Prop. 60 L (2020–2021)

Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)

Til innhaldsliste

6 Synet til høyringsinstansane

Politiets sikkerhetstjeneste og Riksadvokaten støttar lovforslaget til departementet.

Advokatforeningen støttar i hovudsak departementet sitt forslag, men meiner at strafferamma berre bør hevast til bot eller fengsel i inntil 1 år, då 2 år ikkje er i samsvar med strafferamma for andre og meir alvorlege handlingar. Advokatforeningen meiner Noreg bør leggje seg på same straffenivå som Sverige, der strafferamma er 1 år.

Den norske dommerforening viser til at departementet foreslår same strafferamme for den som er utvist på grunn av straffbare handlingar som for den som bryt eit innreiseforbod, og støttar dette:

«Dommerforeningen er enig med departementet […] i at det er naturlig at strafferammen er lik for disse overtredelsene.»

Dommerforeningen har ikkje innvendingar mot at forarbeida peikar på kva som bør være normalstraffa, men understrekar samstundes at lovgjevar bør vere atterhalden med å gå så detaljert inn i straffutmålinga at domstolene tvingast til skjematisk straffutmåling:

«Etter Dommerforeningens syn bør man ta vare på og videreføre den tradisjonen som vi har hatt i Norge i lang tid, der det overlates til domstolene med Høyesterett i førersetet å fastlegge straffenivå og å utmåle straff innenfor nokså vide strafferammer. Domstolene har vært meget lydhøre for de signaler om straffenivå og straffutmåling som lovgiver har gitt i forarbeider, se for eksempel Rt. 2015 side 51 avsnitt 16 og 17 om betydningen for domstolene av lovgiverens detaljerte anvisninger ved hevingen av strafferammen for ulovlig innreise.
Tross den generelle uttalelsen på side 14 i høringsnotatet, som sitert ovenfor, går departementet i høringsnotatet på side 15–16 nokså langt både i å angi kva normalstraffenivået bør være og hvilken vekt ulike straffutmålingsmomenter bør tillegges.
I lys av at formålet med lovendringen er å heve straffenivået for å oppnå en preventiv effekt og derved stimulere til frivillig utreise etter utvisning, har Dommerforeningen ikke innvendinger mot at forarbeidene gir anvisning på hva normalstraffenivået er ment å være, men vil oppfordre til tilbakeholdenhet med å gi detaljerte retningslinjer ut over dette. Den konkrete utmåling av straff foretas best i domstolen som får belyst alle sider av saken. Domstolene bør ikke tvinges til skjematisk straffutmåling.»

Rettspolitisk forening støttar ikkje høyringsforslaget, fordi ei heving av strafferamma har mange og alvorlege konsekvensar for dei det gjeld. Forslaget gjenspeglar etter foreininga si meining ikkje straffverdigheita av handlinga samanlikna med straffebrot som har langt større samfunnsmessige utfordringar, slik som heleri, skattesvik og bedrageri. Rettspolitisk forening meiner at det ved straffutmålinga må leggjast vekt på skuldgraden, slik at det mellom anna blir mildare straff om utlendingen ikkje aktivt unndrar seg utreise. Foreninga meiner at det ikkje er riktig at alle utlendingar kan returnere om dei berre ønskjer det, og at det er uheldig om skuldgraden i dei fleste tilfelle ikkje skal ha tyding for straffutmålinga. Å skilje mellom forsett og aktløyse vil vere i tråd med alminnelege prinsipp for utmåling av straff. Rettspolitisk forening ønskjer også at departementet vurderer nærare om forslaget kan vere i strid med føremålet bak returdirektivet.

Amnesty International tykkjer også den foreslåtte strafferamma er uforholdsmessig sett hen til lovbrotet sin karakter, og viser i den samanheng til den svenske ordninga med å vektleggje alvoret av det opphavlege lovbrotet i tillegg til lengda av det ulovlege opphaldet. Amnesty International er også tvilande til at forslaget kjem til å få stor preventiv effekt, og meiner det ikkje er lagt fram tilstrekkeleg forsking eller empirisk statistikk som viser at lengre fengselsstraffer gjev reduksjon av personar med ulovleg opphald. Amnesty International meiner at sjølv om forslaget etter deira oppfatting ikkje er i direkte strid med returdirektivet, vil det overordna målet med direktivet om ein effektiv returpolicy framleis vere forpliktande.

