Prop. 60 L (2020–2021)

Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein direkte konsekvens av heva strafferamme og høgare straffenivå for ulovleg opphald vil naturleg nok vere auka tid som skal sonast i fengsel, og dermed auka ressursbruk i kriminalomsorga med moglegheit for soningskø. Innsette som sonar for brot på utlendingslova vert som oftast plassert i einingar med høgt tryggleiksnivå. Ein heilårsplass på dette tryggleiksnivået kostar i gjennomsnitt rundt ein million kroner i året. Lovforslaget kan difor potensielt ha vesentlege kostnader for kriminalomsorga.

Kriminalomsorga uttaler i sitt høyringsinnspel at dei mest sannsynleg vil sjå ei «opphopning» som følgje av lengre straffer. Dei jamfører dette med situasjonen etter at strafferamme på brot på innreiseforbod vart heva. Når det gjeld nærare berekning av kor mange som kan bli omfatta av endringa viser Kriminalomsorga til at dette er vanskeleg å føreseie, og viser blant anna til at FAFO, Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) oppgjev svært ulike tal – alt mellom 5000 og 20 000 – på kor mange utlendingar som truleg oppheld seg ulovleg i Noreg. Departementet påpeiker for ordens skuld at langt frå alle som er i Noreg ulovleg, vil bli omfatta av straffeskjerpinga. Eit mindretal er utvist på grunn av fengselsstraff, og det vil heller ikkje vere aktuelt for påtalemakta å strafforfølgje alle tilfelle ein måtte bli kjend med.

I 2018 og 2019 vart høvesvis 55 og 25 personar ilagt straff for ulovleg opphald. Det er ikkje klart kor mange av desse sakene som ville vore omfatta av den foreslegne strafferamma. I lys av at eit ukjent antal personar oppheld seg ulovleg i Noreg, må det leggjast til grunn at det er eit visst potensiale for vesentleg fleire straffesaker enn kva som har vore vanleg, dersom slike saker i større grad vert prioritert. I så fall vil dette, isolert sett, medføre auka ressursbruk i heile straffesakskjeden, også for påtalemakta og domstolane.

Utlendingsforvaltninga kan også bli påverka ved at det i somme saker – for at utlendingen skal vere omfatta av den nye strafferamma – vil vere aktuelt å fatte nytt vedtak om utvising som følgje av fengselsstraff etter eit tidlegare vedtak om utvising på grunn av brot på utlendingslova.

Samla sett er det vanskeleg å berekne kva for konsekvensar forslaget vil få. Erfaringane frå straffeskjerpinga i 2014 for brot på innreiseforbod, tyder på at det på kort sikt vert fleire straffesaker og fleire soningsdøgn. Samstundes har det, etter straffskjerpinga, vore ein vesentleg reduksjon i talet på registrerte brot på innreiseforbod. I seinare tid har også talet på innsette som sonar for brot på innreiseforbod, gått klart ned. Dette støttar hypotesen om at ressursbruken over tid vil gå ned, sjølv om det vil ta noko tid før effekten når kriminalomsorga. Kriminalomsorga viser også i sitt høyringsinspel til nedgongen i antalet brot på innreiseforbod dei siste åra, og meiner på bakgrunn av dette at det vil ta om lag fire år før ein effekt av skjerpinga resulterer i færre innsette.

Dersom fleire straffedømte etterlever utreiseplikta, vil ein unngå kriminaliteten ein del av desse elles ville utført. Det vil redusere ressursbruken i straffesakskjeden og, ikkje minst, spare samfunnet for dei store ulempene og kostnadene med kriminalitet. At utreiseplikta vert etterlevd i større grad vil også medføre redusert ressursbruk for blant andre politiet, til ID-arbeid, tvangsreturar, interneringssaker m.m. Denne vinsten er svært vanskeleg å estimere, men det er gjort analysar som viser at rask retur av straffa utlendingar er svært lønsamt for samfunnet (jf. Evaluering av returarbeidet i politiet, Delrapport II – effekten av retur, Politidirektoratet 2014 og Returarbeidet i politiet – en analyse av utvikling fra 2011/2012 til 2015, fordeling og kostnadsprofil, A-2 Norge/Politidirektoratet 2017).

Politi og påtalemakt må også vurdere i den einskilde saka om det er meir tenleg å iverksetje retur – dersom tilhøva ligg til rette for det – enn å ta ut påtale for ulovleg opphald. Dette gjer også at konsekvensane er vanskelege å føreseie.

Trass utgiftene til fleire soningsdøgn og fleire straffesaker m.m., finn departementet det sannsynleg at lovendringa på sikt vil ha konsekvensar som i sum inneber ein økonomisk og administrativ vinst for samfunnet. Departementet legg til grunn at strengare straffer vil ha ein preventiv verknad. Det er grunn til å tru at det på sikt vil vere færre tilfelle av ulovleg opphald og dermed færre straffesaker knytt til dette.

Lovforslaget knytt til val av straffereaksjon ved brot på innreiseforbod gjeld ei snever gruppe typetilfelle og vil ha positive eller marginale økonomiske og administrative konsekvensar.

Eventuelle meirutgifter dekkjast innanfor Justis- og beredskapsdepartementet sine gjeldande budsjettrammer.