt balansepunkt mellom dei motstridande omsyna. I spørsmålet som blir vurdert i proposisjonen her, vurderer departementet det slik at omsynet til personen med verje og ei fungerande verjemålsordning bør tilleggjast størst vekt. Alle fylkesmannsembeta som har uttalt seg om forslaget, støttar ein hovudregel om bevisforbod. Skyldnadene som Noreg har etter FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne, taler òg for ei vektlegging av omsynet til at verja kan oppfylle bistands- og støttefunksjonen sin på ein god måte.

Ei samanlikning med dei gjeldande bevisforboda og bevisfritaka kan òg tale for eit bevisforbod for oppnemnde verjer. Som det er vist til i høyringa, vil ein person med verje stå fritt til å kontakte yrkesgrupper som er omfatta av tvistelova § 22-5 første ledd og straffeprosesslova § 119, og da nyte godt av «bevisforbodsvernet» desse yrkesgruppene har, på same måte som andre. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har samtidig peikt på at verja tidvis kan hjelpe personen med saker som ein elles ville ha nytta ein advokat til. Departementet reknar vidare med at opplysningar ei verje blir kjend med gjennom oppdraget, etter omstenda kan vere av same art som opplysningar som blir gitt i fortrulegheit til dømes til ein advokat, lege, psykolog eller sjukepleiar. For ein person med aldersdemens kan til dømes informasjon om symptom og sjukdomsutvikling hjelpe verja i vurderinga av kva slags saker personen greier å ta stilling til på eiga hand, og i kva slags saker det er behov for tilpassa informasjon og støtte. Ei open haldning frå ein person med ei psykisk liding kan setje verja betre i stand til å forstå kva personen faktisk ønskjer og vil. Omsynet til vern av personen tilseier at slike opplysningar bør vere omfatta av eit bevisforbod også når dei er gjorde kjende for verja.

Departementet viser òg til vernet i tvistelova og straffeprosesslova om fortrulegheita i relasjonen mellom parten og dei som står vedkomande nær. Verja si rolle som representant for personen sjølv kan tilseie at det i enda større grad er grunn til bevisavgrensingar for oppnemnde verjer.

Ein understrekar elles at forslaget om eit bevisforbod berre vil gjelde for opplysningar som krenkjer teieplikta for verja etter verjemålslova § 46. Dersom personen med verje samtykkjer til at opplysningar blir gjorde kjende for andre, kan ikkje verja nekte å leggje fram beviset, jf. verjemålslova § 46 tredje ledd og forvaltningslova § 13 a. Spørsmålet om bevisforbod kjem dermed først på spissen der personen ikkje ønskjer at det blir ført bevis. Har vitneførsel frå verja først og fremst noko å seie for tredjepersonar, må ein rekne med at personen normalt vil samtykkje til bevisførsel. I situasjonar der vedkomande vurderer å ikkje samtykkje, og verja eller andre meiner at dette vil vere uheldig, bør innvendingane formidlast til personen slik at han eller ho – eventuelt med bistand og støtte – kan ta dei med i vurderinga. Sjå òg punkt 3.5.2 til 3.5.4 nedanfor.

Forslaget om eit bevisforbod inneber at departementet ikkje følgjer opp innspela frå Den norske Dommerforening og Agder lagmannsrett om ein regel om bevisfritak. Ved eit bevisfritak som skissert av desse høyringsinstansane vil det vere verja som kan nekte å forklare seg eller leggje fram bevis som er omfatta av teieplikta. Etter departementet si oppfatning taler omsynet til sjølvråderett for personar med verje med styrke for at dette spørsmålet så langt som mogleg bør avgjerast av vedkomande sjølv. Det er han eller ho som har krav på tausheit, og som er nærmast til å oppleve dei aktuelle opplysningane som sensitive.

