Prop. 60 L (2020–2021)

Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Heva strafferamme for ulovleg opphald etter utvising grunna straff

Arbeidet med å returnere utlendingar utan opphaldsløyve er ressurskrevjande og i somme tilfelle fånyttes. Tvungen iverksetting av eit vedtak om utvising krev at føresetnadene for retur er til stades. I mange tilfelle bidrar ikkje utlendingen til iverksetting, til dømes ved ikkje å opplyse om eller avklare identitet og ikkje leggje fram ID-dokument. Ein del utlendingar går også i skjul for å unndra seg uttransportering. I slike tilfelle vil det kunne ta lang tid før ein oppnår sikker identifikasjon og kan gjennomføre uttransport. Somme returland vil heller ikkje ta imot personar som ikkje reiser frivillig.

Utlendingar som det av ulike årsaker ikkje har vore mogleg å uttransportere blir ofte verande i Noreg, utan moglegheit til å livnære seg legalt. Særleg blant dei som er utvist på grunn av straff, er det stor sannsynlegheit for vidare kriminell verksemd. At denne gruppa er ei stor kriminalitetsutfordring vert også støtta av talet pågripne som Oslo Politidistrikt opererer med, der det inngår mange «gjengangarar».

Oslo Politidistrikt, Politiets utlendingsenhet (PU) og Politidirektoratet har gjeve uttrykk for at vanskar med å setje i verk utvisingsvedtak og effektivt sanksjonere manglande etterleving av utvisingsvedtak, svekkjer den preventive effekten av utvisingsinstituttet og gjer det vanskelegare å førebyggje og forfølge kriminalitet. Erfaringar frå Oslo politidistrikt viser at om lag 40 % av alle innbringingar og pågripingar (inkvireringar) i 2019 gjaldt utanlandske statsborgarar. 143 pågripne utlendingar hadde eit utvisingsvedtak, 93 av dei med grunnlag i ilagt straff. I 2018 vart 269 utviste utlendingar pågripne i Oslo, av desse var 182 utviste med grunnlag i straff.

Både Oslo politidistrikt og PU teiknar eit bilete av at kriminelle utlendingar som ikkje forlet landet og i tillegg motarbeider tvangsretur, er ei stor utfordring. Dersom utlendingar som kjem til Noreg opplever at ein kan trasse eit utvisingsvedtak utan å bli tvangsreturnert og utan å bli møtt med særleg avskrekkande straffereaksjonar, er det grunn til å tru at gruppa med utviste kriminelle utlendingar i alle fall ikkje vert mindre.

At utviste utlendingar etterlever utreiseplikta og returnerer til heimlandet er særs ressurssparande og kriminalitetsførebyggjande. Departementet meiner at ei heva strafferamme vil gjere at fleire vel å returnere til heimlandet framfor å opphalde seg ulovleg i Noreg.

2.2 Val av straffereaksjon ved brot på innreiseforbod

Praksis frå EU-domstolen viser at det ved tolkinga av returdirektivet skal leggjast stor vekt på at bruk av fengselsstraff ikkje må forseinke eller vanskeliggjere utsending av ein tredjelandsborgar frå Schengen-området i strid med direktivet sitt føremål om ein effektiv returprosess. Departementet meiner det er naudsynt med visse endringar i den norske regelen om straff for brot på innreiseforbod, for å sikre at bruk av fengselsstraff ikkje motverkar effektive returprosessar. Konkret gjeld dette overfor tredjelandsborgarar som ikkje er straffa for andre forhold enn ulovleg opphald, ikkje har opphaldsløyve i eit anna Schengen-land, og som ikkje har vore ute av Schengen-området før dei ulovleg vender tilbake til Noreg. I slike tilfelle bør norsk rett fastsetje at det ikkje skal nyttast fengselsstraff med mindre prosedyrane i returdirektivet har vore forsøkt «anvendt».