JussBuss meiner at departementet sitt forslag inneber eit brot på prinsippet om likehandsaming i strafferetten, ved at ei utvald gruppe utlendingar med ulovleg opphald (utviste pga. straff) i Noreg kan ileggast ei vesentleg strengare straff enn andre. JussBuss meiner også at forslaget er i strid med føremålet bak returdirektivet.

Politidirektoratet (POD) har fått innspel til høyringsnotatet frå Politiets utlendingsenhet og politidistrikta Agder, Møre og Romsdal, Innlandet, Nordland, Vest, Øst og Oslo. POD støttar forslaget om heva strafferamme, som etter deira meining vil gje betre samanheng mellom dei to sidene av eit vedtak om utvising: utreiseplikt og innreiseforbod. Agder politidistrikt meiner forslaget vil harmonisere reglane på feltet og motivere til å ta tak i sakene. Vest politidistrikt uttaler at dei i liten grad har straffeforfølgt ulovleg opphald, noko som mellom anna kan skuldast at dette i praksis har blitt vurdert å få liten innverknad på straffutmålinga i tilfelle kor utlendingen uansett straffast for andre lovbrot.

POD peiker på at den nye regelen om heva strafferamme berre vil gjelde for dei som blir utvist på grunn av straff. I eit tilfelle kor politiet pågrip ein utlending som har hatt langvarig ulovleg opphald og mistenker utlendingen for andre straffbare forhold, vil det kunne ta tid før utlendingen blir straffa og kan utvisast på grunn av ilagd straff. I mellomtida er det berre mogleg å utvise for ulovleg opphald, og brot på utreiseplikta i denne mellomperioden vil som utgangspunkt berre kunne straffast med bøter, jf. utlendingsforskrifta § 18-14.

Fleire av instansane i politiet, til dømes Oslo politidistrikt og PU, kjem også med innspel til ordlyden i lovforslaget, og ønskjer blant anna at samanhengen mellom den nye regelen og § 108 andre ledd bokstav a skal kome klarare fram.

POD legg til grunn at berre ulovleg opphald etter ikrafttredinga av ny strafferamme vil bli råka av ei heva strafferamme, og etterlyser ei presisering i forarbeida.

Utlendingsdirektoratet (UDI) deler departementet si vurdering av at heving av strafferamma kan motverke ulovleg opphald og førebyggje kriminalitet. UDI meiner det bør gå tydelegare fram av ordlyden kva for grunnlag utlendingen kan vere straffa og utvist på. UDI ønskjer også at departementet presiserer om forslaget omfattar vedtatt forelegg.

Domstolsadministrasjonen peikar på at dei nye reglane kan føre til ein auke i talet på straffesaker i alle fall på kortare sikt, og at dette kan føre til lengre sakshandsamingstid for straffesakene sett under eitt. Samtidig seiast følgjande:

«Det fremgår videre i høringsnotatet at soning for ulovlig opphold etter utvisning muligens kan medføre færre interneringer på utlendingsinternatet i medhold av utlendingsloven § 106, og at dette vil frigjøre kapasitet for blant annet PU. En annen effekt av færre interneringer er at det må avholdes færre rettsmøter for forlengelse i domstolen. Det bemerkes at det er domstoler i tilknytning til utlendingsinternat som behandler disse begjæringene i dag, slik at det eventuelt vil bli et fåtall domstoler som får en mindre belastning, mens en antatt økning i antallet straffesaker må antas å bli landsdekkende.»

Fleire høyringsinstansar hadde kommentarar knytt til dei økonomiske og administrative konsekvensane av heva strafferamme. Advokatforeningen nemner at ei heva strafferamme vil vere ressurskrevande og auke kostnadene for kriminalomsorga. Rettspolitisk forening viser også til at midla som brukast på fengselsplassar i staden kunne vore brukt på å effektuere utvisingsvedtak. Forslaget vil etter Rettspolitisk forening si oppfatting vere kostbart og medføre lengre soningskøar. Domstolsadministrasjonen viser til at fleire straffesaker vil medføre lengre sakshandsamingstid, med mindre domstolane sine budsjett aukar. POD peikar på både ein auke i talet på straffesaker og at utlendingsforvaltinga kan få ein auke i saker om utvising, då det kan bli behov for vedtak om utvising på nytt grunnlag. POD reknar med at forslaget vil få positive samfunnsøkonomiske konsekvensar viss fleire kriminelle reiser tilbake til heimlandet. Kriminalomsorgen gjev i sitt høyringsinnspel ei oversikt over det dei meiner er dei potensielle kostnadene ved forslaget, nærare omtalt i punkt 8.