Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Til innhaldsliste

5 Dødsfall i utlandet

5.1 Gjeldande rett

Når norske borgarar døyr i utlandet, skal den norske utanriksstasjonen i landet der personen døyr, innhente dødsattest frå dei lokale styresmaktene og sende denne attesten til Skattedirektoratet i Noreg. Dødsfallet blir da registrert i Folkeregisteret. Dersom den avdøde var registrert busett i Noreg, sender Skattedirektoratet dødsattesten til tingretten der avdøde sist var bustadregistrert. Tilsvarande reglar gjeld der avdøde var utanlandsk borgar, men busett i Noreg.

Det oppstår eit særleg problem for registreringa i Folkeregisteret når det ikkje lèt seg gjere å skaffe fram ein dødsattest som norske styresmakter godtek. Somme gonger kjem dette av krig eller anna uro som gjer det vanskeleg å skaffe fram offentlege dokument frå landet det gjeld. Vel så ofte er årsaka at dødsattestar frå det aktuelle landet ikkje blir nytta som grunnlag for registrering i Noreg, jf. folkeregisterforskrifta kapittel 8, del D (tidlegare Instruks om krav til dokumentasjon og fremgangsmåte for å kunne registrere rettslige og faktiske forhold som finner sted i utlandet, fastsett av Skattedirektoratet 12. desember 2007 med heimel i den tidlegare folkeregisterforskrifta § 1-2 bokstav b). Dette gjeld særleg ein del afrikanske og asiatiske land. Grunnen er at attestar frå desse landa ikkje blir rekna for å ha det nødvendige truverdet ettersom dei ofte blir forfalska eller kan kjøpast. Manglande dødsattest kan skape problem for dei etterlatne i Noreg. Dersom dødsfallet ikkje blir registrert, får ein ikkje skifta eit eventuelt dødsbu. Det kan òg kome opp problem i andre samanhengar, til dømes der dødsfallet har noko å seie for om ein attlevande ektemake eller eit attlevande barn har rett til ytingar frå det offentlege.

Vi har i dag ingen eigen heimel til å ta avgjerd om ein person skal reknast for å vere død, i saker der det ikkje ligg føre gyldig dødsattest, men der dei etterlatne likevel gjer gjeldande at ein person er død. Det er ei slik spesialføresegn i ekteskapslova § 7. Ekteskapslova § 7 har reglar om bevis til bruk for prøvinga av om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Kvar av brudefolka skal mellom anna erklære om han eller ho har inngått ekteskap eller registrert partnarskap tidlegare. I § 7 bokstav e er det gitt nærmare reglar om kva slags bevis som krevst for at eit tidlegare ekteskap eller registrert partnarskap skal reknast som avslutta. Av føresegna går det fram at bevis for at ein tidlegare ektemake eller registrert partnar er død, som regel skal førast ved attest frå ei innanlandsk eller utanlandsk offentleg styresmakt. Dersom slik attest ikkje kan skaffast fram, kan parten leggje fram sine opplysningar og bevis for retten, som avgjer om bevisa skal godtakast. Ei avgjerd etter ekteskapslova § 7 kan likevel berre nyttast for å prøve ekteskapsvilkåra, dei såkalla gjengiftetilfella, og kan ikkje nyttast i andre tilfelle.

I saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet, og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan godtakast for å registrere personen som død i Folkeregisteret, er dei etterlatne i dag nøydde til å fremje krav overfor tingretten om å gi orskurd om at personen skal reknast for å vere død etter lov om forsvunne personar § 8 (og tidlegare lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer § 1), som domstolane nyttar analogisk i slike saker.

Det følgjer av lov om forsvunne personar § 1 at lova gir reglar om forvaltninga av eigedelane til personen som er forsvunnen, og dessutan reglar om korleis ein skal gå fram for å avgjere om den forsvunne personen skal reknast for å vere død, verknaden av ei slik avgjerd og reglar om tilbakeføring av eigedelane til personen dersom personen seinare kjem til rette.

