Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde føresegnene

7.1 Endringar i verjemålslova

Til § 46

Endringane i andre og tredje ledd tydeleggjer at unntaka frå teieplikta for oppnemnde verjer gjeld for oppnemnde verjer både for vaksne og mindreårige, sjå punkt 4.1. Vidare inneber endringen i andre ledd at unntaka frå teieplikta berre gjeld der det er nødvendig av omsyn til personen sjølv eller nødvendig for at verja skal kunne gjennomføre oppgåvene sine på ein praktisk og formålstenleg måte. Vilkåret er basert på skjøn og må vurderast konkret. Ved vurderinga bør det takast utgangspunkt i omsynet til personen som har fått oppnemnt verje. Omsynet til å sikre tillita til verja når han eller ho opptrer som verje, og behovet for å kunne opplyse om omfanget av verjeoppdraget i samband med det, kan òg vere relevante moment.

Fylkesmannen i Rogaland meiner at føresegna bør utformast noko annleis, og viser til at ordlyden peiker to gonger på at ei opplysning om oppnemning av verje ikkje er omfatta av teieplikta. Når det gjeld dette, vil departementet gjere merksam på at opplysninga om «at en person har fått oppnevnt verge», reflekterer at det er vedteke verjemål for vedkomande etter verjemålslova § 16, eventuelt kapittel 4, mens opplysninga «om at vedkommende er oppnevnt som verge», siktar til opplysninga om kven som er verje.

Tilføyinga av eit nytt fjerde ledd inneber at brot på teieplikta etter verjemålslova § 46 kan sanksjonerast med straff for faste verjer, sjå punkt 4.2. For andre oppnemnde verjer vil brot på teieplikta som følgjer av § 46 ikkje vere straffesanksjonert. Brot på teieplikta vil likevel etter omstenda kunne vere grunn til at fylkesmannen vedtek å ta vervet ifrå verja. Den oppnemnde verja vil dessutan framleis kunne bli erstatningsansvarleg etter allmenne erstatningsrettslege reglar.

For representantar for einslege, mindreårige asylsøkjarar gjeld verjemålslova så langt ho passar, jf. utlendingslova § 98 a tredje ledd. Dette inneber mellom anna at reglane i verjemålslova om teieplikt gjeld, jf. Prop. 51 L (2011–2012) side 39. Endringsforslaga i proposisjonen her vil dermed òg få betydning for representantar for einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Til § 47

Det blir foreslått ei presisering om at opplysningsplikta til verja gjeld overfor fylkesmannen. Opplysningsplikta gjeld ikkje overfor retten i saker om fråtaking av rettsleg handleevne. Fremjar fylkesmannen sak om fråtaking av rettsleg handleevne, vil likevel fylkesmannen kunne vise til opplysningar som er mottekne frå verja.

Til § 65

Endringa i overskrifta til paragrafen tydeleggjer at det er snakk om unntak frå teieplikta som gjeld for verjemålsstyresmakta si verksemd. Endringa i første punktum tydeleggjer at unntaka frå teieplikta for verjemålsstyresmakta gjeld både overfor vaksne og mindreårige med oppnemnde verjer, sjå punkt 4.1. Vidare inneber endringa at unntaka frå teieplikta berre gjeld der det er nødvendig av omsyn til personen sjølv eller for at verja skal kunne gjennomføre oppgåvene sine på ein praktisk og formålstenleg måte. Ein viser til merknaden til § 46, der det blir foreslått ei tilsvarande endring. Andre punktum er nytt og presiserer at verjemålsstyresmakta med same avgrensing som etter første punktum kan gi opplysningar om kven som er oppnemnd som verje, og om rammene for verjeoppdraget.

Til § 69

Endringa inneber at verja ikkje lenger sjølv kan reise sak om verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna. Dersom verja meiner at det er behov for slikt verjemål, kan han eller ho ta dette opp med fylkesmannen.