Forslaget om eit bevisforbod vil ikkje avgrense det høvet verja har til å representere personen i ei sivil sak, jf. tvistelova §§ 2-3 og 2-4, eller oppgåvene til verja i den samanhengen. Departementet kan da ikkje sjå at eit bevisforbod for oppnemnde verjer vil bryte med rolla til verja som representant etter tvistelova, slik Agder lagmannsrett reiser spørsmål om. Representanten skal ta vare på dei rettar og plikter parten har i saka. Forklaringa til verja som representant for vedkomande person har ikkje nødvendigvis det same omfanget som forklaringa til verja som vitne.

Spørsmål om vitneførsel frå den oppnemnde verja kan uansett kome opp ikkje berre i saker der personen har representant, men òg i saker der personen er prosessdyktig. For det første vil ein person som ikkje er fråteken rettsleg handleevne på det området ei konkret sak gjeld, vere prosessdyktig, med mindre vedkomande på grunn av den psykiske helsetilstanden sin ikkje er i stand til å ta vare på sine eigne interesser under saka, jf. tvistelova § 2-2 tredje og fjerde ledd. Ein part kan med andre ord vere i stand til å ta vare på sine eigne interesser under saka sjølv om vedkomande har fått oppnemnt verje, jf. òg Backer: Norsk sivilprosess, 2015, side 131. For det andre kan spørsmålet om vitneførsel frå ei verje kome opp i ei sak der parten har hatt verje tidlegare, men der verjemålet er oppheva eller endra. Det kan òg vere at verja det er spørsmål om vitneførsel frå, er ei anna enn den verja som er representant i saka.

Er verja det er spørsmål om vitneførsel frå, også representant i saka, må verja vurdere kva som fell inn under forklaringsplikta som representant, og kva som er omfatta av teieplikta etter verjemålslova § 46 og dermed òg bevisforbodet etter forslaget til ny § 22-3 a i tvistelova. Departementet reknar med at det normalt vil vere mogleg å handtere dette. Skulle det likevel vere vanskeleg å ta stilling til forholdet mellom forklaringsplikta som representant og bevisforbodet i ei konkret sak, vil det vere mogleg å oppnemne ei mellombels verje som representant.

I straffesaker skal forslaget ikkje avgrense det høvet ei verje har til å utøve partsrettar etter straffeprosesslova, jf. særleg §§ 83, 84 og 93 g, eller oppgåvene til verja i den samanhengen.

Departementet foreslår i samsvar med forslaget i høyringsnotatet at bevisforbodet i straffesaker vil falle bort når forklaringa trengst for å førebyggje at nokon uskuldig blir straffa.

3.5.2 Samtykke frå ein mindreårig person med verje

I samsvar med høyringsnotatet blir det ikkje foreslått noka særregulering av den retten den mindreårige har til sjølv å samtykkje til vitneførsel frå ei oppnemnd verje. Til merknadene frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus vil departementet peike på at spørsmål om samtykke frå mindreårige òg kan vere aktuelt etter andre reglar om bevisforbod og bevisfritak. Departementet kan ikkje sjå at rettens vurderingar knytte til samtykke frå mindreårige til bevis frå ei oppnemnd verje reiser særlege spørsmål samanlikna med samtykke frå mindreårige til vitneførsel frå til dømes ein advokat eller ein prest.

Der den som har foreldreansvaret, må samtykkje, og verja tek avgjerder som tilkjem den som har foreldreansvaret etter verjemålslova § 17 andre ledd, blir retten gitt kompetanse til å bestemme om beviset kan førast.

3.5.3 Personen med verje er ute av stand til å samtykkje

Departementet foreslår at retten får høve til å bestemme om beviset frå verja kan førast i den grad personen med verje «ikke er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer». Dette er i samsvar med forslaget i høyringsnotatet, jf. punkt 3.3.3. Forslaget går fram av ny § 22-3 a andre ledd første punktum i tvistelova og ny § 118 b andre ledd første punktum i straffeprosesslova.