I lova kapittel 3 blir det regulert korleis ein skal gå fram for å avgjere om ein person skal reknast for å vere død. Det følgjer av §§ 8 og 9 at retten på nærmare vilkår kan gi orskurd om dette når ein person er forsvunnen.

Etter § 8 er vilkåret for å gi slik orskurd at personen er forsvunnen under omstende som gjer at det «ikkje er grunn til å tvile på» at personen er død. Dette inneber ikkje eit krav om absolutt visse, men at det etter ei samla vurdering av bevisa ikkje er «fornuftig og rimelig tvil» om dødsfallet, jf. Prop. 18 L (2014–2015) side 41. Er vilkåret oppfylt, kan orskurden om at personen skal reknast for å vere død, givast «straks».

Paragraf 9 gir høve til å gi orskurd om at ein person skal reknast for å vere død, i tilfelle der det er mindre grad av visse om at personen er død. Etter § 9 første og andre ledd er vilkåret at personen saka gjeld, «høgst sannsynleg» er død. Når dette vilkåret er oppfylt, kan det reisast sak om at personen skal reknast for å vere død, når det er gått eitt år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live, jf. § 9 første ledd. Det kan likevel reisast sak «straks» dersom personen forsvann i samband med ei ytre hending som skapte stor livsfare, og det av den grunn er høgst sannsynleg at personen er død, jf. andre ledd. Når vilkåret om at personen «høgst sannsynleg» er død, ikkje er oppfylt, kan saka reisast når det er gått fem år sidan det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live, jf. § 9 tredje ledd.

Verknaden av ein orskurd om at ein person skal reknast for å vere død etter § 8 eller § 9, er regulert i § 14. Orskurden verkar for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle forhold der det har noko å seie om den forsvunne er i live eller ikkje.

Lov om forsvunne personar § 2 regulerer når ei sak om ein forsvunnen person kan behandlast av norske domstolar, og i tillegg lovvalet.

Etter hovudregelen i § 2 første ledd kan sak reisast i Noreg når den forsvunne hadde sin vanlege bustad her. Etter § 2 andre ledd første punktum kan det vidare reisast sak i Noreg når den forsvunne har tilknyting til Noreg gjennom å ha formue i riket, men da berre med verknad for denne formuen. Etter § 2 andre ledd andre punktum kan det òg reisast sak i Noreg dersom saka av andre grunnar er «knytt til Noreg på ein slik måte at det er rimeleg at ho blir reist her», og det blir «godtgjort» at det ikkje er eller vil bli reist sak i ein annan stat der det er meir formålstenleg å avgjere saka.

5.2 Høyringsnotatet 9. november 2016

Som ein konsekvens av den aukande internasjonaliseringa dei seinare åra har talet på dødsfall i utlandet som skal registrerast i Noreg, stige vesentleg. Det er da naturleg å rekne med at talet på saker der det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan godtakast for å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret, òg er stigande. I slike saker er dei etterlatne i dag nøydde til å setje fram krav overfor tingretten om å gi orskurd om at personen skal reknast for å vere død etter lov om forsvunne personar § 8 (og tidlegare lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer § 1), som domstolane nyttar analogisk i slike saker. I tilfelle der personen utan tvil er død, kan det likevel verke upassande eller framandt å behandle saka etter dei reglane som gjeld for «forsvunne» personar. På bakgrunn av dette vart det i høyringsnotatet foreslått ein meir passande heimel for behandlinga av slike saker.

Departementet vurderte om ein slik heimel formålstenleg kunne givast i skiftelova, som ein tematisk parallell til ekteskapslova § 7 bokstav e. Det vart likevel konkludert med at det var behov for ei meir generell føresegn. Det behovet dei etterlatne har for ei avgjerd om at personen skal reknast for å vere død, vil kunne oppstå i ulike samanhengar, ikkje berre i samband med skifte av dødsbuet. Til dømes vil det òg kunne ha noko å seie for om den attlevande ektemaken eller attlevande barn har rett til ytingar frå det offentlege. Departementet rekna derfor med at det er meir formålstenleg å utforme ei generell føresegn om behandlinga av desse sakene. Departementet foreslo at dette blir gjort ved å føye til eit nytt fjerde ledd i § 8 i lov om forsvunne personar.