7.2 Endringar i tvistelova

Til ny § 22-3 a

Første ledd i føresegna inneber at retten ikkje kan ta imot bevis frå oppnemnde verjer når dette vil krenkje den lovbestemte teieplikta etter verjemålslova § 46, sjå punkt 3.

Dette får ingen verknad for forhold som ikkje er omfatta av teieplikta. I samband med det viser ein særleg til at § 46 skal utfyllast av forvaltningslova § 13 andre ledd første punktum og § 13 a. Mellom anna gjeld avgrensingane i teieplikta der det ikkje er behov for vern, jf. forvaltningslova § 13 a, òg for oppnemnde verjer, jf. Ot.prp. nr. 110 (2008–2009) side 200.

Vilkåret for bevisforbodet er at bevisførsel vil krenkje teieplikta for verja. Etter verjemålslova § 46 tredje ledd, jf. forvaltningslova § 13 a, kan den som har krav på hemmeleghald, samtykkje til at opplysningar blir gjorde kjende for andre. Dersom samtykke blir gitt, kan ikkje den oppnemnde verja nekte å leggje fram beviset.

Andre ledd første punktum i føresegna inneber at retten ved orskurd kan avgjere om beviset kan førast i den utstrekning personen med verje ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber. Retten vil først måtte ta stilling til om dette vilkåret er oppfylt. Det sentrale vurderingstemaet vil vere om vedkomande har den nødvendige mentale kapasiteten til å kunne gi eit gyldig samtykke, og kriteriet «forstå» må ikkje tolkast strengt. Ein viser til punkt 3.3.3, 3.4.3 og 3.5.3.

For mindreårige vil vitneførsel frå den oppnemnde verja i somme tilfelle føresetje samtykke frå den som har foreldreansvaret. Der det er verja som tek avgjerder som tilkjem den som har foreldreansvaret, jf. verjemålslova § 17 andre ledd, inneber andre ledd andre punktum at avgjerda om vitneførsel i slike tilfelle i staden blir gjort av retten. Er det ikkje verja som tek avgjerder som tilkjem den som har foreldreansvaret, kjem føresegna ikkje til bruk. Andre ledd tredje punktum presiserer at den mindreårige skal ha slik medråderett som følgjer av barnelova § 31. Der den mindreårige sjølv kan samtykkje til vitneførsel, kjem andre ledd andre og tredje punktum ikkje til bruk. Endringane fører ikkje med seg nokon endringar i den retten den mindreårige har til sjølv å samtykkje etter gjeldande rett. Ein viser til punkt 3.3.2, 3.4.2 og 3.5.2.

Bevis frå ei oppnemnd verje kan vere omfatta av andre reglar om bevisforbod eller bevisfritak. Til dømes vil verja ofte vere ein nærståande av personen det gjeld, og kan ha rett til bevisfritak etter tvistelova § 22-8 og straffeprosesslova § 122. Slike grunnlag vil gjelde i tillegg til det som følgjer av den foreslåtte lovføresegna.

Teieplikta for ei oppnemnd verje kan òg ha eit dobbelt grunnlag, til dømes dersom ein advokat er oppnemnd som verje. Høvet til å føre bevis må da vurderast etter begge grunnlaga, i den utstrekning dei kjem til bruk. Agder lagmannsrett og Fylkesmannen i Rogaland stiller begge spørsmål ved føresetnaden om at ei oppnemnd verje som er advokat, allereie i eigenskap av dette vil vere underlagd reglar om teieplikt. Fylkesmannen i Rogaland viser til følgjande:

«Flere advokater tar også på seg vergeoppdrag som ikke har juridisk preg. Det vil i slike tilfeller noen ganger være tilfeldig om vergen har bakgrunn som advokat eller rørlegger. Vi tenker at reglene for hva som er taushetsbelagt bør være de samme for alle oppnevnte verger, uavhengig av profesjonsbakgrunn. I forhold til sanksjoner kan dette likevel være et moment.»