Ein person med verje som ikkje er i stand til å samtykkje til vitneførsel, bør få hjelp og støtte til å bestemme om det skal givast samtykke. Når det gjeld rettens vurdering av om personen med verje «er i stand til å forstå hva et samtykke innebærer», viser ein til omtalen av dette spørsmålet i punkt 3.3.3. Kriteriet «forstå» må ikkje tolkast strengt. Dersom ein med bakgrunn i den medisinske tilstanden og omstenda elles må rekne med at personen er i stand til å forstå kva det konkrete samtykket til bevisførselen inneber, ligg avgjerda aleine til han eller henne.

Etter departementet si oppfatning bør retten stå friare i si vurdering av om personen er i stand til å forstå kva det aktuelle samtykket inneber, enn Fylkesmannen i Hedmark og Fylkesmannen i Oslo og Akershus tek til orde for i høyringsfråsegnene sine. For retten kan spørsmålet kome opp i svært ulike saker. Det kan til dømes variere om personen sjølv er til stades i retten, i kva grad bevisføringa i saka elles allereie har gitt retten eit grunnlag for vurderinga, og i kva grad spørsmålet verkar uklart. Er det tvil om personen er i stand til å forstå kva eit samtykke til bevisførsel inneber, kan det vere aktuelt å be om ei legeerklæring. Dette bør det vere opp til retten å vurdere.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus synest å forstå forslaget slik at retten berre skal ta stilling til om beviset skal førast der det «er slått fast at personen med verge ikke er i stand til å avgi et gyldig samtykke». Det er ikkje slik forslaget er meint. Spørsmålet om personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke til bevisførsel inneber, knyter seg til det konkrete samtykket til bevisførsel i den aktuelle saka. Kjem det opp eit spørsmål om bevisførsel frå ei oppnemnd verje om forhold som er omfatta av teieplikta, og det blir reist spørsmål om personen verja er oppnemnd for, er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber, må retten gjere ei konkret vurdering av dette. Eventuelle tidlegare vurderingar av samtykkekompetansen til personen, til dømes i samband med at verjemålet vart oppretta, skal ikkje vere avgjerande for vurderinga i retten. Omsynet til sjølvråderett taler med styrke for at den einskilde sjølv, så langt som mogleg, skal få avgjere om samtykke skal givast.

Når det gjeld rettens vurdering av om det skal tillatast at beviset blir ført, viser ein til omtalen av spørsmålet i punkt 3.3.3. Omsynet til at hovudpersonen bør ha rett til å bestemme sjølv, bør vere det sentrale ved vurderinga.

Innspela frå Den norske Dommerforening og Agder lagmannsrett om at retten bør givast høve til å vedta at beviset kan førast, er behandla i punkt 3.5.1.

3.5.4 Personen med verje er fråteken den rettslege handleevna

I lovforslaget er det, som i høyringsnotatet, ikkje gitt noka særskild regulering av saker der personen med verje er fråteken den rettslege handleevna. Ein viser til omtalen av spørsmålet i punkt 3.3.4. Departementet har merka seg innspela frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus, men legg samtidig vekt på at ingen andre høyringsinstansar har gitt uttrykk for tilsvarande innvendingar.

3.5.5 Saker om fråtaking av den rettslege handleevna

Departementet har merka seg at både Statens sivilrettsforvaltning og fleire fylkesmannsembete meiner at det er behov for større høve til bevisførsel frå oppnemnde verjer i saker om fråtaking av rettsleg handleevne. Fråsegnene stadfestar at omsynet til opplysning av saka kan gjere seg særleg gjeldande i slike saker, og at opplysningar frå verja kan vere viktige og somme gonger avgjerande. Mellom anna kan opplysningar frå verja vere sentrale for vurderinga av om det er nødvendig med fråtaking av rettsleg handleevne, jf. «det minste middels prinsipp». Informasjon frå verja om verjemålet og korleis verjeoppdraget har vore handtert, kan vere viktig for vurderinga av om andre og mindre inngripande tiltak enn fråtaking kan vere aktuelt. Innspel frå fleire fylkesmannsembete stadfestar òg at opplysningar frå verja kan vere sentrale i fylkesmannen si vurdering av om fylkesmannen skal bringe sak om fråtaking av rettsleg handleevne inn for retten. Tilstrekkeleg opplysning av saka vil vere viktig ikkje berre for å sikre fråtaking der vilkåra er oppfylte, men òg for å hindre fråtaking i saker der vilkåra ikkje er til stades.