Departementet foreslo inga tilsvarande endring av § 9. I saker der spørsmålet om personen er død, er meir tvilsamt, er det meir nærliggjande å seie at personen er «forsvunnen», og § 9 kan da nyttast direkte etter ordlyden sin.

Det vart ikkje foreslått endringar i reglane om jurisdiksjon i lov om forsvunne personar § 2 i lys av tilføyinga av § 8 nytt fjerde ledd.

5.3 Høyringsinstansane sitt syn

Finansdepartementet, Oslo byfogdembete, Kripos og Skattedirektoratet har uttalt at dei er positive til lovforslaget. Ingen høyringsinstansar har uttalt at dei ikkje støttar lovforslaget.

Oslo byfogdembete er samd i at ein eventuell ny heimel bør takast inn i lov om forsvunne personar § 8, og at det ikkje er behov for ei tilsvarande endring av § 9. Når det gjeld forholdet til jurisdiksjonsregelen i lov om forsvunne personar § 2, uttaler Oslo byfogdembete:

«Oslo byfogdembete bemerker til dette at det ved departementets forslag til nytt fjerde ledd i § 8 implisitt ligger en begrensning i forhold til det som følger av § 2, jf. kravet om at «…det ikkje kan skaffast dokumentasjon på dødsfallet som norske styresmakter godtek for å registrere dødsfallet i Folkeregisteret.» (Vår understreking). Ettersom dødsfall kun registreres i det norske Folkeregisteret dersom avdøde var norsk statsborger eller var/har vært bosatt i Norge, vil bestemmelsen begrenses tilsvarende. Etter vårt syn er det nødvendig med en slik begrensning, idet en ellers risikerer å få en utvidelse som ikke er ønskelig, og som for øvrig kan bli vanskelig å praktisere. For å unngå tolkningstvil på dette punkt, kunne man eventuelt innta en tilføyelse i § 2 annet ledd om at denne gjelder når ikke annet følger av denne lov.»

Skattedirektoratet uttaler at direktoratet ser forslaget som ei forenkling i arbeidet til folkeregisterstyresmakta med å få registrert dødsfall der ein attest med den nødvendige notoritet ikkje kan skaffast fram.

5.4 Departementet si vurdering

Departementet følgjer opp forslaget i høyringsnotatet om å endre regelen om at ein person skal reknast for å vere død når det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, jf. lov om forsvunne personar § 8. Forslaget har fått støtte i høyringa.

Gjennom forslaget til lov om forsvunne personar § 8 nytt fjerde ledd blir verkeområdet for § 8 utvida til òg å gjelde saker der personen det gjeld, ikkje er «forsvunnen», men openbert død. Det er ikkje meininga å innskrenke retten etter § 9 til å behandle reelle «forsvinningar» i land som ikkje utferdar dødsattestar som blir godtekne av norske styresmakter.

Departementet foreslår ingen endringar i reglane om jurisdiksjon i lov om forsvunne personar § 2 på bakgrunn av tilføyinga av § 8 nytt fjerde ledd. Som Oslo byfogdembete òg viser til i høyringsfråsegna si til høyringsnotatet frå departementet, er forslaget frå departementet til nytt fjerde ledd i § 8 materielt avgrensa til dødsfall som vil kunne registrerast i det norske Folkeregisteret. Det dreiar seg om ein snever spesialregel for ein spesiell sakstype, og etter departementet sitt syn er det ikkje behov for å endre § 2 på grunn av denne tilføyinga.

Ein viser elles til merknaden til føresegna.

Til forsida