Agder lagmannsrett grunngir spørsmålet slik:

«Bevisforbudet for betroelser til advokater i tvisteloven § 22-5 gjelder den egentlige advokatvirksomheten. En advokat som møter som partsrepresentant i egenskap av oppnevnt verge, bør innenfor rammen av vergeoppdraget antas å ha samme forklaringsplikt som andre lovlige stedfortredere for personlige eller upersonlige rettssubjekter.»

I lys av dette vil departementet peike på at spørsmålet om opplysningane er omfatta av teieplikt, må vurderast konkret. At ein advokat som er oppnemnd som verje, vil vere underlagd teieplikt i eigenskap av å vere advokat, inneber ikkje at alle opplysningar advokaten får som verje, nødvendigvis er omfatta av denne teieplikta. Kva opplysningar som er omfatta av teieplikta for advokatar, må vurderast etter grunnlaget for denne teieplikta.

Departementet legg elles til grunn at teieplikta og dermed òg det foreslåtte bevisforbodet som eit utgangspunkt vil gjelde også der personen er død. Dødsfallet kan likevel ha noko å seie for vurderinga av om opplysningane er omfatta av teieplikta etter verjemålslova, og om opplysningar som i utgangspunktet er omfatta, likevel kan givast ut. Ved vurderinga vil det vere naturleg å sjå til teieplikta etter forvaltningslova og teieplikta for advokatar.

7.3 Endringar i straffeprosesslova

Til § 118 b

Første og andre ledd i føresegna svarar til ny § 22-3 a i tvistelova, med nødvendige tilpassingar. Ein viser til merknaden til denne føresegna og til punkt 3.

Etter tredje ledd gjeld reglane i straffeprosesslova § 119 tredje og fjerde ledd tilsvarande for § 118 b. Dette inneber at forbodet fell bort når forklaringa trengst for å førebyggje at nokon uskuldig blir straffa, og at dersom den som har krav på hemmeleghald, ikkje samtykkjer i at avhøyringa går føre seg offentleg, skal forklaringa berre givast retten og partane i møte for stengde dører og under pålegg om teieplikt.

7.4 Endringar i lov om forsvunne personar

Til § 8

I nytt fjerde ledd blir det foreslått ein særskilt heimel for behandlinga av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet, og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan godtakast for å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret. Føresegna er avgrensa til å gjelde for dødsfall i utlandet som skal registrerast i Noreg. Desse sakene blir i dag handterte ved ein analogisk bruk av lov om forsvunne personar § 8. Formålet med forslaget er å leggje til rette for ei meir formålstenleg behandling av desse sakene.

7.5 Til inkurieopprettingane

Til skiftelova

I skiftelova §§ 39, 42 og 43 er det vist til føresegner i lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv. Denne lova er nå avløyst av lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar. Føresegnene i § 14 andre og tredje ledd i tidlegare lov svarer til § 19 første og andre ledd i den nye lova, mens §§ 19 og 20 i tidlegare lov er flytta til arvelova §§ 75 b og 75 c, jf. Prop. 18 L (2014–2015) side 43–44. Det blir foreslått å endre tilvisingane.

Til sjekklova

I § 54 er det vist til «forretningsbank» og «sparebank». Uttrykket «forretningsbank» er ikkje ført vidare i finansføretakslova 2015. Derimot er uttrykket «sparebank» nytta. Etter finansføretakslova svarer bankar som ikkje er sparebankar, fullt ut til det som tidlegare vart kalla forretningsbankar, jf. Prop. 125 L (2013–2014) side 25. Det blir foreslått å erstatte tilvisinga til «en forretningsbank eller en sparebank» med ein generell tilvising til «foretak som har tillatelse til å drive virksomhet som bank etter finansforetaksloven».

Til arvelova

I § 72 blir det vist til lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv. § 18. Denne lova er nå avløyst av lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar, og den aktuelle føresegna vart flytta til arvelova § 75 a, jf. Prop.18 L (2014–2015) side 28 og 44.