Samtidig gjer omsynet til tillit og eit fortruleg forhold seg særleg gjeldande i desse sakene. Forslaget om eit generelt bevisforbod har fått støtte frå fleire fylkesmannsembete i høyringa, nettopp med tilvising til kor viktig det er med eit tillitsfullt og fortruleg forhold.

Ein er her på eit område der omsynet til rettstryggleiken for individet dreg i ulike retningar, og der avveginga er utfordrande. Som peikt på i høyringsnotatet reflekterer den snevre retten verjemålslova gir til å ta ifrå nokon den rettslege handleevna, at ein i nokre situasjonar reknar det som nødvendig å balansere sjølvråderetten mot andre grunnleggjande rettar. Er opplysningar frå verja svært viktige for vurderinga av vilkåra for fråtaking av rettsleg handleevne, kan omsynet til vern av personen det gjeld, og omsynet til eit tillitsfullt og fortruleg forhold mellom personen og verja dra i ulike retningar.

Departementet går inn for ei løysing der det gjeld same avgrensingar for føring av bevis frå ei oppnemnd verje i saker om fråtaking av rettsleg handleevne som i andre saker. Som fleire høyringsinstansar peiker på, vik teieplikta for verja mellom anna for opplysningsplikta overfor fylkesmannen, jf. verjemålslova § 46 tredje ledd og § 47 andre ledd. Opplysningsplikta til verja er sentral mellom anna for fylkesmannens tilsyn med verja og vurdering av om det er behov for endring av verjemålet. Fylkesmannens høve til å reise sak om verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne sikrar at retten, gjennom fylkesmannen, vil kunne få ein viss tilgang til opplysningar som verja har formidla til fylkesmannen på grunnlag av opplysningsplikta, jf. verjemålslova § 69 første ledd. Sjølv om omsynet til umiddelbar bevisføring taler for at verja sjølv bør kunne forklare seg om slike forhold, antar departementet at omsynet til verja si rolle overfor personen saka gjeld, må vege tyngre.

Etter gjeldande lov har verja høve til sjølv å reise sak om verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne, jf. verjemålslova § 69 første ledd, jf. § 56 første ledd bokstav c. Departementet foreslår at føresegna blir endra slik at verja ikkje lenger har slik kompetanse. Meiner verja at det er behov for verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna, kan verja ta dette opp med fylkesmannen. Ei slik løysing samsvarar etter departementet si oppfatning betre med rolla til verja. Departementet antar at opplysningsplikta verja har overfor fylkesmannen, og høvet fylkesmannen har til å reise sak, samla vil medverke til tilstrekkeleg opplysning av saka.

Det blir ikkje foreslått noka endring av retten verja har til å be om verjemål utan fråtaking av den rettslege handleevna, jf. verjemålslova § 56 første ledd. Det frivillige aspektet ved slike verjemål, og at oppmodinga rettast til fylkesmannen, gjer at dette spørsmålet stiller seg annleis enn oppmoding om verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna.

I orskurd frå Frostating lagmannsrett 10. desember 2015 er det lagt til grunn at opplysningsplikta verja har etter lova, må innebere at også retten får tilgang til dei nødvendige opplysningane frå verja om forhold som har noko å seie for saka, som verja er vorten kjend med i eigenskap av å vere verje. Forslaget i proposisjonen her inneber at opplysningsplikta verja har overfor fylkesmannen, ikkje gjeld overfor retten. For å tydeleggjere dette blir det foreslått ei mindre presisering i verjemålslova § 47 første ledd.

Det vil vere viktig at personen med verje får tilpassa informasjon og hjelp til å vurdere spørsmålet om bevisførsel frå verja der vedkomande har behov for det.

Til forsida