Prop. 60 L (2020–2021)

Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)

Til innhaldsliste

5 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotatet å heve strafferamma for ulovleg opphald som finn stad etter at ein utlending har blitt utvist på grunnlag av ilagt straff eller særreaksjon, til bot eller fengsel i inntil to år. Det vart lagt til grunn at Noreg folkerettsleg står fritt til å fastsetje ei høgare strafferamme for denne gruppa. Departementet foreslo ikkje ei heving av strafferamma for utlendingar som er utvist på grunn av brot på utlendingslova, dvs. tilfelle som er omfatta av returdirektivet. Ein utlending som er utvist både på grunn av straff og for brot på utlendingslova, vil derimot vere omfatta av den heva strafferamma.

Departementet presiserte vidare at ein utlending som er utvist på grunn av brot på utlendingslova, men seinare vert straffa medan han oppheld seg ulovleg i Noreg, i utgangspunktet ikkje vil vere omfatta av den heva strafferamma. I slike tilfelle vil imidlertid utlendingsstyremaktene kunne fatte eit nytt vedtak om utvising, med straffedommen som grunnlag. Ulovleg opphald etter det nye utvisingsvedtaket vil då vere omfatta av den heva strafferamma.

I høyringsnotatet vart det understreka at intensjonen med forslaget om høgere strafferamme er at også det faktiske straffenivået skal bli vesentleg heva. Dette er ein føresetnad for at den preventive effekten skal bli realisert. Departementet peika i høyringsnotatet på kva for omstende som kan tale for redusert eller skjerpa straff. Skjerpande omstende kan til dømes vere at utlendingen vert dømt for ulovleg opphald fleire gongar eller at utlendingen aktivt har motarbeidd retur. Departementet understreka at det ikkje skal leggjast vekt på kva for straffbare handlingar som ligg til grunn for utvisingsvedtaket. Utlendingen har allereie blitt straffa for desse handlingane, og det er det ulovlege opphaldet som ligg til grunn for straff etter utlendingslova § 108. Departementet nemnte at også graden av skuld for det ulovlege opphaldet kan vere eit relevant straffutmålingsmoment. I praksis vil det imidlertid sjeldan forekomme at ulovleg opphald, i alle fall ut over det heilt kortvarige, ikkje vil vere forsettleg eller i det minste grovt aktlaust.