Til pantelova

Da § 5-7 femte ledd vart sjette ledd ved ei endring ved samvirkelova 2007, vart ikkje tilvisinga i § 5-8 endra tilsvarande.

Til rettshjelpslova

I § 16 første ledd nr. 1 er det vist til lov 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner, som vart oppheva av forsvarslova 2016. Fritak frå teneste i Forsvaret av samvettsgrunnar er nå teke inn i forsvarslova kapittel 4.

Til straffeprosesslova

I § 119 første ledd er det tala om «statskirken». Etter at Den norske kyrkja vart eit eige rettssubjekt ved lov 2016 nr. 17, er det betre å tala om «Den norske kirke».

Til dekningslova

«Tredjemann» vart endra til «tredjeperson» ved lov 1999 nr. 72 for å gjera språket i dekningslova meir kjønnsnøytralt. Ein oversåg eit tilfelle i § 5-13.

Til inkassolova

I § 4 fjerde ledd er det vist til finansieringsverksemdslova 1988, som no er erstatta av finansføretakslova 2015.

Til naturskadeforsikringslova

I § 4 andre ledd første punktum blir det foreslått å endre «Statens naturskadefond» til «Landbruksdirektoratet». Landbruksdirektoratet tok over ansvaret for handsaminga av statlege naturskadeerstatningssaker da naturskadeerstatningslova 2014 tredde i kraft 1. januar 2017. Den statlege ordninga for naturskadeerstatning blir ikkje lenger omtala som eit fond.

Til tvangsfullføringslova

I punktoppstillinga i § 4-1 andre ledd har det vorte ein del feil i teiknsettinga ved tidlegare endringar.

I § 10-4 tredje ledd og § 10-7 andre ledd blir det vist til avsnitt V. Dette vart ikkje justert da nytt avsnitt V kom inn ved lov 2015 nr. 4 og føresegnene i avsnitt V vart flytte til avsnitt VI.

Til finansavtalelova

I § 35 sjette ledd tredje punktum blir det vist til definisjonen av elektroniske pengar i finansieringsverksemdslova 1988, som nå er avløyst av finansføretakslova 2015. Det blir foreslått at ein i staden visar til definisjonen der.

Til straffelova

Høvet etter § 53 fjerde ledd til å gje bot på vilkår når gjerningspersonen er under 18 år, vart føya til ved lov 2012 nr. 6. Ved ein inkurie manglar ei tilvising til § 39, som regulerer konsekvensar av brot på vilkåra. Til samanlikning syner § 60 om straffutmålingsutsetting til § 39. Det blir foreslått å presisere i § 53 fjerde ledd at § 39 gjeld tilsvarande så langt den passer.

I § 60 tredje ledd andre punktum er det vist til § 39 andre ledd fjerde punktum. Tilvisinga vart ikkje justert da § 39 andre ledd fekk eit nytt tredje punktum ved lov 2008 nr. 47 slik at fjerde punktum vart femte punktum.

I § 211 første ledd er det tala om «statskirken». Etter at Den norske kyrkja vart eit eige rettssubjekt ved lov 2016 nr. 17, er det betre å tala om «Den norske kirke».

Til tvistelova

I § 22-5 første ledd første punktum er det tala om «statskirken». Etter at Den norske kyrkja vart eit eige rettssubjekt ved lov 2016 nr. 17, er det betre å tala om «Den norske kirke».

Til verjemålslova

I § 36 tredje ledd første punktum blir ein stavefeil foreslått retta.

Til lov 20. januar 2012 nr. 6 om endringer i straffeloven, straffeprosessloven, straffegjennomføringsloven, konfliktrådsloven m.fl.

Dei føresegnene i del II og del III som ikkje alt er sette i kraft, skal ikkje setjast i kraft. For del II gjeld det endringar i den gamle strafferegistreringslova 1971 og for del III endringar i den gamle likningslova 1980.

Til forsida