Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane som gjeld teieplikta for verjer, jf. punkt 3 og 4, er ikkje venta å ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar. Det tilsvarande vart lagt til grunn i høyringsnotatet frå departementet, og det har fått tilslutning frå Statens sivilrettsforvaltning og Fylkesmannen i Rogaland i den allmenne høyringa.

I punkt 5 foreslår departementet å gi ein særskild heimel for behandlinga av saker som i dag blir handterte ved ein analogisk bruk av lov om forsvunne personar § 8. At behandlinga av desse sakene blir regulert i ei eiga føresegn, reknar ein i prinsippet ikkje vil føre til nokon auke i talet på saker. På den andre sida kan det ikkje sjåast bort frå at ei lovendring kan innebere ei synleggjering av denne sakstypen som vil kunne føre til at nokre fleire saker blir førte inn for domstolane. Ein legg likevel til grunn at auken i talet på saker i så fall vil vere liten. Meirkostnadene vil bli dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene for departementa.

Til forsida